KYSTPILEGRIMSVANDRING: I arbeidet med å blåsa nytt liv i kystpilegrimsleia blir det lagt opp til ein kombinasjon av pilegrimsvandring til sjøs og av å gå til fots. Her frå Kinn i Sogn og Fjordane.

Full mobilisering for stille ferdsel

I fjor blei den nasjonale kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim offisielt opna. No startar satsinga for fullt.

Publisert Sist oppdatert

– Interessa og engasjementet for kystpilegrimsleia er veldig stort, seier Lasse Sandø, som ut året er engasjert som prosjektleiar for «Kystpilegrimsleia over i ein ny fase».

Målet er at prosjektet innan utgangen av året skal koma fram til ein finansieringsmodell og driftsmodell for fire til tre regionale pilegrimssenter langs leia.

Sjølv om Sandø har kontor ved Nasjonalt pilegrimssenter i Trondheim, er det framleis fylkeskommunane og bispedøma frå Egersund til Trondheim som har ansvaret for prosjektet gjennom ei eiga styringsgruppe.

På dagsorden politisk

Kor dei regionale pilegrimssentera skal liggja, er det i stor grad opp til fylkeskommunane og kommunane å bestemma.

Saka er allereie i ferd med å bli sett på dagsorden politisk. Bakgrunnen er at det nyleg er sendt ut forslag til ein nasjonal langtidsplan for pilegrimssatsinga for dei neste 18 åra. Kystpilegrimsleia er eitt av satsingsområda.

I planen blir det føreslege å etablera fire regionale kystpilegrimssenter langs leia etter modell frå Gudbrandsdalsleden. Onsdag 10. april møtest politikarar frå Hordaland og Sogn og Fjordane som har vore involverte i arbeidet med kystpilegrimsleia til eit felles møte. Det er venta at det då vil koma nokre signal om nye Vestland fylke bør ha eitt eller to regionale pilegrimssenter.

I slutten av april blir saka tema på møtet til utval for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Deretter går saka vidare til fylkesutvalet i byrjinga av mai.

Hordaland fylkeskommune har enno ikkje sett saka på det politiske sakskartet, mens Rogaland fylkeskommunen for lengst på har peikt ut Avaldsnes som ein naturleg stad for eit regionalt pilegrimssenter

Viktig med ­lokal ­forankring

PåDRIVAR: Lasse Sandø er prosjektleiar for «Kystpilegrimsleia over i ein ny fase».

Han seier vidare at pilegrimssentera ikkje først og fremst er tenkt som ein stad folk skal reisa til. Mange av oppgåvene vil ifylgje prosjektleiaren dreia seg om informasjon, kommunikasjon og det å koordinera pilegrimsarbeidet.

Personleg meiner han det er naturleg å sjå plasseringa av dei regionale pilegrimssentera i samband med andre tilbod innan kultur- og reiseliv.

Første bodet er likevel å få finansieringa på plass. Dei årlege driftskostnadene er rekna til to millionar kroner. Målet er få satsinga inn på statsbudsjettet og at staten står for 60 prosent av utgiftene og at resten blir fordelt mellom fylkeskommunane og kommunane.

Nytt liv i gammal arv

I langtidsplanen for pilegrimssatsinga blir det peikt på at St. Olavs leia langs kysten historisk sett var den mest brukte ferdselsåra for pilegrimane til Nidaros.

– Ser ein tilbake, var kysten riksveg nummer ein, seier Sandø.

Han har stor tru på å relansera denne måten å bevega seg på, men trur moderne pilegrimar vil føretrekkja å ta seg fram på litt andre måtar enn kystpilegrimane gjorde i mellomalderen.

– Vi ser føre oss ei blanding mellom offentleg transport og å gå. Enkelte snakkar også om å sykla. Det tenkjer eg er fullt mogleg.

Sjølv om hurtigbåt truleg blir eit vanleg transportmiddel for moderne kystpilegrimar, blir det også lagt opp til at folk skal kunna ro eller segla delar av leia.

– I mange kystlag er det stor interesse for dette, og vi har allereie gjort ein intensjonsavtale med Forbundet Kysten. På store delar av strekningane vil ein kunna setja opp langruter eller fleire kortruter. Fleire kystlag har sagt at dei er interesserte i dette.

Kyrkje, kultur og ­turisme

Langs alle pilegrimsleiene i Noreg er det fullt av kulturminne og historiske fotefar. I langtidsplanen for pilegrimssatsinga blir det teke til orde for eit endå tettare samarbeid mellom kyrkje og kultur. I arbeidet med kystpilegrimsleia er det til dømes valt ut 26 nøkkelstader som skal bidra til å gjera leia til ei samanhengande reise mellom kulturminne og heilage stader.

Pilegrimssatsinga blir også knytt tett opp til turisme. Reiselivsnæringa er difor ein viktig samarbeidspartnar. Dette samarbeidet er noko Sandø har store forventningar til.

Prosjektleiaren har også stor tru på kystpilegrimsleia som ei oppleving for kvar einskild.

VIKTIG STOPPESTAD: Olavskyrkja på Avaldsnes er ein av dei utvalde stoppestadane i den nasjonale kystpilegrimsleia. Rogaland fylkeskommune har allereie peikt ut staden som ein naturleg plass å etablera eit regionalt pilegrimssenter.
Powered by Labrador CMS