Vil endre strenge reglar for kristne skulelag
Bystyrerepresentant Tove Welle Haugland (KrF) var ikkje klar over kor strenge vilkåra var for skulelaget på Møvig skole.
No vil ho ta saka opp i Kristiansand bystyre.
Torsdag melde Dagen at skulelaget på Møvig skole i Kristiansand ikkje får lov til å ha møter når dei vil, invitere gjestar så ofte som dei vil eller ha matservering.
Bystyrerepresentant Welle Haugland reagerer på saka og ynskjer no å ta saka opp i bystyret så fort som mogeleg.
– Det er veldig trist at vi opplever at skuleleiinga legg band på eit viktig engasjement frå elevane. Samstundes tenkjer eg at dette ikkje kan vere tråd med retningslinjene i kommunane, seier Haugland. Ho sit også i KrFs sentralstyre.
Etterlyser meir fridom
Welle Haugland meiner at elevane må få meir fridom til å drive skulelaga slik dei ynskjer, og at politikarane må endre retningslinjene slik at rektorar ikkje kan legge strenge føringar for skulelaga i Kristiansand.
– Vi har tru på at elevane klarer å organisere aktiviteten sin på eiga hand, og at det er både sunt og positivt å drive med lagsarbeid. Vi må heie fram engasjert ungdom som vil dele trua si med andre, seier Welle-Haugland.
Uklare retningslinjer
Det er ulike tolkingar av retningslinjene for skulelag i Kristiansand kommune. Fagsjef i Kristiansand kommune, Roy Wiken, uttalte i går til Dagen at føringane som rektor har lagt for skulelaget på Møvig skole er i tråd med retningslinjene. Det er ikkje Welle Haugland einig i og meiner at det er eit teikn på at retningslinjene må bli tydelegare.
– Eg meiner at vi må ta ein diskusjon på om vi har gode nok retningslinjer. Det er ikkje i tråd med det Stortinget vedtok i fjor om at vi skal legge til rette for skulelag.
Ikkje klar over omfanget
Kristiansand KrF har lenge har vore klar over at det har vore konflikt mellom skulelaget og skuleleiinga ved Møvig skole. Ho fortel at dei har prøvd å gjere noko med situasjonen, men at dei ikkje visste at situasjonen var så ille.
– Vi har ikkje vore klar over alle detaljane. Vi visste at dei hadde oppstartsproblem og vanskar med å arrangere møte, men vi var ikkje klar over matforbodet. Difor vil vi ta opp situasjonen i bystyret fordi problemet har vore større enn vi har trudd.
Håper på støtte
Welle Haugland seier at ho trur at KrF kan få støtte frå fleire parti i bystyret om ein gjennomgang av retningslinjene, og viser til saka om bolleforbodet i Sirdal kommune, der det var eit stort engasjement frå politikarar i ulike parti.
– Eg håper at eit fleirtal i bystyret meiner at det er viktig. Vi har sett i saka i Sirdal kor breitt engasjementet kan gå på tvers av partia, seier ho.
Viktig prinsipiell sak
Demokratane sin gruppeleiar i Kristiansand bystyre, Vidar Kleppe, har også engasjert seg i saka. Han har levert interpellasjon til ordførar Harald Furre (H), på bakgrunn av Dagen sin omtale av saka.
– Eg meiner at ei så viktig prinsipiell sak for Kristiansand kommune må vi få avklart. Dette er ein god kristen frivillig organisasjon som vil ha aktivitet i skulen og så skal dei oppleve slike restriksjonar. Eg skjønar ikkje at det er mulig, seier Vidar Kleppe til Dagen.