– Kanskje tok eg kampar som var unødvendige
Konservative allierte gav opp Den norske kyrkja. Egil Morland fekk stadig nye kyrkjelege toppverv. Hva veg stakar han ut vidare som fersk pensjonist?
Ein smal, regnvåt asfaltveg slyngar seg nokre kilometer frå hovudvegen og innover til grenda Morland på Sotra. Ein halvtime vest for Bergen er vi tett på både villmarka og storhavet.
Ein velstelt hage og eit hjortegevir på husveggen - som tener som stativ for hatt, regnjakke og høyrslevern - vitnar om at Egil Morland har interesse for anna enn bøker og kyrkjepolitikk. Men oppe i gangen fortel dei plassbygde, stappfulle bokhyllene frå golv til tak om ei livslang leselyst.
– Eg har sju hyllemeter om andre verdskrigen, seier Morland som let blikket gli langs bokryggane.
Innhopp i storm
Kona Gunn stadfestar at også ho likar å lese, men legg ikkje skjul på at Egil har drege i hus det meste av lasset med litteratur. Det er ikkje berre fag. Jo Nesbø har funne plass mellom Martin Luther, Eivind Berggrav og andre teologiske læremeistrar.
– Vi har begynt å kaste litt no. Men det er ikkje så lett, seier ho.
Ekteparet er nettopp tilbake etter ein tur med Hurtigruten. Omsider er Egil blitt pensjonist.
– Men eg har framleis ein senioravtale med NLA, opplyser Morland.
Han byrja på doktorgradsarbeidet sitt då han var 61 år og fullførte berre tre år seinare, parallelt med undervisningsarbeid. Som 69-åring fekk han professortittel.
Medan dei fleste andre seinast gir seg i jobb når dei fyller 70, kasta han seg inn i ein av dei mest intense periodane i yrkeslivet i tida då han runda denne milepælen i mars. Han avslutta nemleg ein uvanleg innhaldsrik karriere med eit halvt års innhopp som rektor ved den kristne høgskulen.
Det skjedde midt i mediestorm, intern strid om verdidokkumentet og statleg evaluering av akkrediteringa. Meir om det seinare.
Inspirert av Berg
Det var mellom dei lyngkledde og forblåste knausane på strilelandet at interessa for teologi, kultur og ikkje minst politikk vart tent. Og det hadde med Dagen å gjere.
– Eg byrja å sykle med avisa då eg var tolv-tretten år gammal. Løna var dårleg og motbakkane lange, så der byrja eg å lese leiarartiklane til Arthur Berg. Han fekk eg stor tillit til, fortel Morland som har teke plass i sofaen der han neppe kan ha hatt tid til å sitje spesielt mykje.
Barndomsheimen var prega av lekmannskristendom og kyrkjegang kvar søndag.
– Far min var med på å reise bedehuset her, opplyser Morland om det vesle gudshuset som ein passerer på vegen innover.
Samtlege born i grenda hadde mora som søndagsskulelærar.
Ung debattant
Allereie som 19-åring hadde Egil Morland det første debattinnlegget sitt på trykk i Dagen. «Mennesket som politisk vesen» var tittelen.
– Eg var veldig dregen til samfunnsvitskap, journalistikk og det kyrkjelege, minnest Morland, som først studerte sosiologi ved Universitetet i Bergen før det vart teologi på MF i Oslo.
Politisk radikal
Studielivet vart også eit møte med alt frå nymarxisme til den karismatiske Jesus-vekkinga.
– Eg var mellom dei radikale politisk i KrFU, vedgår Morland.
Den sosialetiske vekkinga, kampen for dei fattige, mot atomvåpen og for det ufødde livet vart viktige saker. I praksis vart han det første «Oslo-kontoret» til Dagen. Han ringde inn saker til redaksjonen i Bergen frå telefonboksar i hovudstaden.
– Eg hadde ein viss mental reservasjon for å seie at eg skulle bli prest, seier Morland.
