UTFORDRING: Dette er ei bok til lærdom, og eg vonar kristenfolket i alle samanhengar – og politikarar og kulturaktørar av alle slag, tek mot den utfordringa vi her får, skriv Johannes Kleppa. På biletet ser vi Alv Magnus.
Tore Hjalmar Sævik
Utfordrande om Hauge
Opp gjennom åra har eg lese nokså mykje om Hans Nielsen Hauge, og litt av han. Denne boka vil eg seia er den beste.
Hans Nielsen Hauge var ein allsidig mann, og han har etter kvart fått posisjonen som den mannen som har prega utviklinga i landet vårt sterkast. Det gjorde han primært gjennom det han forkynte, men også gjennom sin praktiske innsats. Han gjorde det ved sitt eige liv, og han gjorde det ved måten han engasjerte tusenvis av menneske gjennom årtier.
Det er om denne mannen Alv Magnus, mangeårig leiar i Ungdom i Oppdrag, har skrive ein utvida biografi med den talane undertittelen «Mannen som forandret Norge». Magnus har gjennom heile livet vore oppteken med Hauge, og han har skrive om mannen og den rørsla han skapte, også før. Denne boka er det mest omfattande Magnus har skrive, og det er nok ei sluttføring av hans Hauge-engasjement. Boka er ei viktig gåve til det norske folket, og særleg til kristenfolket. Det er eit fagleg solid arbeid vi her har med å gjera, samstundes som boka er lettlest.
Historisk perspektiv