Så stor var gleda då paven kom
Bileta kan hjelpe oss til å fatte litt av kor stort besøket var for dei kristne i Irak.
Pave Frans har reist heim. Flyet kom seg trygt avgarde frå flyplassen i Bagdad med nasen vend mot Roma. No er tida for å sjå tilbake, bla i album og glede seg over minna.
For oss som sit koronaisolerte på kvar vår tue i Noreg, er det ikkje lett å begripe kor stort det var for kristne i Irak at paven kom på besøk. Ja, ikkje berre for dei kristne, for folk flest.
Det var ei storhending. Ein folkefest. Ei sårt etterlengta anledning til å fortelje godt nytt frå dette krigsherja landet.
Bileta kan hjelpe oss til å fatte litt av kor stort det var.
Sjå på ansiktet til nonna som dansar nedover gata i Qaraqosh. Legg merke til gleda. Qaraqosh er den største kristne landbyen på Ninivesletta i Nord-Irak.
Tidlegare var dette ein plass der folk stort sett var trygge. Så kom IS. Natta mellom 6- og 7. august i 2014 tømde dei både Qaraqosh og andre kristne landsbyar for folk.
Sidan den dagen er det lite som har vore trygt. Folk har byrja å vende tilbake til Qaraqosh, men slett ikkje alle. Og no lurer andre farer, som maktsugne sjiamilitsar. For ei lette det er då, med ein dag der ein berre kan kjenne glede.
Sjå den inderlege gleda i ansiktet til den syrisk-katolske erkebiskopen i Mosul, Jouhanna Boutros Moshe, då paven gav han tilbake ei eldgammal arameisk bønebok.
Boka fekk hard medfart då IS sette fyr på ei av kyrkjene i Qaraqosh. No er boka, som inneheld liturgiske tekstar for påska, restaurert.
Sjå kor stolte dei ser ut, dei kurdiske mennene, som stiller seg opp til fotografering under korset etter at paven hadde halde messe for 10.000 menneske på eit stadion i Erbil.
Dei ville ha eit minne frå den store dagen. Og sjå ansiktet til kvinna som deltok på messe i Bagdad. Ho strålar. Kyrkjegjengarane har ikkje alltid stråla i Bagdad dei siste tiåra. Dei har vore redde.
Sjå begeistringa til prestane i Mosul, då paven slepp laus ei kvit due. Jentene i byen, som står pynta i sin finaste stas og ventar på paven, ser meir avventande ut.
Det er kanskje ikkje så rart, når vi legg merke til ruinane i bakgrunnen. Desse jentene, og folket i Irak, har framleis mykje å stri med.