GYLDEN VEG: – Måtehald ser ut til å vere eit svar på veldig mykje. Men ein skal aldri vere måtehalden i kampen for det gode og i kjærleiken til andre, seier filosof Henrik Syse.

Måtehald når det gjeld alkohol, språk, sex, pengar – og Gud

Når Reality-seriar som Ex on the beach forherligar ungdom som veltar seg i eks-kjærestar, alkohol og pengar, trekkjer filosof Henrik Syse fram kristent måtehald som motvekt.

Publisert Sist oppdatert

– I går kveld blei eg tvinga til å sjå tre minutt av Ex on the beach, seier filosof Henrik Syse.

Reality-serien handlar om ein gjeng unge nordmenn på ei eksotisk strand som meiskar seg i eks-kjærastar, alkohol, krangel og sex. Omtrent akkurat dei motsette verdiane som Syse for snart ti år sidan skreiv om i boka Måtehald i grådighetens tid. No kjem eit nytt opplag av det som har blitt ei av dei mestseljande populærvitskaplege bøkene hans.

– Eg trur temaet måtehald er minst like aktuelt no som for ti år sidan - og like aktuelt som det var for 2400 år sidan, då Platon skreiv om det, for den del.

Godteri

Henrik Syse er kjent som filosof og forskar ved Institutt for fredsforsking, Høgre-medlem, andaktshaldar på radio og søndagsskulelærar. Tvangssjåinga av Ex on the beach handla om at han skulle kommenterer nyheitsbiletet i God Morgen Norge på TV2 og måtte få med seg kva den ferske serien handlar om. I boka tek han føre seg kvifor ein kan og bør vise måtehald. Men det er viktig for han å ikkje fortelje kva andre skal gjere på ein sjølvgod måte.

– Akkurat no har eg ein pose smågodt på pulten. Legen min seier at eg er i god form, men godt kan kutte ned på sukkeret. Eg slit like mykje med freistingar som alle andre, og den freistinga er neppe den verste.

Cruisekontroll

For å klare å halde seg måtehalden, bør ein bestemme seg for kva linje ein ønskjer å legge seg på, og så få hjelp til å klare det, meiner Syse.

– Når eg køyrer på motorvegen og stiller cruisekontrollen inn på 100 km/t, er det eit veldig nyttig verktøy. Då blir eg ikkje freista til å gli over fartsgrensa. Vi kan byggje inn slike påminnarar på andre felt også, lære oss å lage cruisekontroll på ulike område i livet vårt.

Ved å ta til orde for måtehald, kan ein fort bli stempla som festbrems, har Syse erfart.

– Det kan bli sett på som noko kjedeleg og besteborgarleg. Men eg meiner det er motsett. Når ein set grenser, skaper ein eit rom der ein kan slå seg laus. Sjå føre deg ein stad der du står med eit juv rundt deg på alle sider. Viss du får eit gjerde langs kanten, blir det mykje friare og betre å vere der. Du har ei sikring når du slår deg laus, forklarer han.

Halv biff

Å lage seg ein cruisekontroll i alle delar av livet, er ikkje berre opp til kvar enkelt. Vi treng hjelp til å bygge nokre av desse gjerda gjennom felles reglar og grenser i samfunnet.

– Vi må ha demokratiske reguleringar. Og så er det ikkje slik at det å redusere flyreiser, som så mange snakkar om, heilt sikkert er det viktigaste. Då er vel faktisk reduksjon av verdas kjøtforbruk endå meir effektivt. Det er også gjennomførbart for kvar og ein av oss. Eg er glad i å steike ein god biff, men eg kan godt halvere storleiken, seier Syse.

Han meiner fenomenet Donald Trump vitnar om ein mangel på måtehald. Samtidig trur han det er håp for norsk politikk.

– Det trøstar meg at både Erna og Jonas er leiarar som eg knyter til alt anna enn overforbruk eller overdrivingar. Eg synest dei begge har klart å vise at det å vere måtehalden i måten ein er mot andre menneske på, er noko positivt.

Sløs med kjærleiken

Som filosof er Henrik Syse oppteken av røtene til måtehaldet. Aristoteles viste fram korleis måtehald blir ein topp mellom to avgrunnar. Gåvmildheit er mellomvegen mellom å ødsle og vere gjerrig, modig er midt mellom å vere feig og dumdristig. Å vere audmjuk medan ein kjempar for å bli den versjonen av seg sjølv ein ønskjer, er avgjerande.

– Måtehald er ei dyd, og ei dyd er noko vi må øve oss på. Det kan ta tid. Og det er ikkje slik at gode menneske aldri gjer feil.

– Er det nokre felt ein ikkje skal vise måtehald på?

– Det kan ikkje vere slik at ein seier «Eg elskar deg, men ikkje sånn veldig». Ein skal aldri vere måtehalden i kampen for det gode og i kjærleiken til andre. Men det er då heller ikkje det måtehald i klassisk forstand tyder, forklarer han.

Måtehald i trua

Måtehald handlar ikkje berre om materielle ting. Som søndagsskulelærar prøver Henrik Syse alltid å føresille seg at det står eit kamera midt i rommet når han snakkar. Då er han sikker på at han også i språket og gudsformidlinga held seg innanfor gode grenser.

– I religiøse samanhengar kan ein fort bli freista til maktutøving. Når eg har skrudd på tv-en i USA og sett amerikanske pastorar preike, har eg enkelte gonger sett ein type formidling som kan leie til maktmisbruk i Guds namn, seier han.

– Det kan vere lurt å halde igjen også i kristne samanhengar. Ikkje på å fortelje om Gud og synge om Jesus, Bibelen åtvarar mot å vere lunken. Men vi må alltid hugse på at vi sit med ei moglegheit til å manipulere, seier Syse.

– Viss vi gjer trua for handfast, kan vi bli leidd inn i ei farleg skråsikkerheit der vi trur vi har 100 prosent sanninga og at alt anna er feil. Samtidig skal ikkje trua vere ei skuffe som vi berre opnar på søndagar. Eg prøver å leve slik at livssynet mitt er med meg heile tida, sjølv om eg veit at eg ikkje alltid maktar det.

Trendy?

Språket er også eit felt der Henrik Syse trur vi har mykje å tene på å halde litt igjen. Sjølv likar han den gode, gamle regelen om å telle til ti dersom han kjenner seg sint. Og får han ein e-post som han kunne tenke seg å svare krasst på, ventar han til morgondagen for å sjå om han mildnar.

– Bodskapen når betre fram når ein set grenser for seg sjølv i språket og ikkje berre seier «Dette er det dummaste eg har lese». Når du gjer folk trygge, kan du også seie frå, for då vil dei lytte til deg.

– Har det blitt trendy å vere måtehalden?

– Det vil nok variere. Eg har ei dotter på Katta, Oslo Katedralskule. Der vil nok mange vere heilt uforståande til å reise til Kos for å drikke øl halvnakne. Det trendy der er heller ein fottur til Gaustadtoppen i eigenhekla telt. Vi såg også kor mykje oppstyr det blei då eit kjøpesenter på vestkanten i Oslo reklamerte for ei skuleveske til 17.000 kroner.

Syse rår folk til å til dømes selje og kjøpe ting på Finn.no, overføre pengar frå brukskonto til sparekonto, opprette ei fast givarteneste, ja rett og slett sette freistingane utanfor rekkevidde.

– Det kan nok høyrast både banalt og litt kjedeleg ut. Men det er godt måtehald i praksis og gjev meir plass for det gode liv.

Powered by Labrador CMS