Israelarar på veg med koronavaksine
Eit israelsk institutt har i fire år jobba med ein vaksine som ein meiner kan verte tilpassa konronaviruset, melder Times of Israel.
Vaksinen skal vere klar til testing i løpet av dei næraste vekene. Det vil likevel ta månader før han eventuelt kan vere tilgjengeleg for folk på grunn av byråkratiske prosessar og godkjenningsprosedyrar.
Dempar forventningar
Ifølgje Chen Katz ved det offentleg finansierte Migal Galilee Research Institute kan vaksinen gjerast effektiv overfor fleire forskjellige virus. Arbeidet var med andre ord kome langt før den pågåande pandemien dukka opp. No arbeider folk ved instituttet med å tilpasse vaksinen til koronaviruset.
I førre veke skapte det overskrifter at vaksinen kunne vere klar i løpet av tre månader. Det førte til at direktøren for internasjonale relasjonar i det israelske helsedepartementet åtvara mot falske forhåpningar.
Entusiastisk team
For born og vaksne er siktemålet at vaksinen skal redusere utslaget av smitte til ei mild forkjøling. For mange kan vaksinering også føre til at dei ikkje merkar eventuell smitte i det heile.
– Alle ønskjer å vite at vi kan bidra med noko for menneskeslekta, og då vi fann ut at vi hadde dei rette reiskapa for å gjere det, vart dette svært oppmuntrande, seier Katz til Times of Israel.
Vaksinen er laga av eit spesialproduksert protein og har ein dobbel funksjon. Han skal både framkalle ein respons i munnen som hindrar smitte og motverke smitten dersom viruset får innpass i kroppen.