NYTT TRUGSMÅL: C. S. Lewis meinte atombomba ikkje representerte noko genuint nytt i livsvilkåra for mennesket. Biletet er frå den første kinesiske prøvesprenginga i 1965.
AP/NTB Scanpic
Håpet i skuggen av atombomba
Eit over 70 år gammalt essay av C. S. Lewis har fått fornya merksemd under koronakrisa.
På verdas mest populære podkast, «The Daily» frå New York Times, var det eit avsnitt av Lewis som nyleg avslutta ein episode om lyspunkt i kvardagen i ei alvorleg tid. Sjefredaktør Dean Baquet las eit utdrag frå «On Living in an Atomic Age» (Om å leve i atomalderen).
«Tru meg, kjære herre eller frue, du og alle som du er glad i, var allereie dømt til døden før atombomba var oppfunnen, og ein ganske stor prosentdel av oss skulle døy på utrivelege måtar», las Baquet.
Det er knapt overraskande at fleire kristne skribentar har leita fram igjen eit essay av det som vert rekna som den kanskje største kristne apologeten på 1900-talet. Men det er kanskje meir uventa av sjefredaktøren i klodens mest prestisjetunge avis, med ein verdiliberal profil, gjer det same.