HJARTESAK: Dette fører oss tilbake til det også som var bedehusrørsla si hjartesak. Kyrkja er fellesskapen av dei truande. Slik har det alltid vore. Ikkje på ein slik måte at den einskilde av oss skal døme kvarandre og peike på kven som er innanfor og kven som ikkje er det. Men på ein slik måte at kyrkja si merksemd må vere retta mot Kristus, skriv Tarjei Gilje. På biletet ser vi Egil Morland.

På leit etter kyrkjeleg framtid

I dag ser vi korleis ulike syn på skaping er i ferd med å få ein slags vedkjenningsstatus.

Publisert Sist oppdatert

«Det er ei historie av nederlag», sa Egil Morland til Dagen laurdag.

Det er sterkt å lese dette når orda kjem frå han. Morland har gjeve mykje av si tid og mykje av sine krefter til Den norske kyrkja. Medan andre har forlate folkekyrkja, har han blitt verande.

Kva framtid ser han for seg no? Det er ikkje godt å seie. I intervjuet snakker han om at det rundt i landet vert «vanskelegare å oppretthalde illusjonen om ei folkekyrkje, når det i bygd etter bygd berre er ein familie eller to som går fast til guds-teneste.»

Egil Morland var rektor då eg var NLA-student for 10-15 år sidan. Han har vore nyhenderedaktør og styremedlem her i avisa.

Men han er også kjend for sine mange verv og engasjement i Den norske kyrkja, og i tilknytning til folkekyrkja. Han har vore leiar i Presteforeninga, styreleiar på MF og medlem i Kyrkjerådet sitt arbeidsutval, sjølve underutvalet i Den norske kyrkja si «regjering».

Han veit betre enn dei fleste kva for kampar som har gått føre seg. Og han meiner framleis at Den norske kyrkja er det beste tilgjengelege alternativet for Guds rikes sak her i landet.

Familien min vaks opp på bedehuset, og gjekk med tida inn i frikyrkjeleg samanheng.

Eg minnest ein søndag då eg var tenåring. Vi var på veg i bil til gudsteneste då ein av dei eldre naboane ville spørje far min om noko. Så langt eg veit, var ikkje denne naboen nokon fast kyrkjegjengar. Men han ville klare opp i ein sak.

Far min rulla ned vindauget. «De er vel lutheranarar?» spurte naboen. Jau, vi er jo det, svara far min. Naboen verka nøgd med svaret. Dei er kanskje litt rare, denne familien, men ikkje helt ute i periferien, tenkte han kanskje.

Norge har vore luthersk i 500 år. Merkelappen har vore som eit slags stempel. Luthersk er bra. Ikkje-luthersk er litt meir suspekt. Men i våre dagar er ikkje det å tilhøyre ein luthersk samanheng nokon garanti for teologisk konsistens.

Ein kan lure på om protestantismen si vektlegging av einskildmennesket i samspel med den generelle individualiseringa i samfunnet har gjort mellom andre lutherske samanhengar ekstra sårbare for dei kulturelle impulsane i samtida.

Men så finst det slike som Egil Morland, som ikkje vil gje opp. Som ser kva veg utviklinga peiker, men som blir på post likevel. For nokre har redninga vore å vende seg til Frikyrkja eller DELK.

Andre har gått heile vegen til Rom. Det er ikkje til å kome i frå at i Morland sin generasjon har kampen for det ein kalla konservativ teologi tapt på indre fragmentering. Kva kjem til å skje no? Ingen veit.

I åra framover kjem truleg fleire til å vende seg til Rom eller til Konstantinopel, altså å verte katolske eller ortodokse, fordi dei ikkje finn noko levedyktig alternativ på protestantisk side.

Bedehusa er sterke nok til å utgjere eit sjølvstendig kyrkjeleg tyngepunkt. Det spørst om dei vil. Frikyrkjene har vore sjølvstendige i hele si tid. Men dei strever med å nå breidt ut.

