FRIARFERD: F.v. KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad rekker ut handa til Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Senterpartiet ber KrF nærme seg dei

Draumen om eit sterkt politisk sentrum lever framleis i KrF og Sp. Men det kan ta lang tid før dei finn saman, meiner valforskar.

Publisert Sist oppdatert

Med Framstegspartiet ute av regjeringa, er KrF i gong med å vekke opp att draumen om å styrke sentrum av norsk politikk.

Men - her må ein ha eit langtidsperspektiv, ifølgje valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking.

– Det er kanskje meir realistisk at det kan utvikle seg eit samarbeid blant sentrumspartia på lokalt nivå rundt i landet, som ein gong i framtida kan vere aktuelt på nasjonalt nivå, seier Bergh.

Sentrumsdraumen

Han peikar på at « sentrumsdraumen» framleis lever i KrF og delar av Senterpartiet.

Samstundes har Sp tydeleg peika på Arbeidarpartiet og markert opposisjon til Høgres sentraliseringspolitikk.

Det har ikkje hindra KrF i å fri til sentrumskameraten dei siste åra.

Tidlegare partnarar

Allereie dagen etter Frps utgang av regjeringa, rekte KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad ut ei hand til Senterpartiet og slo eit slag for å dra politikken enno meir mot sentrum.

– Eg er overraska over at Senterpartiet ønskjer å samarbeide med SV, MDG og Raudt. Det synest eg er merkeleg. Eg håper at Senterpartiet kunne søkt til KrF igjen, sa Ropstad til Dagen.

Dei to partia har sete i same regjering seks gongar sidan 60-talet, men skilde lag etter stortingsvalet i 2001.

Sp mista vippeposisjonen sin i Stortinget, og Kjell Magne Bondevik (KrF) tok i staden med seg Høgre på regjeringslaget saman med Venstre då han oppretta sin andre regjering.

Senterpartiet slo seg så i lag med Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti i den raudgrøne Stoltenberg-regjeringa, og KrF har halde seg til den borgarlege Solberg-regjeringa etter at ho overtok.

Sentrumsinvitasjon

I forkant av stortingsvalet 2017 inviterte likevel dåverande KrF-leiar Knut Arild Hareide Sp med på eit regjeringsamarbeid med Høgre, Venstre og KrF.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum var derimot skeptisk til å regjere i lag med Høgre. Samstundes tok dei dåverande helsetalspersonane Olaug Bollestad (KrF) og Kjersti Toppe (Sp) til orde for regjeringssamarbeid i lag.

– Det er hjarteleg velkomen, det altså, sa Toppe, og viste til at partia er samde om distriktspolitikk, forvaltningsansvar og helse.

– Spesielt av Ropstad

I dag er ho positiv til samarbeid med KrF i verdispørsmål og viser til bioteknologi og helsepolitikk generelt.

– Men det blir likevel litt spesielt av Ropstad å «rekke ut ei hand» til Sp. Det var Ropstad som aktivt valte å gå vekk frå opposisjonstilværet saman med Sp, til å gå inn i regjeringa saman med Frp, seier Toppe og held fram:

– Sjølv om Frp er ute av regjering, styrer KrF på den same regjeringsplattforma. Det er heilt uaktuelt for Senterpartiet å vere med i ei slik regjering, seier Sp-politikaren.

Sp rekker også ut handa

Senterpartiet har dei siste åra gått inn for ei «Sp og Ap-basert regjering». At dei truleg må få støtte av andre parti på venstresida meiner Toppe ikkje er meir vanskeleg enn når KrF, Venstre og Høgre må styre på Frp sin nåde.

– Så eg gjer som Ropstad – rekker ut handa til KrF for å kome Sp-samarbeid i møte – men då må nok KrF gjere andre val i framtida, seier Toppe.

Vedum: – Ropstad prøver å skremme

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum tvilar på at det vil skje med det første.

– Eg opplever det berre som politisk spel. Om vi kan få fleirtal som inkluderer KrF, så gjerne det. Men dei har teke valet dei har teke, seier han.

Vedum meiner at Ropstad prøver å skremme veljarane når han listar opp venstreside-parti som Sp kan måtte samarbeide med.

– I motsetning til KrF har vi stått for ei konsekvent linje over tid, seier han.

Høgre-problem

Valforskar Johannes Bergh trur at KrF, Sp og Venstre lett kunne ha samarbeidd dersom dei hadde større oppslutning til saman.

Høgre og Sp har derimot større problem med å finne kvarandre. Sist dei sat saman i regjering var i Syse-regjeringa i 1989-1990, men EU-saka skapte ei djup splitting mellom dei.

– Sp må droppe Ap

– Sp har bevegd seg mot venstresida og gått frå å vere eit borgarleg parti til å bli eit sentrum-venstre-parti, seier Bergh.

KrF har derimot ikkje bevegd seg like mykje mot høgre, meiner han. Dersom KrF og Sp skal finne saman på sikt, trur valforskaren at Sp må droppe å gå i regjering med Ap etter neste val.

– Elles må Sp tape valet og få behov for å tenke veldig nytt.

KrF + Sp

KrF og Sp sat i same regjering i 1963 (Lyng), 1965-1971 (Borten), 1972-1973 (Korvald), 1981-1986 (Willoch), 1989-1990 (Syse) og 1997-2000 (Bondevik 1).

Partia skilde lag då Bondevik 2-regjeringa tok inn Høgre og droppa Sp.

Powered by Labrador CMS