Trur på anden og akademia
På Høyskolen for ledelse og teologi løftar studentane både hendene og dei kritiske spørsmåla.
Termosane og datamaskinene står lina opp på pultane, studentane har akkurat diskutert saman to og to. Så skyt hendene i vêret.
– No trykker de på dei rette knappane her! No set de i gong ei preike med kvart einaste innspel, seier ein begeistra Truls Åkerlund.
Han er førsteamanuensis ved Høyskolen for ledelse og teologi (HLT) og har nettopp snakka til studentane om misjonsbefalinga i Matteus 28. Linjene blir dregne frå den tyske teologen Dietrich Bonhoffer til den amerikanske pastoren Dallas Willard. Kva er det å vere ein disippel av Gud?
– Dette er noko av det sentrale i frikyrkjelegheita: det som vi gjer, det er det som Gud får gjort i verda, seier Åkerlund til nikkande hovud.
I haust er det ti år sidan høgskulen kunne ønske dei første studentane velkomne. Det heile starta med at Predikantkonferansen til pinsevennane i 2001 gav Filadelfiakirken i Oslo mandat til å arbeide med å bygge opp ei høgare teologisk utdanning i rørsla. I 2007 inngjekk arbeidsgruppa eit samarbeid med Baptist-samfunnet. Allereie året etter kunne Høgskolen for teologi og ledelse opne dørene på Holtekilen ved Stabekk, i lokala som tidlegare husa Baptistenes teologiske seminar.
Inderleg
Etter timen ruslar studentane over vegen, forbi Holtekilen folkehøgskole og inn i Bærum Baptistkyrkje. Kvar tysdag er det såkalla «Chapel», ein time med lovsong og andakt. Stolradene fyllest opp, det er rundt hundre studentar og lærarar i rommet. Snart fyller lovsongen kyrkjerommet. Ein mann snur seg og fell ned på kne mot stolen. Hendene gøymer ansiktet, framande gloser renn ut mellom fingrane i ein jamn straum.
Songen blir avrunda og studentpastor Lars Christian Gjerlaug grip mikrofonen. Han snakkar om kampen mot motløyse.
– I tillegg til å vere pinsevenn, som i seg sjølv kan vere utfordrande, har eg også vore Ham-Kam-supporter og engasjert i KrF. Medvind har altså ikkje vore mi utfordring.
Preika engasjerer og utløyser humring, mmm-ing og ja-ing.
– Vi skal vere ein familie der vi bygger opp trua til kvarandre, fordi det bygger Guds rike, avsluttar han.
Fjellhaug-miks
Ingebjørg Fauske (22) og Sunniva Fuglestveit (23) har fått andeleg føde, no er det på tide med lunsj. Dei ruslar tilbake til skulebygget medan dei fortel om korleis dei enda opp på HLT. Begge tek eigentleg ein bachelorgrad ved Fjellhaug, høgskulen til Norsk Luthersk Misjonssamband, men har valt å ta enkeltfag ved HLT.
– Eg ville gå her for å få nye impulsar. Eg er oppvaksen i bedehusland i Rogaland og går i Misjonssalen. Det trivest eg godt med, samtidig synest eg pinserørsla er flinke til mykje som eg ønskte å lære meir om. Dei er kjende for å ha gjestfrie forsamlingar og å bygge opp gode leiarar, seier Ingebjørg Fauske.
Ho trur mange som kjem innom eit bedehus kan føle på at her er det ein bestemt «boks» som ein må passe inn i.
– Eg opplever at folk som prøver å finne seg til rette i ei menighet, raskare kjenner seg heime i uttrykket i pinseforsamlingar utan at det går på kostnad av det som blir formidla frå scena. Det håpar eg vi blir betre til på bedehusa, seier Fauske.
Djupare
For Sunniva Fuglestveit frå Mandal gjekk det motsett veg. Etter å ha blitt kristen gjennom konfirmasjonsundervisninga i Den norske kyrkja, engasjerte ho seg i ei pinseforsamling.
– Det var fint, men eg synest ikkje alltid dei meistra djupna i trua. Mykje blei heller basert på kjenslebasert andelegheit. Eg hadde lyst på ein fastare og ikkje så svevande grunnmur, fortel Fuglestveit.
– Det er slitsamt å basere trua berre på kjensler, for når dei svingar, vil også trua svinge, utdjupar ho.
Etter vidaregåande begynte Fuglestveit derfor på Bildøy bibelskule utanfor Bergen, som er eigd av Indremisjonsforbundet. Der fann ho noko av det trusfundamentet ho hadde sakna.
Felles mål
Venninnene synest det fungerer fint å veksle mellom ulike kristne skular og ulike forsamlingstypar.
– Når vi går på desse to ulike skulane samtidig, så merkar vi at ein eigentleg vil det same: å bygge Guds rike, seier Ingebjørg Fauske.
Ho trur pinserørsla kan bli betre på å lodde djupna i trua, medan bedehusmiljøa kan bli betre på å formidle heilskapleg liv, ikkje berre bibelteologi.
– Vi har så mykje å lære av kvarandre. Før gjekk du enten på bedehuset eller i ei pinseforsamling. Men vår generasjon er ikkje så redde for å vere i fleire leirar, seier Sunniva Fuglestveit.
Påfyll
Sidan oppstarten har høgskulen utdanna og etterutdanna både pastorar, misjonærar, lærarar og andre. Målet er å utruste menneske til å bli både menighet- og samfunnsbyggjarar, fortel studentpastor Lars Christian Gjerlaug.
