ITALIA: Marcello Pera, tidlegare president i det italienske senatet, seier om kristendommen at den er «det einaste som held Europa saman», skriv Ingolv Gjedrem.
Plinio Lepri, AP Photo/NTB scanpix
Kristendom: skapande, samfunnsbyggjande kraft
Filosof, ateist og president i det italienske senatet 2001-06, Marcello Pera, seier om kristendommen at den er «det einaste som held Europa saman».
I boka si «Perché Dobbiamo Dirci Cristiani» held han fram at: «Me bør alle kalla oss kristne!» I boka: «Senza Radici», utgjeve i 2004 talar han om eit Europa utan røter, som treng å byggja på si kristne verdiforankring.
Men korleis skal ateistar kunna byggja på si kristne verdiforankring? Han seier at «Kristendommen sitt syn på mennesket, skapt i Guds bilete, er noko som ikkje finnes i andre kulturar. Forlet vi dette prinsippet, vil vi ha øydelagt vår konstitusjonelle arv».
Kristne verdiar har, med skjebnetunge intermezzoar, sidan Peter og Paulus kom til Roma og difor til Europa, vore byggjesteinar for våre samfunn.