Då kollega Tore Hjalmar Sævik og eg på denne tida i fjor lå ut på ein aldri så liten turne i samband med Dagen sitt 100-årsjubileum, ville vi besøke representantar for både Den norske kyrkja, bedehus og frikyrkjar på dei stadene vi besøkte.

Frå Troms til Agder vart det endå tydelegare enn før at Den norske kyrkja i ei anna utstrekning enn dei andre kjem i kontakt med den store delen av befolkninga som er opne for kristen tru, utan at dei dermed kjem ofte til gudsteneste eller sluttar seg til alle formuleringane i truvedkjenninga. Kvifor er det framleis slik, spør eg meg sjølv.

Den norske kyrkja har framleis ein eineståande posisjon som folkekyrkje. Men også denne har ein utløpsdato om ein ikkje tek godt vare på han.

Ein viktig skilnad frå Morland sin generasjon til min, er at fleire no har vakse opp med bedehuset som sin eine åndelege heim.

Dei har ikkje det same nære forholdet til Den norske kyrkja. Og når ein får inntrykk av at folkekyrkja vert ein meir politisk styrt storleik, vil interessa for å kjempe internt verte mindre.

Då vil nok flere aktive kristne familiar velje ei frikyrkje eller eit bedehus. Men for Egil Morland, og for mange andre, er Den norske kyrkja framleis så viktig og så vital at dei ikkje ser det som noko betre alternativ å satse alt på bedehus eller frikyrkje.

Det er også grunn til å spørje om kristne fellesskap utanfor Den norske kyrkja har makta å fylle rolla som ytre rammeverk for den kristne trua på ein heilskapleg måte.

Det er framleis fare for at ein vert for oppketen av einskilde kampsaker. Det gjeld til dømes kampen om kvinneleg presteteneste.

Det er fullt mogeleg å presentere ein teologisk samanhengande argumentasjon for at prestetenesta i den kristne kyrkja er tiltenkt menn.

Det er nedslåande korleis kristne i ulike samanhengar i dag ikkje vil snakke om dette, sjølv om det var nærast sjølvsagt lære i 1900 år av den kristne kyrkja si historie.

På den andre sida er det ikkje utan vidare grunnlag for å seie at dette spørsmålet er det testspørsmålet det har vore omtala som. Spørsmålet er meir komplisert enn som så.

I dag ser vi korleis ulike syn på skaping er i ferd med å få ein slags vedkjenningsstatus.

Sjølve tanken om Gud som skapar er naturleg nok helt sentral i kristen tru. Men spørsmålet om nøyaktig korleis skapinga fann stad, er neppe eigna til å måle bibeltruskap.

Og medan dette skjer, går den større åndelege kampen vidare dag for dag. Vi ser konturar av ei kyrkje med mindre vekt på tilgjeving for synd, mindre vekt på omvending og bot, mindre vekt på ærefrykt for Guds ord.

«Det er viktig at vi styrkjer trua personleg, i heimen, i bibelgruppa og i kyrkjesamfunnet», sa Egil Morland laurdag.

Alle tre dimensjonane er viktige. Trua må på eit eller anna nivå vere personleg. Og trua treng næring, både individuelt, i det nære venefellesskapet og i kyrkja.

Det betyr noko kva for kyrkjeleg struktur vi omgjev oss med. Det er ikkje nok å berre snakke om relasjonar. Vi treng strukturar som gjev trua rom til å vare gjennom livet, og gjennom generasjonane.

Dette fører oss tilbake til det også som var bedehusrørsla si hjartesak. Kyrkja er fellesskapen av dei truande.

Slik har det alltid vore. Ikkje på ein slik måte at den einskilde av oss skal døme kvarandre og peike på kven som er innanfor og kven som ikkje er det.

Men på ein slik måte at kyrkja si merksemd må vere retta mot Kristus, mot han som sa at «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.»

Powered by Labrador CMS