For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

VANDRANDE: Når det gjeld livssyn og ideologi, har Kaj Skagen (biletet) altså vore ei vandrande sjel, og i opposisjon til det meste, skriv Johannes Kleppa.

Kaj Skagen – ein sjølvstendig mann

Det starte med eit svært sterkt kristent engasjement i ungdommen, men det varte berre ein kort periode. Det er både medrivande og sårt å lesa det han her skriv.

Publisert Sist oppdatert

Inn att på banen

Skagen opparbeidde seg ein høg status som skjønnlitterær forfattar, men etter boka «Bazarovs barn» i 1983 kom han på den litterære sidelina. Her tok han nemleg oppgjer med dei fleste som gjaldt for noko i den norske samtidslitteraturen, særleg dei på den politiske venstresida – og det var der dei fleste forfattarane var. Etter kvart har han arbeidd seg inn att på banen, med sin alternative stemme. Med sine store kunnskapar og med sin konsekvens i tenkinga kan han ikkje berre avvisast.

Han har skrive fleire bøker etter 1983. I 2015 kom ein stor biografi om Rudolf Steiner, og i fjor kom «Norge, vårt Norge. Et lands biografi». Dette er ei form for noregshistorie der han vil ha fram kva åndsverdiar som har prega utvikling av landet vårt, og ikkje berre sjå utviklinga frå ei sekulær og materialistisk side. Då vert kristendommen viktig, men også ulike åndsvitskapar, ikkje minst antroposofien.

Powered by Labrador CMS