Men då han var ferdig studert og vart ordinert, var motivasjonen klar.
– Eg gjekk inn i det med ein veldig idealisme som handla om å stå opp for det eg meinte var rett, seier han.
Vern om integritet
Ordet «integer» - som er latin og tyder heil eller uskadd - var noko han hadde teke med seg frå Arthur Berg.
– Eg har alltid vore redd for ikkje å vise at eg har integritet. Kanskje tok eg med det også kampar som ikkje var nødvendige. Det kan hende eg kunne vore meir tilbakelent i einskilde samanhengar, seier han, men held fram:
– På den andre sida: «Feilen» med mange er at dei ikkje vil vise kvar dei står, og ventar på det store slaget. Så kjem dette aldri fordi dei stadig gir nye konsesjonar.
– Men kva konkrete kampar tenkjer du at du kunne late vere å ta?
– Eg tenkjer at mange, eg også, har hatt ein tendens til å hoppe til konklusjonar veldig fort og så teke resonnementet etterpå. Eg vil ikkje gje spesielle døme, men eg kunne nok hatt eit vidare syn på einskilde løysingar. Eg ville fått eit lettare liv dersom eg hadde levd slik, reflekterer han.
Øvd i kompromiss
Den kyrkjelege cv-en til Morland er uvanleg innhaldsrik. Han har vore leiar i Presteforeininga, styreleiar på MF, styreleiar i Menneskeverd, bispekandidat fleire gonger og medlem i Kyrkjerådet og i arbeidsutvalet i rådet.
– I Presteforeininga fekk eg øvd meg på å kompromisse, seier han.
I 1994 vart det reportasje på Dagsrevyen då Gunnar Thelin vart tilsett som generalsekretær i foreininga. Han var motstandarar av kvinneleg presteteneste. Det vekte reaksjonar, ikkje minst mellom kvinnelege prestar. Som leiar hadde Morland fleire gonger rykt ut til forsvar for medlemmer som var motstandarar kvinners presteteneste.
Han blei likeveld attvald denne hausten med 2/3 av røystene. Sjølv har Morland gått frå å vere ein tvilande motstandar til tilhengjar av kvinneleg presteteneste.
Historie av nederlag
Når Morland ser tilbake, er det lett å få auge på det som ikkje gjekk hans veg.
– Det er ei historie av nederlag, oppsummerer han.
Det siste kom med innføringa av vigselsliturgi for likekjønna par i 2017. Men han ser dette i samanheng med djupare trendar.
– Spesielt i debatten om kyrkjeordninga er eg veldig lei meg for at vi kjøpte reformene med denne voldsomme opphaussinga av kyrkjevalet. Det er nærast blitt framstilt som ei kristenplikt å røyste. Utan tvil har dette vore med på å forandre kyrkja fundamentalt, seier Morland.
Han meiner det ville vere rett at kyrkjeval framleis føregjekk i samband med gudstenester.
– Dette er ikkje eit politisk eller taktisk standpunkt, men noko som fortel oss noko om at all kyrkjeleiing spring ut av kyrkja sitt sentrum: Ord og sakrament. Det er dessutan blitt stadig vanskelegare å oppretthalde illusjonen om ei folkekyrkje, når det i bygd etter bygd berre er ein familie eller to som går fast til gudsteneste, seier han.
Sjokk av sekularisering
Morland synest sekulariseringa kjem til uttrykk på tankevekkjande vis når einskilde ber om å få kristne verv, bibelskulegang og så vidare, sletta frå cv-en fordi det minkar sjansane på arbeidsmarknaden.
– For ein del år sidan ville mange tenkt at kristent engasjement var eit pluss og noko som gav signal om god arbeidsmoral. Eg syntest det var ganske sjokkerande å lese om korleis dette har endra seg, sier Morland.
– I kva kampar meiner du det er viktig å stå fast og ikkje fire?
