Kvinnene i kyrkja
Det er ikkje kjønn som først og fremst ser ut til å avgjere kva haldningar kyrkjeaktive har.
I fjor reiste ein journalist frå Dagen til Lofoten for å møte Julie Brattli Steinvik (43). Ho er ein av dei mange kyrkjeaktive som er svært urolege for klimaet, langt meir uroleg enn nordmenn forøvrig.
– Jeg tror at denne bekymringen skaper en bevissthet og en vilje til å være med å forandre, sa ho.
På Sørlandet snakka vi med Marianne Boklund Jacobsen (36) fra Øvrebø i Vennesla som om at fleire kristne drikk alkohol. Sjølv betydde leiaransvaret ho fekk som tenåring at ho droppa å begynne å drikke.
– Jeg var jo et forbilde, og hadde ikke lyst til at foreldrene til barna skulle se meg full på byen som 15-16-åring, fortalte ho.
I Oslo møtte vi Ingeborg Marie Ekenes (32), antropolog og misjonær som har kjent på at det kan vere vanskeleg å seie at ein er kristen. Det er iallefall best å la folk bli kjent med ein først.
– Jeg tror folk er redd du skal være innpåsliten, dømmende eller forsøke å overbevise dem om et eller annet, sa ho.
På Voss møtte vi Elisabeth og Brian Østebrøt (33) som hadde gjort som mange andre par som går i jamleg til gudsteneste eller kyrkje: Dei hadde ikkje vore sambuarar først.
– Det er noe fint med å stå foran Gud og folk du kjenner å love evig troskap i gode og onde dager, sa Elisabeth.
Det siste året har vi møtt desse og fleire kvinner som har ein ting til felles: Dei går på kristent møte eller gudsteneste minst åtte gonger i året.
Vi i Dagen ville kartlegge kyrkjeaktive, fordi vi trudde at dei på ei rekkje område vil skilje seg frå nordmenn forøvrig. Vi fekk svar frå 1601 kyrkjeaktive i spørjeundersøkinga vi gjorde saman med analysebyrået Nordic Navigation.
Deretter reiste reist landet rundt for å møte folk på grasrota for å snakke med folk bak tala. Og ja, kyrkjeaktive skil seg frå nordmenn forøvrig i synet på innvandring, på klima og ikkje minst i kva politisk parti dei stemmer på.
Før vi begynte arbeidet med kartlegginga, var eg spent på kvar skiljelinjene internt i Kristen-Noreg ville gå. Eg var spent på om vi ville sjå markante skilnader mellom kvinner og menn.
Og eg rekna med å finne store skilnader mellom Sørlandet og Austlandet. Ingen av delane har slått til.
Det har vore forska mykje på kjønn og religion.
Det har lenge vore kjent at kvinner generelt sett er meir religiøse enn menn. Teoriane på kvifor det er slik deler seg stort sett i to: Biologi og livet dei lever.
Kort fortalt: Menn tek større risikoar og tek difor også risikoen på at det ikkje er eit evig liv. Dei vel difor vekk religion i større grad enn kvinner.
Samtidig er menn meir ute i arbeidslivet enn kvinner og har i større grad framtredande roller i samfunnet. Det eksponerer dei i større grad for sekularisering, noko som gjer at dei reknar religion for å høyre til i privatlivet.
Kvinner har derimot i større grad ansvar for heim og omsorgsoppgåver, til fødsel og død. Det knyter dei også sterkare til religion, slik forskarar det velrenommerte amerikanske forskingssenteret Pew Research Center oppsummerer teoriane.
I vår undersøking er det litt fleire kvinner enn menn som har svart.
Når vi ser på svara, ser vi at kvinner ber oftare, men les sjeldnare i Bibelen enn menn. Men hovudbildet er først og fremst at skilnadane mellom menn og kvinner som går i kyrkje og menighet ikkje er så store.
Eit av dei temaene dei skil seg tydlegast på, er påstanden om likestillinga har gått for langt i Kristen-Norge. Der er det, kanskje ikkje overraskande, ei overvekt menn som meiner det. Men også ei av fem kvinner er enig i påstanden.
Kanskje kan forsking på likestilling mellom truande kristne og muslimske kvinner bidra til å kaste lys over funna i vår kartlegging. Forskarar ved Universitetet i Oslo har intervjua 60 kristne og muslimske kvinner om likestilling og feminisme. Kvinnene bur i Norge, Spania og Storbritannia.
Dei såg at kvinnene ikkje først og fremst definerte seg som kvinne, men la meir vekt på fellesskapen og at dei tilhøyrde ei gruppe, som menigheten eller ein religiøs og etnisk minoritet, ifølgje kjønnsforskning.no.
I vår kartlegging ser vi altså at det ikkje først og fremst er mellom kvinner og menn at skiljelinjene går. Det som grupperer Kristen-Noreg, er først og fremst kva kyrkjesamfunn du tilhøyrer.
Det avgjer i stor grad om du støtter dagens abortlov, har tillit til media og om du synest likestillinga har gått for langt.
Det kan bidra til å kaste nytt lys over kven kyrkjeaktive er og kva som kjenneteiknar oss.