Ropstad: – Slik skal KrF klatre over sperregrensa
KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad trur satsing på skule og eldreomsorg er vinnaroppskrifta fram mot stortingsvalet neste haust.
– Det finst allereie ein morsdag og ein farsdag. Eg skal ikkje forskotere KrFs programprosess, men eg meiner det hadde vore på sin plass med ein besteforeldre-dag også.
Det sa KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad i talen sin til partiets landsstyre fredag. Dei var samla fysisk for første gang sidan koronaen traff Noreg i mars.
Eldre og skule
I talen sin sa KrF-leiaren at partiet ønskjer å auke grunnbemanninga på sjukeheimane, og få inn personale som kan dekke pasientane sine psykiske, sosiale og andelege behov.
Til Dagen fortel KrF-leiaren at han har tru på at partiet vil ende over sperregrensa «med god margin» ved stortingsvalet neste haust, og at eldreomsorg blir ei av dei fremste «vinnarsakene».
– Eg trur at eldreomsorg blir ei av dei store sakane for oss i valkampen, i tillegg til programkomiteens forslag om å erstatte 1. klasse med førskule. Dette er saker som skil KrF frå dei andre, seier Ropstad til Dagen.
Framleis sentrumsparti
KrF-leiaren tok også eit oppgjer med dei som har hevda at han prøver å dra KrF lenger til høgre i politikken.
– Lat meg sei det så klart som overhodet mogleg: På mi vakt kjem KrF til å vere eit tydeleg kristendemokratisk sentrumsparti, sa han frå talerstolen.
I veka etter at partiet gjekk i regjering med Høgre, Venstre og FrP, mista partiet 700 medlemmar. Og påmeiningsmålingane har partiet vore i ein lang bølgjedal. No det er umogleg å spå om partiet endar over eller under sperregrensa neste haust.
– Når du understrekar så tydeleg at KrF er eit kristendemokratisk sentrumsparti, prøver du då å strekke ut ei hand til dei partiet har mista sidan dykk gjekk i regjering?
– Eg er opptatt av at vi skal vere størst mogleg, og at vi skal klare å halde på dei uavhengig av om dei lener seg til høgre eller venstre. Derfor har eg frå dag éin brukt talane mine på å seie at vi skal vere eit sentrumsparti. Samarbeidsvalet påverkar ikkje det, meiner Ropstad.
Moria-frustrasjon
Ropstad var også innom brannen i flyktningleiren Moria på den greske øya Lesvos. Cirka tre fjerdedelar av leiren brann til grunnen natt til onsdag, ifølgje VG.
Det har lenge vore klart at regjeringa har ønskt å hente 50 flyktningar frå Moria-leiren når åtte til ti andre europeiske land gjer det same. Førre veke blei det klart at arbeidet med å hente dei var i gang.
– I dagane etter brannen har mange sagt at det er for lite å hente 50 flyktningar. Er det frustrerande at sigeren dykkar blir framstilt som eit tap?
– Som eg seier til alle; Det hadde ikkje skjedd utan KrF. Det er eit enormt engasjement i befolkninga, og eg håpar at Stortinget kan spegle befolkninga sitt ønske. Vi har følt oss litt aleine i desse kampane, seier Ropstad til Dagen.
Auka eingangsstønad
KrF-leiaren rakk også å kome med ein lekkasje frå neste års statsbudsjett. Regjeringa har vedteke å bruke 70 millionar kroner på å auke eingangsstønaden til fødande.
Det skapte god stemning i landsstyresalen.
– Dette hjelper dei aller svakaste fødande. Det er reine pengar for dei som treng det og som gjer det lettare å bere fram eit barn. Dette viser kor prioriteringane våre ligg, seier leiar for Oslo KrF, Espen Andreas Hasle.
Støttar «vinnarsakene»
Hasle meiner Ropstad gjer heilt rett i å satse på eldreomsorg inn mot valet neste haust.
– Eldreomsorg er ei utrulig viktig sak for KrF. Vi skal sikre at folk får god omsorg når dei treng det, for dette handlar om menneskeverd gjennom heile livet, seier Oslo-politikaren.
Leiar for Vestland KrF, Morten Helland, er glad for at Ropstad trekk fram «førskule»-forslaget som ei «vinnarsak».
– Eg er sjølv lærar i vidaregåande skule, og eg ser på elevane at det er ein systematisk forskjell i skulen. Mange ungar er klar til å begynne på skulen som 6-åringar, men ikkje alle, seier Helland.
– Alt like viktig
Politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus, meiner det er lurt å velje seg ut nokre få «vinnarsaker», og at KrF i tidlegare valkampar har bomma ved å satse på for mange saker.
– Eg trur KrF bør spisse bodskapen sin og fokusere på færre saker. Hittil har dei spreidd seg ut for vidt. Alt har vore like viktig, skriv Udjus i ein SMS til Dagen.
Sjølv trur han verken skule eller eldreomsorg er politikkområdet KrF kan hente flest veljarar.
– Eg trur familiepolitikken er det partiet har størst moglegheit til å mobilisere meir enn fire prosent av veljarane, meiner Udjus.