Jordnær kristentru på tomatøya
Påskevandring, bedehusrevy og tomatfestival har sett Finnøy på kartet.
Boknafjorden opnar seg vid og flat ved Hesby kyrkje vest på Finnøy. Steinkyrkja har vore eit sjølvsagt samlingspunkt for folket på øya sidan ho vart reist på 1200-talet.
– Velkomen til hovudstaden i bibelbeltet, helsar sokneprest Terje Engstrøm.
Opplevde vekking
Sunnmøringen har funne seg godt til rette i både lokalsamfunnet og det kristne miljøet på øya.
– Eg har sjølv opplevd vekking med evangelistane Marit og Irene som tolvåring og synest det er flott å ha kontakten med dei eldre som har opplevd vekking her, fortel han.
For eigen del opplevde han at evangeliet snudde livet på hovudet. Han kom ikkje frå ein heim med aktivt kristent trusliv, men hadde mange kristne lærarar i heimbygda Skodje.
– Vi treng å søkje saman i bøn og merke at Guds ånd kan røre ved oss, seier Engstrøm.
Del av Stavanger
Stavanger er landets største sauekommune etter at kommunane Finnøy og Rennesøy vart innlemma ved inngangen til 2020.
På Finnøy er det likevel tomaten som er det fremste varemerket i landbruket. Over ein tredel av dei norske tomatane som gror fram under glastak, gjer det her. Den årlege Tomatfestivalen, som har vore arrangert sidan 2003, dreg mange til øya.
Men også den årvisse påskevandringa, der barn og vaksne dramatiserer påskebodskapen, samlar mange også frå andre stader. Det har fått merksemd i NRK Rogaland og Stavanger Aftenblad.
Det er drygt to mil i køyre rundt heile øya, som er den største av øyane i den gamle kommunen, med nesten 2.000 av dei drygt 3.200 innbyggjarane.
Det er fem bedehus på øya. Ingen er nedlagde, men noko av aktiviteten er felles. Søndagsskulen er samla på det eine bedehuset.
– Søndagsskulen har alltid stått sterkt her, seier Engstrøm.
Kyrkje og bedehus
Soknepresten har teke plass i ein benk og har blikkretning mot glasmåleria som skin bak alteret i den halvmørke kyrkja. Saman med han er den pensjonerte organisten Unni Vignes. Ho er frå Østfold, men vart gift til Finnøy og har vore mykje engasjert i kristenlivet også på frivillig basis gjennom 40 år.
– Det har vore eit godt forhold mellom kyrkje og bedehus på Finnøy, seier ho.
Det meiner ho også har samanheng med at prestane har hatt stor tillit mellom bedehusfolket, noko ho understrekar også gjeld Engstrøm.
Koronaen har påverka kristenlivet her som andre stader, men under normale omstende er det gudsteneste annankvar søndag og «Søndagsope» på eit av bedehusa om kvelden dei andre vekene.
Ber om vekking
Store vekkingar har det ikkje vore sidan 1960-talet, men Vignes fortel at ein har funne nye vegar der menneske kan finne fram til ei personleg avklart tru.
– Alphakurs er noko av det som har hatt mest å seie dei siste tiåra, seier ho.
Sidan 1999 har dei jamnleg arrangert slike innføringskurs i kristen tru, også eigne kurs for ungdom.
– Vi håper snart å kome i gang med slike igjen, fortel ho.
Til saman finst det også 15–20 forskjellige husgrupper der folk møtest for å ha kristent fellesskap.
– Vi må framleis be om vekking. Men er det noko vi veit, så er det at vekkinga heilt sikkert ikkje kjem slik vi sjølve tenkjer, seier Vignes.
Flyttar heim
Sjølv om Finnøy no er blitt ein del av ein stor bykommune, er ein likevel på landet. Utfordringa med fråflytting kunne slik sett vere aktuell, men slik er det i liten grad.
– Tilbakeflyttarar er jo flott, men eg skulle gjerne hatt dei som misjonærar rundt om i Noreg, seier Engstrøm med eit smil om munnen.
Ikkje glansbilete
Både presten og den pensjonerte organisten understrekar også at dei ikkje vil teikne noko glansbilete.
– Tidlegare har det vore mykje ytremisjonsengasjement, men det er ikkje like bra som før, seier Vignes.
– Sjølv om det ikkje er like sterkt fokus på ytremisjon, har Hesby sokn eit misjonsprosjekt mellom iraqw-folket i Tanzania, opplyser Engstrøm.
Han understrekar at dei regelmessig samlar inn penger til misjons- og evangeliseringsprosjekt i utlandet.