– Lat meg ta eit døme: Den eine setninga i verdidokumentet til NLA Høgskolen, der vi seier at ekteskapet mellom mann og kvinne er berande i den tradisjonen institusjonen står i, kom under eit voldsomt press både innanfrå og utanfrå. Men nettopp når du er pressa, er det viktig at du står fast der kampen står, seier den nypensjonerte rektoren.
– Vi vil få eit fattigare samfunn dersom det ikkje vert rom også for akademiske institusjonar som NLA i framtida.
Tettare fellesskap
Samstundes meiner han at nokre utfordringar er for store til at ein kan vente at einskildmenneske skal bere dei åleine - offentleg.
– Det er viktig at vi styrkjer trua personleg, i heimen, i bibelgruppa og i kyrkjesamfunnet. Og at vi får praksisar som hjelper oss til det. For det er eit veldig tungt klima ute i samfunnet, seier han.
På den andre sida ser han at kristendommen er blitt meir eksotisk, paradoksalt nok fordi han er framand for mange.
– Det gir oss ein sjanse, for då kan folk vere nysgjerrige og ikkje utelukkande møte trua med fordommar.
Blir i kyrkja
Etter at teologiske konservative gradvis har tapt terreng i Den norske kyrkja, har mange studievener og prestebrør av Morland funne vegen ut. Dei har valt alt frå Den katolske kyrkja til Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (DELK). Sjølv er Morland blitt ståande, mellom anna i solidaritet med eigne teologistudentar.
Etter kvart håper han NLA Høgskolen får godkjend det halvåret som manglar for at ein kan tilby full presteutdanning.
– Samstundes ser eg at det er ei tøff verd dei skal ut i. Du kan ikkje satse på at du skal vere populær hos alle.
Derfor har han rådd unge studentar til å vere litt tøffe i møte med biskopane.
– Når biskopane seier at det er bruk for prestar i kyrkja, meiner eg ein bør utfordre tilbake ved å spørje: Vil du stille opp for meg dersom det vert uro rundt det eg har sagt eg står for?
Støtte til studentar
– Korleis har du opplevd at dine allierte har gått i så mange forskjellige retningar?
– Eg har opplevd det vanskeleg. Då dei første, som til dømes Thomas Bjerkholt, gjekk til Frikyrkja, blei eg inspirert og tenkte eg at kyrkjeleiinga kanskje ville ta perspektivet vårt meir på alvor. Seinare ser eg at vi har gjort kvarandre veikare ved å splitte oss opp.
– Det kan verke som du har vore på nippet til å melde deg ut i fleire tiår?
– Det skal du ikkje få meg til å seie, men eg har vore i mange utfordrande situasjonar. Som teologisk lærar har eg kjent eit ansvar for å ikkje forlate den skuta der studentane skal gå om bord. Samstundes har eg merkeleg nok fått frimod og tillit til å vere i sentrale posisjonar, seier han.
Praktisk føredøme
– Tilrår du andre å bli verande?
– Ja, eg vil gjere det. Eg ser at det lokalt blir gitt god forkynning og bygd gode kristne miljø. Eg vil vere med på å gjere det same med mitt føredøme, ikkje berre med mine ord. Eg vil ikkje argumentere for at folk skal bli ståande i kyrkja, men prøve å leve ut korleis eg meiner dette kan gjerast, seier han.
– Du nemnde at du ser tilbake på mange tapte kampar, men er det nokre sigrar også?
– Det er det, sjølvsagt. Eg har fått vere ei røyst som held fram dei teologiske aspekta ved å vere kyrkje og fått undervise og samtale med studentar i år etter år. Eg trur ikkje dei vert apekattar etter meg, men vonar at dei har fått inntrykk som betre gjer dei i stand til å stå eller eventuelt falla på sin post, seier han.
Ikkje minst meiner han dei har sendt framifrå predikantar ut frå NLA dei siste åra.
– Så er det ikkje vi som sit med fasiten. Vi er ikkje verken verdas eller kyrkjas dommar. Vi sit ikkje med det siste ordet. Ting kan snu - om Gud vil.