Taus uro
Vi er tretti menneske, vi skal vere stille saman i tre dagar.
Kling klang kling klang. Det er utruleg kor mykje lyd gaflar og knivar kan lage når mange menneske et middag i lag i det same romme, når ingen pratar.
Eg er på retreat for første gong, stille retreat med stille måltid på Lia Gård i Østerdalen. Retreat handlar om å trekkje seg tilbake for å kvile og søkje Gud. Det fins ulike variantar, strikkeretreat, musikkretreat, familieretreat med meir. Dei varer vanlegvis frå nokre dagar til ei veke og har ulik grad av stillheit.
Eg sjekka ikkje så grundig kva type retreat eg skulle på. Det er først når eg kjem fram at eg skjønar at vi skal vere saman i tre døgn, utan å seie nokon ting. Kanskje derfor ho var så pratsom, dama frå Lia som kom og henta meg på togstasjonen, vi prata sånn at ho gløymde å svinge av den vesle grusvegen opp til Lia Gård. Vi køyrde fleire kilometer forbi før ho oppdaga det.
Panikk
Når eg kjem inn på rommet mitt, og alt er heilt tyst, får eg lettare panikk. Eg kjem frå ein hektisk kvardag. Overgangen er voldsom.
Kva er det eg har gjort? Kva skal eg finne på? Ikkje nok med at alt er så stille, vi er også blitt oppmoda om å legge vekk PC og mobil. Akkurat no kjenner eg at eg er ganske avhengig av den mobilen.
Eg les febrilsk gjennom programmet for retreaten, deretter les eg alt som står i informajonspermen frå Lia Gård: Kor ein kan kjøpe frimerke, sende post, om turmuligheter, kor ein kan røyke og ikkje, kor ein finn ekstra håndkle og kor ein kan kjøpe sjokolade, at Lia Gård er stengt i jula. Eg les alt.
Det står også eit kapittel om å vere stille i infopermen. «Hva skal man så gjøre i stillheten. Ofte er det en hjelp å velge et ord eller noen ord som uttrykker ens eget ønske om å ha fellesskap med Gud. Slike ord kan være: nåde, barmhjertighet, pappa, stillhet, tillit» Midt i all uro kjenner eg at ordet «pappa» treff meg i magen.
Det er kveldsbøn i kapellet. Eg får ikkje med meg så mykje, prøver å finne ut om det var ein god ide å dra på denne retreaten eller ikkje. Kanskje burde eg blitt heime?
Elska
– Vi er aldri uskuldige, men alltid elska, seier Peter Halldorf. Det er ein ny dag, og vi er komne til morgonmesse. Halldorf har ei kort preike. Orda går djupt i meg. Aldri uskuldige, men alltid elska, det gjer godt langt der inne ein stad. Nattverdsfeiringa etter talen samanfattar bodskapen.
I ein retreat er det lagt til rette for at ein kan søkje Gud både åleine og i fellesskap. I denne retreaten har vi faste samlingar i kapellet fire gonger i døgnet. Hovedinnhaldet i desse samlingane er bibeltekstar. Dei omhandlar både glede og sorg, synd og tilgjeving, smerte og lovsong. Det opplevest godt å få hjelp til å be og søkje Gud gjennom ferdig formulerte bøner frå Bibelen. Nokre gonger blir det veldig mange ord, eg dett av lasset, andre gonger rører orda ved meg.
Uro
Etter messa er det frukost. Vi sit stille og et. Kor skal eg feste blikket, vi sit jo rett overfor kvarandre, og det er rart å ha augekontakt når ein ikkje kan helse på folk, eller snakke med dei. Eg har lyst på knekkebrød, men let det vera, det bråkar jo sånn.
Eit halvt døgn har gått. Det er stille alle stader. Men inne i meg er det uro. Stilla tvingar meg til å møta meg sjølv. Det har vore travelt i det siste, men eg er delvis skuld i det sjølv. Når eg har litt ledig tid, surfar eg gjerne på mobilen. Facebook, nyheter, Instagram, vermelding, facebook, nyheter, vermelding...
Gudslivet mitt har ikkje vore så mykje å skryta av siste tida heller. Nei, det er ikkje så lett å finna ro til det når ein har både tenåringar og småborn i huset, men eg rekk mykje anna som eg ikkje må.
Venner
Halldorf har fem bibeltimar over temaet «Drikk djupt av Anden» i løpet av retreaten. I dag deler han frå Johannesevangeliet. «Eg kallar dykk ikkje lenger tenarar, eg kallar dykk venner», seier Jesus (Joh 15.15). Kva betyr det at Gud vil vere venn med oss? Jo, han vil ikkje berre at vi skal vere nær han for vår eigen del, han likar å vere saman med oss. «Ein trufast venn er som ein livgjevande drikk» siterer Halldorf frå Siraks bok. Siraks bok er ikkje med i vår Bibel, men er rekna for å vere oppbyggjeleg jødisk visdomslitteratur frå tida like før Jesus fødsel og høyrer til dei apokryfe bøkene.
– Gud drikk av vårt vennskap, seier Halldorf.
Det er middag. Men folka på kjøkkenet har gløymt å setje fram tallerkenar. Sidan vi har stille måltid er det ingen som tør å seie frå at det manglar noko på bordet. Til slutt er det ei dame som med teiknspråk får forklart problemet, og middagen kan starte.
Ingen pratar, og for første gong kjenner eg at det er godt. Eg kan la bibeltimen fortsetje å arbeide i meg.
«Den som bäst svarar mot sin tids behov kommer att vara den som aldrig hade för avsikt att svara mot dem». Halldorf siterer den franske jesuittpresten Henri de Lubac. Det er jo litt av eit utsagn!
Det å vere stille og søkje Gud fjernar oss ikkje frå samfunnet, vi kjem derimot nærare samfunnet, ja nærare det å vera menneske også! Han viser til korleis klostera i Europa vart livgivande oasar for folket rundt dei. Både innan skulevesen, helsevesen og jordbruk spela klostra ei avgjerande rolle historisk.
Dynamikk
Det er ein vakker dynamikk Halldorf teiknar opp i løpet av desse dagane. Vennskapet med Gud, der utgangspunktet er Guds kjærleik til oss, vil etterkvart bere frukt. Ikkje fordi vi tenkjer så hardt på alt det vi burde gjera som gode kristne, men fordi relasjonen med Gud føder nye ting i oss. Guds kjærleik gir liv, som vi får gje vidare til samfunnet rundt oss.
Det er gått to dagar av retreaten på Lia Gård. Det er stillare inne i meg no. Det er som eg etter å ha gått vill i skodda ei stund møter ein god venn som peikar på stien som fører dit eg skal.