BØNNEHUS: På Voss i Hordaland har de startet bønnehus. Her møtes folk for å be til alle døgnets tider. Foto: Johanna Hundvin Almelid

Kjem frå Bygde-Norge for å be

I Palmehelga kjem folk frå inn- og utland saman for å be på Voss i Hordaland.

Publisert Sist oppdatert

Så langt er det 125 påmelde som skal tilbringe fire dagar saman i bøn for Norge og for dei små bygdene rundt om i landet.

– Vi har eit spesielt hjarte for bygdene. Her bur det ofte få kristne. Vår bøn er at fleire skal samlast i bøn for bygda si, seier Øystein Hilleren som leiar Bønehuset på Voss. Han fortel at det i fjor kom mange tilreisande frå små plassar på Vestlandet.

Ropar på Gud

I eit intervju med Dagen tidlegare i år sa Hilleren at eit bønehus i praksis er det same som eit bedehus der folk samlast for å be. Rundt omkring i Europa pågår det ei gryande bønehusrørsle. Berre i Jerusalem er det fire slike hus som er opne kvar dag, døgnet rundt.

– Kristne har alltid bedt i Norge, men mitt inntrykk er at det skjer ei oppvakning for kva bøn betyr. For mange opplevest ikkje bøn lenger som eit krav, men er styrt av ein indre lengsel. Det gjer det mykje lettare å be, seier Hilleren.

BE: I Palmehelga kjem folk frå inn- og utland saman for å be på Voss i Hordaland. Biletet er frå Outcry i fjor.

Bøn og lovsong

I tre år har han leia Outcry, som er ein konferanse med fokus på bøn og lovsong. Det engelske ordet «Outcry» kunne like gjerne vore «rop det ut», men Hilleren synest ikkje det fungerer like godt på norsk.

– Namnet er inspirert av at Jesus rei inn i Jerusalem palmesøndag til ropa: «Velsigna er han, kongen, som kjem i Herrens namn.»

Då farisearane refsa han og ba dei om å teie, svarar Jesus dei med dei kjende orda: «Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa».

– Ut frå det bibelordet ropar vi at Gud skal kome, seier han.

«La din eld falle, Gud,» er temaet for årets konferanse.

– Det høyrest kanskje litt dramatisk ut, men vi tenkjer at alle kristne har «glør» i seg som kan bli sett i brann for Jesus. Når det skjer, skapast bøn og tilbeding. Mi forventning er at Jesus vil møte oss, tale til oss og utfordre oss, seier Hilleren, som seier at han ser ei gryande bønerørsle i Norge. Gjennom Outcry håpar dei å bidra til å forsterke det dei ser Gud gjer i nasjonen.

Til konferansen kjem det talarar og lovsongarar frå mellom anna Tyskland, USA og Nederland. Johannes Hartl frå Augsburg leier det einaste bønehuset i Europa som held ope 24 timar i døgnet gjennom heile veka.

Powered by Labrador CMS