Evangelisk og folkeleg
Like ved kyrkja ligg den gamle prestebustaden der misjonspioneren og diktaren Gustava Kielland, som skreiv «O jul med din glede», budde saman med ektemannen Gustav då han var prest på Finnøy tidleg på 1800-talet. I 1844 starta Gustava den første kvinneforeininga for misjon i Lyngdal.
Dei tradisjonelle kvinneforeiningane har ikkje same oppslutnaden som i tidlegare tider på Finnøy, men Unni Vignes synest det er positivt at fleire er med i Mødre i bønn-grupper.
Verken Vignes eller Engstrøm legg skjul på at kristendommens plass ikkje er sjølvsagd verken hos einskildpersonar eller i eit lokalsamfunn som Finnøy.
– For meg som prest er det viktig å vere tydeleg evangelisk og samstundes folkeleg, seier Engstrøm.
Han viser til visjonen til kyrkjelyden om å byggje Guds rike så menneske kan verte frelste.
– Vi må snakke slik at folk forstår at Jesus er vegen til himmelen, seier han.
– Eg trur kristenfolket på Finnøy som står for tydelege bibelske standpunkt, også evnar å vere rause og nådige med medmenneska sine, legg han til.
Han trur det også er avgjerande at mange tydelege kristne er aktive i idrett, tomatfestival og andre felles aktivitetar i lokalsamfunnet.
Til internatskular
Sidan kristendommen ikkje lenger har same plassen i skulen, legg dei også vinn på å halde kontakt med konfirmantar gjennom ungdomsalpha.
– Mange av ungdommane herifrå reiser også til kristne internatskular som Lundeneset, Tryggheim og Lyngdal for å gå på vidaregåande, seier presten.
Han påpeikar at det også kan gjelde ungdommar som ikkje kjem frå familiar som er aktive i kyrkje og bedehus. Å vere elev slike stader merkar han gjer mykje med truslivet til mange.
Korona-renovering
Men det er også ungdom frå andre stader som kjem til Finnøy for å høyre evangeliet og oppleve kristent fellesskap. Fem minutt med bil unna Hesby kyrkje opnar Sissel Marie Bjerga dørene til det totalrenoverte hovudbygget på Utsyn Misjonssenter. Leirstaden er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband som også driv barnehage i nabobygningen.
– Vi heiv oss rundt då koronaen kom og har investert meir enn seks millionar kroner sidan då, fortel Bjerga.
Med stor sans for effektivitet og mange gode medhjelparar gjekk det berre nokre få veker frå nedstenginga i fjor vår til oppgraderinga var i gang.
– Eg likar å få gjort ting, seier Bjerga.
Ho bur frå naboøya Halsnøy og pendlar med ferje over fjorden. Arbeidslysta har ho god bruk for når leirstaden også driv catering og utleige.
– Vi har nesten ikkje ledige helger, seier ho.
Er det ikkje leir eller misjonsarrangement, er det utleige til private tilstellingar.
Morgondagens bedehus
Heile veggen i matsalen som vender mot kjøkenet, er pryda av eit bilete frå fjellet Teigen på Finnøy der det står ein steinkross med påskrifta «For deg».
– Det kristne og ideelle perspektivet med å drive ein slik stad, gjer det så meiningsfullt. Dessutan synest eg det er kjekt å få ta imot menneske og vere gjestfri, seier ho.
Derfor synest ho det betyr mykje at rammene er fine og at menneske opplever å kome til ein stad som er innbydande.
– Eg trur kanskje vi kanskje har undervurdert dei estetiske rammene som bygg og anlegg har. Bodskapen vi vil formidle, er jo tidsaktuell - for deg og meg i dag, seier Bjerga.
Då meiner ho opplevinga ikkje bør vere at ein går 20-30 år tilbake i tid i fargar, pynt på veggene og så vidare.
– Så lenge det er velhalde, er det bra, men kan vi kanskje nå endå lenger om me vert opplevde som litt meir tidsriktige i fargar, interiør og utsmykning? Det er noko med at rammene appellerer til oss, seier ho.
I matsalen har ho spektakulær utsikt mot fjorden og heimover mot Halsnøy og vidare innover Ryfylke. Går det som ho drøymer om, skal matsalen verte endå større og få vindauge frå golv til tak.
– Eg trur sentrale leirstader kan bli morgondagens bedehus, seier Bjerga.
Vakre rammer
Ho ser føre seg at slike senter kan bli pulserande møtestader der folk har tid saman - til å høyre Guds ord, dele eit godt måltid og ha både sosialt og åndeleg fellesskap.
– Dette «bedehuset» kan kanskje tilby noko meir når det er tilsette på plassen som bidreg. Det er viktig at vi formidlar ein kristendom som treff meg og min kvardag, seier ho.
