KJELLBOTN BEDEHUS: – Dei aller fleste norske kommunar har hatt eit bedehus. Det er det mange som ikkje er klar over, seier Erlend Berge. Bedehuset ligg i Vestnes i Møre og Romsdal.

– Særnorsk religiøs estetikk på bedehusa

Fotograf Erlend Berge har reist rundt i heile landet for å dokumentere korleis tradisjonelle bedehus vart innreidde og utsmykka – før det er for seint.

Publisert Sist oppdatert

Boka «Sjå, eg kjem snart!» vert lansert i dag.

– Prosjektet starta med ein annonse på finn.no for to år sidan. Søreide bedehus i Bergen var lagt ut for sal. Eg såg gjennom bileta og vart veldig fascinert av estetikken i dette huset, seier Berge.

Saman med ein journalist i Vårt Land laga han ein reportasje. Dei elleve personane som var igjen i forsamlinga, hadde bestemt seg for å selje. Kjøparen vart Den russisk-ortodokse kyrkja i Bergen.

MØLSTRE BEDEHUS: Vestnes i Møre og Romsdal.

I alle fylke

Erfaringa gjorde Berge klar over at bedehus står tomme, vert lagde ned og selde utan at dette får nemneverdig merksemd.

– Bedehus vert omgjorde til galleri, bygdehus og skatehallar. Då tenkte eg at det var viktig å ta bilete av korleis desse husa har sett ut, før det vart for seint, seier han.

Det kunne det vere gode grunnar til. «Ingen gudshus i verda ser ut som norske bedehus», heiter det på omslaget av boka.

I løpet av fire månader var fotografen innom alle fylka i landet og køyrde 16.000 kilometer i bubil.

– Eg brukte nesten ei veke i kvart fylke for å leite opp bedehus. Litt av siktemålet var å vise at bedehusrørsla ikkje har vore eit sært lite fenomen på Sørvestlandet, men ei landsdekkjande rørsle.

Berge viser til at det på 1970-talet var knapt 3.000 bedehus i Noreg.

– Dei ligg ganske tett langs kysten av Troms også. Dei aller fleste norske kommunar har hatt eit bedehus. Det er det mange som ikkje er klar over, seier han.

FREDHEIM BEDEHUS: Byglandsfjord i Aust-Agder.

Stor variasjon

I utvalet av bedehus har han i all hovudsak konsentrert seg om dei lutherske med tilknytning til Den norske kyrkja.

– Eg har sjølv vakse opp med bedehuset som ein naturleg del av min barndom, på Heia bedehus i Ryfylke. Eg har også vore på andre bedehus i området der, men aldri tenkt på kor visuelt fascinerande desse husa er, seier han.

I Ryfylke vart også dei første bedehusa i landet reiste på 1840-talet.

Heimekoseleg

Ingen fotografar har dokumentert bedehusestetikken på tilsvarande måte tidlegare.

– Kva er så fascinerande med korleis bedehusa ser ut?

– Dei representerer ein heilt særnorsk religiøs estetikk. Medan kyrkjene satsa på det storslåtte og overdådige, har bedehusa satsa på det heimekjære. Bibelske motiv står sentralt, men dei er pakka inn i pastell og hekla dukar, seier Berge.

Han påpeikar at husa ofte har vore reiste på dugnad og vore prega av korleis også allminnelege norske heimar har sett ut i perioden då dei vart reiste.

– Bedehusa er prega av norskproduserte møblar, norske rørstolar og taklampar, seier han.

Samstundes har det gjort inntrykk på han å sjå kor stor variasjonen i uttrykket har vore.

RØD BEDEHUS: Sveio i Hordaland.

Sårt punkt

Sjølv om boka avspeglar at estetikken på bedehuset har utvikla seg over tid, har Berge valt å konsentrere seg om den eldre bedehusstilen.

– Eg har vore innom nybygg også. Det vert framleis bygd bedehus, men no vert dei gjerne kalla arenaer og liknar meir på konferansesalar. Det er ikkje den historia eg fortel, seier han.

– Har du gjort deg refleksjonar om kva spiritualitet eller teologi som vert avspegla i bedehusestetikken?

– Bileta står utan forklaring eller tekst. Eg ønskjer at folk gjer seg eigne tankar rundt bileta. Eg trur at mykje av teologien bedehusa representerer, er å sjå både i måleria, men også i det heimekjære uttrykket. Dette var jo ei rørsle som flytta seg inn frå stovene til folk.

– Kva historier har du fått høyre om kva forhold folk har til bedehuset?

– Dei er veldig forskjellige. Mange synest det er sårt at bedehuset i bygda ikkje lenger er i bruk.

Ein god del av husa han har vore innom, vert brukte berre ein gong i året til juletrefest eller ein årleg basar for å finansiere drift og vedlikehald av huset. Slike arrangement har Berge også vore innom.

– Eit ungdomsmiljø rundt Fosen bedehus utanfor Karmøy har fått i gong igjen ungdomsbasaren og arrangerer denne så tradisjonelt som dei klarer, seier han.

Nye former

– Tradisjonelt har bedehuset også vore omstridt. Har du merka noko til dette?

– Bedehuskulturen har vore oversett, forsømt og latterleggjort. Kunsten der har vorte rekna som kitch, teologien som mørk og livsavgrensande. Men eg har fått enorm respons frå miljø som ikkje kjenner bedehuset. Heile denne kulturen er veldig ukjend og framand for mange i Noreg i dag, seier han.

Eit av bileta til Berge er også teke inn på Haustutstillinga.

– Har du også funne døme på at bedehus er meir vitale?

– Bedehusrørsla vil finne sine nye former, men eg trur mykje av det uttrykket som eg har dokumentert, er i ferd med å forsvinne. Tidlegare har jo dette vore ei rørsle innanfor Den norske kyrkja. No er det ein trend at mange konservative miljø heller går ut og dannar eigne trussamfunn. Då vert dei noko anna enn dei tradisjonelt har vore.

Powered by Labrador CMS