ARBEID: Ein sterk roman nok ein gong frå Hoem si hand. Det ligg mykje hardt arbeid å få fram ei forteljing som dette med mykje arbeid i ulikt kjeldemateriell, skriv Audun Mosevoll.

Stor gåve til den bokglade

Det har vore stort nok ein gong å få oppleva diktaren Edvard Hoem på sitt beste.

Publisert Sist oppdatert

Han har etter kvart «skjemt oss ut» med den eine gode forteljinga etter den andre.

Sist var det med «Jordmora på jorda», no er det «Felemakaren», og denne romanen er både knytt nært til det jordiske liv, men også med klåre himmelske tonar. For meg som kristen lesar vert romanen til oppbygging og styrking av trua.

Forteljinga kan opplevast nokså triviell, men like fullt har ho ein nerve av spaning gjennom det heile.

Frikjend for drapsmistanke

Lars Olsen Hoem, felemakaren, levde frå 1782 til 1852. Nokre av felene han bygde eksisterer framleis, ei er å finne på Ringve Museum i Trondheim, andre er i privat eige.

Men før Lars starta bygginga av instrumenta, hadde han ei til dels stormfull og tøff ungdomstid. Alt tidleg i forteljinga får vi vita at han hadde eit vanskeleg forhold til broren. Pe, som broren går under namnet, var saman med ei kvinne som venta barn.

Men ho forsvann, og Pe vart mistenkte for drap. Sjølv om han vart frikjend i retten, kunne Lars ikkje frikjenna broren for drapsmistanken – heilt til dei seine år i livet.

Lars Olsen Hoem vart utskriven til å vera med i kampane mot engelskmennene under Napoleonskrigane. Kompaniet han høyrde til, gjekk til fots frå Romsdalen til Københamn der det venta harde kampar.

Med livet som innsats

Etter kvart finn Lars si Gunnhild, og saman stiftar dei ein heim. Det gav mykje hardt arbeid for begge ektefellene. Dei fekk seg ein bustad i Kristiansund, og her vaks det opp ein barneflokk som foreldra gav mykje kjærleik.

Ein stad mot slutten av romanen, heiter det at Lars såg tilbake på livet sitt og særleg åra han var i krigen: Den gongen rodde han og kameratane med livet som innsats.

No rodde han for Gunhild og døtrene si skuld. Filosofar og andre klokingar hadde reflektert over kva som var meininga med livet, og kanskje hadde han også sjølv kasta bort tid på slike tankar?

Det var ikkje fritt for at han hadde gjort det, han hadde ikkje heilt gløymt ungdomstida si, da han var så ivrig etter å løysa dei tankeflokane som ingen visste svar på». (side 250–251)

Mest av tvil

Lars kjempa eit liv fylt av tvil og tru, mest av tvil. Men han gløymde ikkje den unge mannen i kompaniet som var på veg til krigshandlingane i Københamn. Den karen kom med sterke vitnemål om trua på Jesus.

Mot livskvelden fekk ei av døtrene Lars med på eit møte i haugiansk samanheng. Og talen som predikanten kom med den dagen, gjorde inntrykk på felemakaren.

Det handla om det paradoksale i trua at «på den sida at det er Vårherre aleine som kan gjera oss salige og gi oss det evige livet, på den andre at vi sjølve uopphaldeleg må arbeida for det, ja, vi må streva av alle krefter for å oppnå det!».

Så tok talaren til å klimpra på ein mandolin som felemakaren sjølv hadde bygd og song «Ingen finder frem til den evige ro, Som ej alvorlig fremtrænger».

Og så opplever eg at Lars Olsen Hoem til sist overvinner tvilen og får leva i ein truskamp som gir han fred.

Sterk roman

Ein sterk roman nok ein gong frå Hoem si hand. Det ligg mykje hardt arbeid å få fram ei forteljing som dette med mykje arbeid i ulikt kjeldemateriell.

Men for eit bokglad publikum er det ikkje mindre enn ei stor gåve som er gitt oss no like framføre julehøgtida!

Powered by Labrador CMS