Løftar kvarandre i godt og vondt
Har vi for høge forventningar til ekteskapet? – Å vere gift tek ikkje vekk alt det vonde i livet, seier nygifte Johannes og Susanne Nåden Aadland.
Då bryllaupsnervane begynte å piple fram i tida før Johannes og Susanne skulle gifte seg i fjor sommar, fekk dei eit godt råd: Det handlar ikkje om at de skal vere mest mogleg lukkelege her og no, men om å finne lukka ilag.
– Vi menneske er så fastlåste i at alt skal vere så fint akkurat no. Rådet vi fekk om å tenke meir langsiktig, har vore med på å senke skuldrane våre, fortel Johannes Nåden Aadland.
At den første tida som gifte skal vere rosenraud, er eit vanskeleg ideal, meiner han.
– Eg trur mange kanskje tenker at den første tida skal gå på skjener, men det er jo då alle rutiner skal leggast. Det har vore eit spennande år der vi har lært veldig mykje om kvarandre, seier han.
Tid, sex og pengar
– Å avklare forventningar er utruleg viktig, seier familieterapeut Kristin Lie.
– Hollywood og sosiale medium forar oss med ein ide om at å gifte seg er å ri inn i solnedgangen og så er det lykke. Det er ikkje sant. Viss for mange av forventningane er i det landet, så blir det fort ein nedtur når ein vaknar, forklarer ho.
Familieterapeuten trur tidsbruk, i tillegg til pengar og sex, er ein typisk del av samlivet der ulike forventningar krasjar.
– Kva gjer ein når den eine vil ligge på sofaen og få impulsive idear til kva ein skal finne på, medan den andre på søndag kveld vil bestemme kva vi skal gjere heile veka? Forventningar til tidsbruk, sex og pengar burde ein snakke meir om allereie i datingfasen. Det å heile tida ha ein dialog om slike rutinar kjenneteiknar dei para som meistrar samlivet, forklarer ho.
Spontanabort
Sjølv om dei berre har vore gifte i eitt år, har Susanne og Johannes Nåden Aadland allereie fått kjenne på vonde dagar. Nokre månader etter bryllaupet begynte ein spire å gro i magen til Susanne. Lukkelege delte dei etter kvart nyheita om at dei skulle bli foreldre. Dei obligatoriske første 12 vekene var forbi, no var det trygt å fortelje om løyndommen dei hadde skapt.
– Vi kom til ultralyd i veke 13, men så var det ikkje noko der. Det var ei stor skuffing, seier Susanne.
Ho hadde hatt ein missed abortion, det vil seie at fosteret hadde døydd utan at dei kliniske teikna på ein spontanabort hadde vist seg. Det skulle vise seg at ekteparet reagerte ulikt på den voldsomme nedturen.
– Susanne hadde ein del umiddelbare kjensler rundt det, men eg klarte ikkje å få fram dei same kjenslene. Eg trur at det ofte er lettare for ein mann å heller bli sint enn lei seg, seier Johannes.
Felles sorg
Han fortel at dei likevel fann styrke gjennom å be og søke trøyst saman. Etter kvart losna noko i Johannes også.
– Då fekk eg sagt unnskyld til Susanne og gråte litt, forklarer han.
Prosessen var tøff, men lærerik.
– Tidlegare hadde vi hatt våre eigne sorger, no fekk vi ei felles sorg. I ettertid er det fint å vite at sjølv i sorg kan vi finne kvarandre. Som kristne har vi ein tredje som kan vere sterk når vi begge er svake, seier Susanne.
I magen til Susanne ligg det no eit nytt liv. Om to månader blir dei tre.
Kjensler er info
– I eit forhold kan det bli vanskeleg viss den eine har veldig mange kjensler, er lei seg eller sint, seier Kristin Lie.
Ho rår oss til å hugse på at kjensler er informasjon, dei fortel oss noko.
– Så må ein finne ut kva alle tårene handlar om. Det kan vere krevjande å gjere i ein tosomheit, nokre gonger treng ein å ta andre med i dei samtalane. Det treng ikkje å vere ein terapeut, det kan også vere gode venner, seier Lie.
Familieterapeuten peikar på at den enkelte må ta ansvar for sine eigne kjensler, ein kan ikkje berre tenke at den andre skal fikse det. Samtidig går det an å hjelpe den andre på veg ved å formidle kva ein treng.
