Pastor kjempar for våpenrettar
William Temple meiner det er farleg å stramme inn på vilkåra for å eige og bere våpen.
Iført historiske uniformer har Temple vore eit blikkfang under demonstrasjonar, valkampar og diverse verdikonservative arrangement i USA gjennom fleire år.
– Eg har alltid røysta republikansk, fortel Temple til Dagen.
Med påkledinga ønskjer han å minne amerikanarane om det historiske opphavet deira - og ikkje minst prinsippa i grunnlova.
Avviser rasisme
I 32 år har han jobba for dei føderale styresmaktene. I 2005 vart han pensjonist.
– Så snart eg vart pensjonist, slutta eg meg til Tea Party og begynte å protestere mot dei føderale styresmaktene.
Temple fortel at han dessutan er pastor i ein kyrkjelyd heime i Brunswick, Georgia.
LES: Visepresidenten takker for Guds nåde
Tea Party-rørsla er ei laust samansett grasrotmobilisering som oppstod i kjølvatnet av finanskrisa i 2008. Dei kjempar for skatteredukasjon og redusert offentleg forbruk.
– Dei føderale styresmaktene er blitt undertrykkjande. Grunnlova vert trakka på og ignorert, seier Temple.
Han ristar på hovudet av skuldingar om at det er rasistiske motiv i deler av Tea Party-rørsla.
– Dei fleste medlemene i kyrkjelyden min er svarte, fortel han.
Avstand til Europa
Ei av dei store kampsakene for Temple er retten til å bere våpen. I USA står det skarp strid om det andre grunnlovstillegget, som handlar om dette. På republikansk side er det vanleg å meine at tillegget garanterer ein generell rett til å væpne seg, noko som gjer at ein kjempar med nebb og klør mot innstrammingar. På demokratisk side er det meir vanleg å meine at det trengst meir restriksjonar.
USA har seks gonger så mange våpendrap pr. innbyggjar som Canada - og nesten 16 gonger så mange som Tyskland, ifølgje tal som nettstaden vox.com har samla. Og medan USA har 4,4 prosent av verdas befolkning, har landet nesten halvparten av alle privateigde våpen i verda. I snitt er det meir enn ein masseskyteepisode kvar dag.
Talet på drap i USA har likevel gått tydeleg ned sidan starten på 1980-talet, ifølge Pew Research Center.
– Vi vil ikkje bli som Europa, der ein ståande hær kan påtvinge folket viljen til ein konge eller potentat, seier Temple.
LES OGSÅ: Jubler for Trump som president
Her har han støtte frå eit fleirtal av amerikanarane. 52 prosent meiner det er viktigast å verne våpenrettar medan 46 prosent meiner det er viktigast å kontrollere eigarskap til våpen, ifølgje ei Pew-måling frå 2014. Støtta til våpenrettar har auka sterkt sidan starten av 1990-talet. Spesifiserte krav til våpenkontroll - mellom anna bakgrunnsjekk av kjøparar og offentlege våpenregister - har imidlertid breiare støtte, ifølgje Pew.
Temple meiner kriminaliteten i Europa ville bli redusert dersom folk flest var væpna.
– Kvar er det masseskytingane i USA skjer? Det er i våpenfrie soner - som på skular og i store byar, seier han.
Væpna i heimen
– Men framleis skjer det mange fleire drap i USA enn i dei fleste europeiske land?
Temple svarer med å vise til drapsstatistikken i Chicago. Den tredje største byen i USA er den blodigaste. Den offisielle statistikken fortel om over 762 mord i 2016, ifølgje CNN.
– Kvifor er det slik? Fordi fattige svarte ikkje er væpne slik at dei kan stoppe gjengar, seier Temple.
Heime hos han sjølv er det annleis.
– Ein gjeng kan ikkje kome inn i huset mitt utan å ta følgjene av det. Eg har våpen, seier han.
LES MER: Unngår omstridde verdispørsmål
Han meiner også at kvinner bør gå med elektrosjokkvåpen i tilfelle dei vert utsette forsøk på seksuell trakassering.
– Sonen min har ein AR-15 (eit automatgevær, journ. merkn.) og ein pistol. Han går regelmessig på kurs og er veldig forsiktig.
Ulovlege våpen
– Men du kan ikkje vite at alle vil vere forsiktige?
– Nei, men dersom du ser på dei som utfører massedrap i USA - gjett kva våpena deira er: Dei er ulovlege, ikkje registrerte, seier Temple.
– Gå etter ulovlege våpen. Men du vil ikkje avvæpne befolkninga di, seier Temple.
– Ein kriminell kan bruke kva som helst han kan finne for å skade folk. Grunnlova vår seier at vi har rett til å verne oss sjølve. Den retten gav grunnlova amerikanarane. I Europa har de ikkje lov til å gjere det.
Temple viser til London som eit skrekkdøme på korleis det kan gå. I 2015 var det 10.238 knivstikkingsepisodar i den britiske hovudstaden, ifølgje The Evening Standard.
Argumentasjonen for våpenrettar deler Temple med mange konservative kristne i USA. Dei finst mellom anna i den norskætta teologiprofessoren Wayne Grudems omfattande bok «Politics According to the Bible».
Ingen konge
William Temple er også oppteken av å få bukt med ulovleg innvandring til USA, som han meiner fører til auka kriminalitet. Han er også uroleg for oppløysing av familien.
– Eg er 66 år no og har sett landet flytte seg meir og meir bort frå Gud. Det blir stadig meir liberalt, mellom anna med pornografi. Det som går på tv i dag, ville fått folk til å protestere voldsomt på 1950-talet.
– Men på den tida hadde de også lovene om raseskilje?
– Ja, nokre stader. Men sjølv med raselovene var dei svarte familiane intakte, seier Temple.
Han er sjølv fødd i Alabama, der raselovene var i funksjon.
– Men det var kristne som fekk endra lovene saman med Martin Luther King. Amerika gjer alltid skittentøysvasken sin offentleg.
Temple understrekar at USA aldri har vore perfekt.
– Men vi var det første landet i verda som sa at vi ville styre oss sjølve og ikkje trengde ein konge. Ingen hadde høyrt om det før. Vi utvikla det beste utdanningssystemet, utvida heile vegen menneskerettane og reiste til månen - kven andre hadde gjort det? spør Temple.