– Israel er ikkje eit offer
Den israelske forfattaren David Grossman ønskjer at bøkene hans skal vere som ei ørn som set klørne i nakken din og løftar deg opp.
Israelske David Grossman blei født 300 meter frå den palestinske grensa.
– Tenk viss eg hadde blitt født på den andre sida? Eg hadde skrive heilt andre bøker, seier den prislønte forfattaren.
Grossman er i Noreg for å lansere romanen «En hest kommer inn på en bar» som no er omsett til norsk. I fjor fekk han den høgthengande Booker-prisen for boka der handlinga utspelar seg som eit stand-up show i den israelske kystbyen Netanya. Eit dårleg stand-up-show.
– Det er vanskelegare å skrive dårleg stand-up enn god. På same måte er det lettare å skrive ein likande karakter, enn ein ufyseleg, men det blir fort mindre interessant. Eg vil heller bli skubba vekk, og så gradvis bli betre kjent, forklarer han.
Smug-substans
Og det er akkurat det som skjer når lesaren møter Dovaleh G, den israelske stand-up-komikaren som byr på platt humor og kvasse stikk til publikum. Ein av dei som sit i salen denne kvelden, er den spesielt inviterte barndomsvenen og tidlegare dommaren Avishai Lazar. Heile handlinga spinn rundt stand-up-framsyninga, som etter kvart viser seg å vere meir enn ein kveld med lettfordøyeleg underhaldning.
– Trøtte, håplause israelarar kjem til stand-up-framsyninga, dei treng å tømme tankane. Så viser det seg at Dovaleh kanskje brukar det vulgære og brutale for å dekke over det sårbare. Publikum vil eigentleg ikkje ha livshistoria hans, men Dovaleh finn balansen mellom å fortelje vitsar og å smugle inn dramatisk info, fortel Grossman.
Han trur dette er noko vi kan kjenne igjen på fleire hald i dagens samfunn.
– Vi rømmer vekk frå det substansielle og let oss drage inn i det underhaldande. Massemedia gjer menneske om til masser, og nokre gonger til ein mobb.
Bedøvande likesæle
Utan å avsløre korleis kvelden endar, handlar romanen om kva som kan skje når ein blir opplært til å vere likegyldig til andre si smerte.
– Det blir ei sofistikert form for ondskap. Viss du ikkje tillet deg sjølv å kjempe for empatien, då står du i fare for å utføre vondskap. Vi kan vel alle kjenne oss igjen i at vi nokre gonger har valt å sjå den andre vegen fordi det har vore meir behageleg å sleppe å ta inn over oss andre si smerte.
Romanen er no omsett til 30 språk. Eit teaterstykke basert på boka har hatt over 200 framsyningar i Israel. Til helga er det premiere på ein ny dramatisert versjon på ei scene i Wien.
Traumer formar
David Grossman høyrde historia som romanen er basert på for over 30 år sidan. Han klarte aldri å sleppe tak i den. Han ønskjer å vise fram at Dovaleh kunne ha vore ein annan person dersom han ikkje hadde blitt traumatisert. Det same tenker han om heimlandet Israel.
– Israel kunne også hatt eit anna og betre liv, men må leve i ein parallell, seier han.
Han har sjølv kjent på kostnaden av å leve i eit land som ikkje blei slik det var tenkt. I 2006 mista han sonen Uri under krigskampane mellom Israel og Libanon.
– Tapet av Uri vil forme alle historier eg skriv.
Farleg nabolag
– Du er sjølv ein pådrivar for at krigføringa må ta slutt. Kva seier du til dei som meiner at Israel har vore og er eit offer, og derfor har rett til å forsvare seg?
– Ein del av tragedien er at begge sider ser på seg sjølv som eit offer. Ja, vi var eit offer for Holocaust. Israel blei skapt for at vi jødar aldri skulle bli offer igjen. Dagen etter at vi blei ein sjølvstendig stat, blei vi angripne av seks land. Det er eit mirakel at vi har overlevd. Vi er i fare, for Midtausten er eit farleg nabolag. Men vi er likevel ikkje eit offer. I dag har vi ein sterk hær, støtte frå stormaktene, og likevel ser vi på oss sjølve som hjelpelause offer, seier Grossman.
Han meiner at dersom militær styrke er det einaste Israel har å lene seg på, vil det gå gale. Samtidig trur han det ikkje er håp om fred før arabarane anerkjenner opphavet til jødane.
– Dei arabiske landa ville aldri ha oss der, dei har alltid sett på oss som ei forlenging av det imperalistiske Vesten. Då misforstår dei oss. Det var ikkje Vesten som sende oss dit. Det var der vi oppstod. Som land, som kultur, som språk, som religion. Vi kan ha ein formell avtale, men det kan ikkje bli reell fred før arabarane innser opphavet vårt.
Trykk-kokar
– Er det dei indre eller ytre spenningane som er den største trusselen for Israel i dag?
– Begge deler. Men trykket frå utsida er kanskje det som hindrar innsida frå å kollapse, seier Grossman.
Forfattaren trur at folk kvar dag blir freista til å gå i ekstreme retningar som fascisme og rasisme fordi det forenklar ei komplisert verd.
– Det blir lettare når ein berre kan tenke at vi er englar, og dei er djevlar. Men farlegare.
Halv røynd
Grossman synest det ser vanskelegare ut enn nokon gong å finne ei løysing for Israel. Likevel vel han å framleis bu i heimlandet, trass mange tilbod om å flytte utanlands for å få engasjement på diverse universitet.
– Eg vil ikkje ta frå meg sjølv denne uuthaldelege plassen. Det er framleis eit håp. Tenk, staten blei etablert berre tre år etter Holocaust. Sjå på alt vi har fått til sidan den gong. Israel er eit mirakel mot alle odds. Men den einaste vegen til heling er å gjere slutt på all krig og okkupasjon. Vi har mista eit spor som kunne vore så rikt.
Kva temaet for ei eventuell neste bok blir, er Grossman usikker på. Men ein ting er sikkert, han er oppteken av å ikkje bli hengande igjen i eit koagulert israelsk narrativ.
– Vi må ikkje fryse fast i vår eiga historie, då ser vi berre halve røynda. Røynda inneheld også historia til fienden.