Han tek eit raskt blikk over studentane som sit ved borda utanfor kantina. Sjølv om haustlufta har blitt skarpare, kan lunsjen framleis etast i det fri.
– Der borte sit folk frå Ungdom i Oppdrag, der har du Filadelfia, Skaperkraft, Frikirken, der har du ein gjeng frå Salt, Hillsong, der er nokre frå Den norske kyrkja. Og der borte har du Jarle Waldemar.
Sistnemnde er artist og forfattar som dei 16 siste åra har gitt ut ei stor mengd barnebøker og musikk med kristen profil. Til vanleg er han mykje brukt på sommarstemne og i kristne forsamlingar. No sit han her med skuleveska ved stolbeina.
– Kvifor går du her?
– For å få påfyll. Denne plassen gir meg så mykje, eg får nye perspektiv. Det begynte med at eg tok eitt fag, preikelære. Men når det hadde gått eit halvt år, kjende eg at eg ville ha meir. Derfor starta eg på bachelor. No skal eg også ta master i menighetsleiing, fortel Waldemar.
Gud med i likninga
Ein bibel og ein leverposteiboks prydar bordet der Christer Andersen har slått seg ned saman med kompisgjengen. Andersen jobbar eigentleg i Ungdom i Oppdrag (UiO) i København, men hadde lyst på meir fagleg tyngde.
– Eg visste at dette var ein skule som tok Gud seriøst, som ikkje tok Gud ut av likninga i teologistudiet.
– Her får eg i tillegg moglegheit til å ta studiet på deltid, samtidig som eg jobbar for UiO, forklarer han.
For Andersen var det viktig å få studere på ein slik måte at han sjølv kunne vekse i trua, og samtidig bli betre utrusta til å disippelgjere andre.
– Korleis fungerer kombinasjonen av det akademiske og det andelege her?
– Denne skulen vil viske vekk skiljet mellom det lågkyrkjelege og akademia. Vi bør ikkje vere redde for å stille kritiske spørsmål til Guds ord og Bibelen. Samtidig merkar du verkeleg kvar hjartet til lærarane ligg i fellessamlingane. Enkelte startar også undervisninga med bøn, fortel han.
Frigjerande rom
Forskingsleiar ved HLT Karl Inge Tangen trur høgskulen han var med på å starte for ti år sidan, har blitt ein stad der karismatikarar faktisk våger å stille spørsmål.
– Mange seier at det har vore frigjerande. I undervisninga møter studentane eit stort mangfald av teologiske posisjonar. Det å snakke ope om desse er lettare når ein har ein lærar som både elskar Bibelen og samtidig er akademisk konstruktiv, seier Tangen.
– For oss er det naturleg å gå frå inderleg lovsong til å snakke metodisk om kva eit ritual er. Vi snakkar også om at det under til dømes lovsongen, er ein del psykologiske element som blir utløyste. Samtidig trur vi det er noko meir, seier han.
Nær og kritisk
– Det lågkyrkjelege og det akademiske har ofte stått i motsetnad til kvarandre. Korleis får de desse til å gå hand i hand?
– Dei 20 siste åra har det kome ein betydeleg del pentekostal teologi inn i fagteologien. Faggrunnlaget for skulen er derfor til stades. Og så er vi opptekne av å balansere det å både vere deltakar og observatør, forklarer Tangen.
Tangen fortel at i Chapel-samlingane har den praktiske teologien forrang, men den teoretiske teologien kjem også til syne, til dømes gjennom korleis ein skal skrive ei preike. Når ein går inn i klasserommet etterpå, handlar det først og fremst om metode og å ha ein viss kritisk avstand til det ein held på med.
– Då får vi på den eine sida ein opplyst praksis, på den andre sida kan vi ha ein refleksjon som trekker på ulike praktiske erfaringar, oppsummerer han.
Ingen salvetvang
– Kva viss ein ikkje kjenner på Den heilage ande, men ser at medstudentar gjer det? Er det ein fare for å kjenne seg mindreverdig i klasserommet?
– Då trur eg løysinga er å skape ein tryggleik i den enkelte for den ein er, slik at erfaringane til dei andre ikkje blir opplevd som ein trussel, men som ei moglegheit, seier Tangen.
Han fortel at HLT er opptekne av at folk ikkje skal kjenne seg pressa inn i former dei ikkje er komfortable med.
– Det er ikkje like naturleg for alle å bli bedt for med handspålegging eller salva med olje. Vi må bygge eit trygt klima der begge deler er greit, forklarer han.
Akademisk kred
– Kva trur du dei andre, store teologiutdanningane i Noreg tenker om dykk?
– I noko grad har vi nok vore litt under radaren, med unntak av Ansgar i Kristiansand som vi samarbeider ein del med. Vi samarbeider også mykje med Ørebro teologiske seminar i Sverige. Men frikyrkjeleg teologi har ikkje hatt høg status verken i Noreg eller utlandet, seier Tangen.
Samtidig strekar han under at det ikkje er så viktig kva dei andre tenker om HLT, då er det viktigare kva NOKUT som gir økonomisk støtte meiner.
– Å byggje opp akademisk kredibilitet tek tid. Vi byggjer oss langsomt opp, seier Tangen.
Lunsjen er over og det er på tide med ei ny førelesingsøkt. I underetasjen har rektor Arne Mella samla ein stor studentgjengvpå grunnstudiet i kristendom/KRLE.
– Når skal de skrive Gud med stor G og liten g? Ver nøye, for det kommuniserer ganske ulikt, seier han.
Studentane har igjen fått noko å diskutere.