– Vi har gjerne mentale gnagsår, ting vi gjer om igjen og om igjen som sårar den andre. Det kan vere ein heilt enkel ting, som å ikkje få beskjed når partnaren kjem seint heim frå jobb. Då kan ein hjelpe den andre på veg ved å seie: Det er betre viss du ringer når du kjem for seint heim, ikkje berre kjem når eg sit her med middagen og ventar.
Hugs blodsukkeret
Å flytte saman kan by på ein del innkøyringsvanskar. Ein viktig lærdom etter eitt år som ektepar, er at ein må lære seg å vere åleine sjølv om den andre er der.
Susanne og Johannes har også innført ei sjekkliste for å unngå å stille seg sjølv dei store spørsmåla som «har eg teke det rette livsvalet?» dersom dagen kjennest ekstra tung.
– Vi har funne ut at det er viktig å først spørje oss sjølve: Har eg ete nok no? Sove nok? Av og til er det berre ei fysiologisk forklaring når det kjennest som om verda går under. Då blir det straks mindre dramatisk, seier Susanne og ler.
Bygg ekteskapsmusklar
Susanne fortel om ein tekst ho ein gong såg på eit amerikansk treningsapparat: «If you feel any pain or discomfort, stop immediately».
– Sånn tenker kanskje enkelte om ekteskapet også. Men vi har erfart at dei kampane ein tek i ekteskapet, er med på å bygge musklar, seier Johannes.
Ekteparet fortel at dei har diskusjonar og kranglar, men at det er viktig at det ikkje blir ein konkurranse om å vinne.
– Vi treffer ikkje alltid på kven som har rett og feil, men det er fint å seie unnskyld til kvarandre. Du har ikkje vunne ein diskusjon viss den andre sit og føler seg einsam etterpå, seier Susanne. Paret meiner det er viktig å legge vekk stoltheita.
– Det er den dummaste oppfinninga sidan slangen i paradis, eit hinder for å finne lukka, seier Johannes.
Mentor-par
Susanne og Johannes er aktive i Salt Bergenskirken. Der legg dei opp til at par som skal gifte seg får tre til fem samtalekveldar med eit ektepar som ligg framom dei i løypa. Saman med eit ti år eldre ektepar fekk Susanne og Johannes snakka om ekteskapet over eit dekka kveldsmatbord.
– Det fine var at det ikkje var eit generelt ekteskapskurs saman med mange andre par, men tilpassa oss personleg, fortel Johannes.
– Er forventningane ekstra høge til ekteskapet i kristne samanhengar?
– Vi oppfatta menigheita vår som veldig ærleg om kva ekteskapet er, ei trygg ramme, og det har kanskje vore med på å justere forventningane, seier Johannes.
– Som alt anna du vil ta vare på, må det jobbast med, legg Susanne til.
Ekstra sårt
Kristin Lie synest det er veldig fint å høyre om mentorordninga.
– Det er noko av det som er så flott med kristne fellesskap. Då er ein med i eit sosialt system der ein blir ivareteken og har tilgang på menneske som har levd lenger.
Lie, som også har bakgrunn som misjonær og pastor, trur samtidig eit kristent fellesskap kan vere ei byrde når det gjeld samlivsutfordringar.
– Når kristne opplever skilsmisse og samlivsbrot, kan det bli ei dobbel sorg. Både sorga over ekteskapet som har gått i stykke og ei andeleg skam viss ein har ei forventning om at ekteskapet er innstifta av Gud, og no bryt eg det, forklarer ho.
Oppløfting
Familieterapeuten fortel at ho har eit sterkt ønske om å hjelpe menneske til å få eit godt samliv.
– Å vere gift er hardt arbeid, ofte annleis enn det summen av mange forventningar tilseier. Samtidig er det er så fint å få lov til å vere to i eit liv. Samlivsterapeuten Sissel Gran kallar det å få vere kvarandre sitt livsvitne, fortel Kristin Lie.
Med eitt års erfaring i ekteskapet kjenner ekteparet Nåden Aadland seg takksame, trass både opp- og nedturar.
– Du har ein bestevenn ved di side. Livet gjer litt vondt av og til. Å vere gift tek ikkje vek alt det som av og til gjer vondt i livet. Men ein tvetvinna tråd slitnar heldigvis ikkje så lett, seier Johannes.