Til glede, lærdom og inspirasjon
Nokre av dei kristne klassikarane kjem stadig ut i nye opplag, og godt er det
Her presenterer vår anmelder Johannes Kleppa sine favoritter fra bokåret 2020. Se favorittbøkene til de andre anmelderne i Dagen her.
----------
Når ein gjennom året har meldt over 30 bøker i Dagen, vil det vera stor variasjon i type bøker og innhald. Dei fleste har alle vore til glede, lærdom og inspirasjon på ulike måtar, nokre på eit allment plan og andre på eit kristent plan.
Doktorgrad
Eg vil starta med den mest spesielle boka, som faktisk er ei doktorgradsavhandling i teologi. Då forstår ein straks at det ikkje er den litterære sida som er hovudsaka, men det innhaldsmessige – som er både originalt og viktig.
Det dreier seg om professor Ivar Kristianslund si tredje doktorgradsavhandling, som han forsvarte i ein alder av 85 år.
Som professor har han hatt forskningsmetode som eit av sine spesialfelt, og det er viktig med tanke på denne avhandlinga, «Ungt univers fullført på en uke».
Avhandlinga er ein forskningsmessig kombinasjon av bibelstoff og naturvitskap, skaping og evolusjon.
Kristianslund sin hovudpåstand forskningsmessig er at ung-jord-skaping er den beste forklaringa på det naturvitskapen har fått fram, ikkje makro-evolusjon (evolusjonslæra). Det meiner han gjennom avhandlinga å ha bevist.
Han vurderer altså dette forskningsmessig og med analysar av ulike forskningsmetodar på eit prinsipielt plan. Ung-jord-skaping finn han også å ha best støtte i det bibelske materialet, og han legg difor det forskningsmessig til grunn.
Denne avhandlinga er tilgjengeleg både på papir og på nett ved å kontakta forfattaren, men ho er svært lite kjent. Eg hadde vona at avhandlinga hadde skapt debatt, særleg i teologiske miljø, men det har ikkje skjedd.
Det er vel eit vitnemål om at synspunkt av den karakteren Kristianslund fører fram, i utgangspunktet vert ignorerte.
I denne samanhengen nemner eg også Michael J. Behe si bok «Darwin på retur». Han definerer seg som deist, altså ikkje som kristen, og tek eit solid fagleg og vitskapleg oppgjer med darwinismen, men han presenterer ingen bibelsk skapingslære.
Sjelesorg og lærdom
Nokre av dei kristne klassikarane kjem stadig ut i nye opplag, og godt er det. For meg vart det eit nytt møte med Bo Giertz sin roman «Steingrunnen». Det er ei bok til personleg sjelesorg og til teologisk lærdom med tanke på forkynning og undervisning.
Av oppbyggleg karakter løfter eg også fram David Østby sin bok «I forventing av Jesu gjenkomst & Himmelens herlighet». Tittelen innsnevrar diverre i for stor grad til endetidsspørsmål, som utgjer ein liten del av boka.
Framstillinga er ein gjennom gang av heile Bibelens bodskap med vekt på «forventning. Pinsepredikanten Østby har skrive boka i ein alder av 85 år.
Det kan difor vera hans litterære og teologiske testamente, og i så fall er det eit godt testamente. Det er også grunn til å framheva Leif O. Holstad si bok om endetidsteikn i lys av Daniels bok, «Profetisk verdenshistorie».
Han døydde straks boka var komen ut, men ved denne boka fekk han gje oss mykje til ettertanke – sjølv om ein i slike bøker aldri er samd med alle synspunkt forfattaren fører fram.
Hauge
Eg kan ikkje la vera å framheva Alv Magnus si bok om Hans Nielsen Hauge, «Mannen som forandret Norge». Dette er etter mitt skjønn den beste boka så langt om Hauge, fordi ho får fram både mannen, hans gjerning og hans forkynning på ein god og inspirerande måte.
Når det gjeld biografiar, er det også grunn til å nemna Håkon C. Hartvedt si bok om Inge Halstensen, «Samfunnsbyggjar med Hauge i bagasjen» - inpirerande og festleg.
Den lærde, men smålåtne professor Torleiv Austad har skrive sin sjølvbiografi, «Livet har opna seg». I tillegg til å læra mannen å kjenna, får vi her ein lærerik teologihistorisk gjennomgang av etterkrigstida.
Til sist: Dei seinare åra har eg lese ein del av forfattaren Kaj Skagen. I år kom det ut på nytt to kontroversielle bøker som eg hadde tenkt å lesa for lenge sidan, men det vart altså no: «Bazarovs barn» (1983) og «Himmelen vet ingenting» (1988).
Eg presenterer ikkje bøkene, men her er stoff til både underhaldning og ideologisk ettertanke, særleg i den første.