KVILEPAUSE: – Eg prøver å tenke at Gud har gitt meg ein kvilepause og at eg kan vere takknemleg. I denne pausen ber Han meg i armane sine medan Han spring vidare, seier Saltbones.
Torunn Haraldsen
– Gud, legen og kroppen har gitt meg arbeidsforbod
Sina Saltbones vart kåra til årets modigaste kvinne. Så ramma sjukdomen.
To bratte trapper fører opp til Sina Saltbones (45) si leilegheit i Vågsbygd i Kristiansand. Altfor bratte trapper for ein person med diagnosen ME, som Saltbones har hatt sidan 2013. Men leilegheita kom før sjukdomen, og lite kan gjerast med det no.
Sjukehus og traumebehandling
Mange kjenner Saltbones som grunnleggar og leiar av Brave Heart. I sju år har ho saman med Stephen Kaumba hjelpt flyktningar i Irak, Zambia og Uganda som har skade på kropp og sjel. For tre år sidan vart ho kåra til «Årets modigste kvinne 2015» av kvinnebladet Tara.