Kjøpte båt 
utan pengar

I eit år har Karl Johan Skårbrevik reparert ein 80 år gamal båt. Den skal være ein møteplass for sjøfolk i byen.

Publisert Sist oppdatert

– NRK kjem også innom i dag, seier Skårbrevik.

Med seg har han mange frivillige og utdelinga av suppe er supplert med matutdeling. Mat frå butikkar som nærmar seg datostemplinga vert delt ut til nærare 100 menneske.

Maritimt preg

Skårbrevik har tidlegare jobba for Ungdom i oppdrag og med mindreårige flyktningar for kommunen. Det siste året har all tid gått med til båten «Parat III» og arbeidet med Suppebilen.

– Vi merka at dei som kom til Suppebilen hadde lite å styre med og sleit med rusproblem. Det er mange sjøfolk som har vore mykje på sjøen og derfor har brotne relasjonar og lite nettverk. Ein venn foreslo at vi kunne leige ein båt for å gje dei opplevinga av å vere på sjøen igjen. Eg kom over denne båten og den passar som hand i hanske til behova her, seier han.

«Parat III» vart bygd i 1936 og gjekk som skyssbåt mellom Langevågen og Ålesund fram til 70-talet. Sidan då har den vore i privat eige. Skårbrevik tok kontakt med eigarane og fekk eit tilbod om kjøpe den 56 fot lange båten til 750.000 kroner.

– Eg kjøper den, sa eg, utan at eg hadde pengar til det, seier Skårbrevik og ler.

Meir enn ein båt

Etter kvart kom det nok pengar på bordet frå ulike aktørar, både frå firma og enkeltmenneske.

Ved sidan av Suppebilen er det sett fram bord og stolar. Sitjeunderlag er teipa fast til stolane. Ein mann kjem bort til Skårbrevik og seier at han er sein fordi han har vore hos legen og fortel kva som skjedde der.

– Båten er ikkje viktig, det er menneska som er viktige, seier Skårbrevik etter å ha lytta til historia om legebesøket.

– Det som er viktig er korleis vi har det saman og at vi møter kvarandre med respekt og omsorg. Kjerna i dette er å vere ærlege om livet, oppleve ting saman, ete god mat og ha fellesskap med gode samtalar. Det å gjere noko saman kan føre til at det blir djupe samtalar mellom oss mannfolk, seier han.

Sjølv får han motivasjon til å stå på av å sjå at menneske har det godt.

Røff sjø også på land

Skårbrevik må gjere seg ferdig ved Suppebilen før han kan kome bort til «Parat III». Båten har nettopp fått plass ved hamna i sentrum etter eit opphald på verftet over fjorden. To elektrikarar arbeidar om bord saman med Helge Gundersen og Stig Arild Roald. Dei har jobba på båten saman med Skårbrevik så ofte som mogleg det siste året.

Det luktar varm motorolje og diesel i båten. Gundersen er pensjonert maskinist og klatrar ned den smale sjakta til maskinrommet. Der må han stå med bøygd hovud.

– Her har eg slått hovudet mange gongar! seier han og viser fram det nye aggregatet, fyrkjelen og hjelpemotoren dei har fått på plass.

Dei tre borda i byssa er dekka med ei blanding av skrujern, tommestokk, hanskar, ei stor boks pulverkaffi, ei stor boks med sjokolade som nesten er tom, to tomme flasker cola og mykje meir. Gundersen og Roald hentar kvar sin kopp kaffi i byssa og fortel:

– Når ein reiste ut på sjøen før så var ein vekke 16–18 månader om gongen. Eg reiste for eksempel når det første barnet var to månader og kom tilbake når han kunne å gå, seier Gundersen. Allereie som 15-åring reiste han på sjøen og fortel at det var emosjonelt å vere vekke heimafrå når det var 17. mai og jul.

– Då brukte vi å kle oss fint, vi fekk god mat og til jul vart juleevangeliet lest. Det betydde mykje, seier han.

Roald vil ikkje råde sine eigne barn til å reise på sjøen for å jobbe:

– Eg ofra så mykje, for kvar gang eg kom heim hadde ungane blitt større. Eg fekk ikkje med meg det første eller det andre ordet dei sa.

– Vi sjøfolk må ha noko å gjere og «Parat III» kjem til å bety mykje for tidlegare sjøfolk her i byen. Det maritime får fram minner, seier Roald.

Der nauda er

Skårbrevik seier at det har vore slitsamt å arbeide med båten, spesielt dei to siste månadane, men at det å bety noko for andre gir ei god kjensle. Han meiner det er ein fare for at kristne i altfor stor grad isolerer seg og derfor ikkje har kontakt med menneske dei kunne vore til hjelp for.

– Mellom kristne er det nesten eit eige stammespråk og mange har berre kristne vener. I samfunnet vårt er det så mange som har det tøft og vanskeleg. Sjølv om kristne ofte har mange ressursar så er det for stor avstand til dei som treng hjelp slik at ein ikkje ser eller kjenner på nauda. Då vert ein ikkje inspirert til å gjere noko og eg trur mange bør tenke seg alvorleg om. Eg trur det er mykje energi, kraft og glede dersom desse polane kunne møtast – dei som treng hjelp og dei som kan hjelpe. Når eg ser eit behov hos eit menneske og kan hjelpe då kjenner eg at eg lever.

Powered by Labrador CMS