Meir enn kristenliv
Sjølv om bodskapen er gammal, meiner Bjerga evangeliet er like tidsaktuelt.
– Språkdrakta vi brukar, bør nok fornyast. Innhaldet er det viktigaste, men det har rammer som kan vere avgjerande for om mennske tek imot. Eg har eit kall til å nå mine samtidige, min generasjon, seier ho.
Ved sidan av arbeidet er ho også leiar for den lokale NLM-foreinga, leiar for den lokale Tomatfestivalen og tredje vara til kommunestyret i Stavanger for KrF.
– Eg vil gjerne vere aktiv i meir enn berre Utsyn og tenkjer det er viktig å ha eit samfunnsengasjement utover det. Slik tenkjer eg også at Utsyn gjerne vil vere vertskap for alle som har høve og lyst til å nytte plassen, seier ho.
Bedehus i stein
Nokre hundre meter unna, like ved ferjekaien i det gamle kommunesenteret Judaberg, ligg eit av dei mest særprega bedehusa i landet. Bethel, som stor ferdig i 1874, er også det eldste gjenverande bedehuset i Ryfylke.
– Tomta vart gitt av ein tidlegare ordførar og vart bygd av stein frå denne tomta, fortel Tor Øyvind Skeiseid.
Han legg til at mange trur bedehuset er ei gammal kyrkje.
Den tidlegare NRK-journalisten er leiar i bedehusstyret og «kvardagsleg leiar» i Ryfylke livsgnist. Denne verksemda har mellom anna samla tusenvis av menneske til revyen «Vandring i bedehusland», først og fremst på dette bedehuset. Det vart reist etter personleg oppmodig frå Lars Oftedal, den legendariske vekkingspredikanten som også grunnla Stavanger Aftenblad.
Bedehusrevy
Grunntreninga for å drive som folkeopplysar, underhaldar og prosjektleiar for diverse kulturarrangement la Skeiseid i Finnøy kristelege ungdomslag.
– Sketsjane våre på nyttårsaftan var ikkje slutt før langt på natt, fortel han.
Kombinasjonen av sterke vekkingar og trufast oppslutnad om kyrkja har ifølgje Skeiseid vore viktig for å skape eit vital kristenliv på øya.
– Alt er ikkje idyll, men det har vore mykje bra samarbeid, seier han.
Søndagsskulens påskevandring utover eit nes vest på øya, som har gått i 15 år og i 2019 samla nærare tusen personar, ser han som eit typisk uttrykk for kva som kjenneteiknar kultur og kristenliv på Finnøy.
– Det er ikkje vanskeleg som kristen å heise flagg på Finnøy. Men Finnøy har aldri vore «ghettofisert», seier han.
Somme andre stader i Rogaland meiner han det kan vere tendensar til skarpare skilje mellom kristenfolket og folk flest.
Varsam med konfrontasjon
Samstundes har arbeidet med «Vandring i bedehusland» ført til at han er komen i samtalar med mange godt vaksne som ikkje nødvendigvis har gode minne frå vekkingstider.
– Ein sa til meg at det vi driv med, er terapi, seier Skeiseid.
Han understrekar at revyen ikkje handlar om å spøkje med bodskapen, men om å ha eit skråblikk på ein kristen kultur som både kan ha komiske og utfordrande sider.
– Men kan det at de lagar revy om bedehuslivet vere uttrykk for at ein har tapt terreng og treng å kome på offensiven?
– Eg kunne også tenkt meg at bedehuset vart fylt av knelande sjeler. Vi hamnar fort i komfortsonen. Men eg kjenner likevel at eg er så redd for konfrontasjon og føler det ikkje fører til noko godt, seier Skeiseid.
I eit lite lokalsamfunn meiner han det er gode grunnar til å vere varsam med å fremje polarisering.
– Det er ikkje vi som skal dømme, men eg er veldig tydeleg på at det er éin veg, éi sanning og eitt liv. Det er mange måtar å møte Gud på, men likevel berre ein veg. Det er Jesus. Der er eg ekstremt bibeltru, seier han.
Lærer av fortida
Skeiseid synest det er sunt at også ei vekkingsrørsle kan innsjå at ein ikkje treng å forsvare alt som er blitt sagt og gjort i tidlegare tider.
Samstundes meiner han kristenarven på Finnøy viser kor viktig det er at evangeliet kjem klart fram.
– Når eg ikkje får høyre ordet Jesus i ein andakt, føler eg meg litt snytt. Det er viktig at vi brukar Guds ord på den måten at ordet om Jesus kjem tydeleg fram. Der er vi svært heldige med Terje Engstrøm som prest på Finnøy. Han er ein enormt god formidlar av dette, seier Skeiseid.