INTERNASJONALT: Utviklingsminister Dag Inge Ulstein understrekar at internasjonalt samarbeid er avgjerande for å få stansa koronapandemien

KrF-statsråd skal leie koronaarbeid

Utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) får ei sentral rolle i det internasjonale arbeidet med å stanse koronapandemien.

Publisert Sist oppdatert

– Den utruleg alvorlege situasjonen vi står oppi, fører til enorme lidingar og økonomiske tap. For oss som jobbar med utviklingsarbeid, vert det tydeleg at det som i andre kriser er dei aller mest sårbare og fattige som vert hardast råka. Derfor er det krevjande, men også meiningsfullt, å gå inn i dette arbeidet, seier Ulstein til Dagen.

Rettferdig vaksinefordeling

Statsråden har fått ansvaret for å leie det felles initiativet ACT-A (Access to Covid-19-Tools) saman med Sør-Afrika. Initiativet vaks fram frå G20 møtet i vår. Europakommisjonen, ei rekke statsleiarar og fleire store helseorganisasjonar står bak.

Dei fire oppgåvene til ACT-A er å skaffe nok vaksiner, medisinar og diagnostisk utstyr, samt å styrke helsesystem.

– Noreg vil kjempe for at rettferdig fordeling vert ei kjerneoppgåve, understrekar Ulstein.

Ikkje berre helse

Torsdag denne veka skal han leie det første møtet i gruppa.

– Når vi snakkar om pandemien, verkar det som om det først og fremst dreiar seg om helse, men i u-land er det krise på så mange område, seier Ulstein.

Han viser til at mange born enno ikkje er tilbake på skulen i fattige land. Frykta er at mange jenter heller aldri kjem til å kome fordi dei er blitt gifta bort eller vert utnytta på andre måtar.

Allereie i mars løyvde Noreg 2,2 milliardar kroner til arbeidet for å få på plass ein vaksine mot korona. Til saman vart det samla inn elleve milliardar kroner til dette føremålet frå forskjellige aktørar internasjonalt.

– Kjem den nye leiarrolla til å medføre også eit økonomisk løft?

– Ikkje i utgangspunktet. Dette blir ein paraply for alt alt det internasjonale arbeidet som er i gang mot pandemien. Vi har vore ein viktig bidragsytar økonomisk. Det kan kome andre behov seinare, men det er også viktig å utfordre andre til å medverke, understrekar Ulstein.

Tidshorisonten for ansvaret er tolv til atten månader.

– Det er ikkje realistisk at vi er ferdige med dette til jul, seier han.

Omsyn til svake

Ulstein ser det som avgjerande å engasjere seg i det internasjonale arbeidet mot pandemien både av omsyn til dei svakaste og ut frå norske interesser.

– Korleis vi kjem til å lykkast med arbeidet mot pandemien i Noreg, kjem heilt an på korleis det går internasjonalt, seier han.

Må omprioritere

– Fører denne innsatsen til at andre ting må verte nedprioriterte?

– Det er det ikkje tvil om, men mange andre ting vil vere avhengige av korleis vi lykkast med å handtere pandemien. Situasjonen er så forverra, og samanhengen mellom pandemien og andre utviklingsutfordringar er så sterk, at vi er nøydde til å prioritere dette, seier han.

Powered by Labrador CMS