INITIATIV: Mats Danielsen (Frp) og Marie Ljones Brekke (KrF) inviterer politikarar frå alle parti til å delta i Israels vener i Stavanger bystyre.

Vil opprette Israels vener for å hindre raud boikott

I Stavanger har Frp og KrF teke initiativ til ei støttegruppe for Israel. – Valbløff, svarar ordførarkandidat for Raudt.

Publisert Sist oppdatert

Stavanger-politikarane Marie Ljones Brekke (KrF) og Mats Danielsen (Frp) har teke initiativ til at å samle israelsvenlege bystyrerepresentantar. Dei er sterkt inspirert av Israels vener på Stortinget, og ynskjer å overføre det til lokalpolitikken.

– Raudt har uttalt at dei vil boikotte Israel. Det er ein motivasjon for oss å opprette gruppa for å vere ei motvekt mot boikotten. Vi trur ikkje på å boikotte frie statar, men på samarbeid som ein veg til fred. Det trur vi at denne gruppa kan bidra til, seier Danielsen.

– Også i andre kommunar har parti på venstresida teke initiativ til å boikotte Israel, og nokon kommunar har også vedteke det. Dette er ein motreaksjon mot alle desse partia som ynskjer kommunal boikott av Israel i Stavanger og i andre kommunar, fortel Brekke.

Dei har trua på å få med alle i bystyregruppene sine, og dei håpar at også representantar frå andre parti skal slenge seg på.

– Eg trur ikkje at det er umogleg at vi klarer å få med 20 representantar, seier Danielsen.

Universitetssamarbeid

Mellom 2014 og 2018 hadde Universitetet i Stavanger eit samarbeid med det israelske universitetet Technion i Haifa. Det var eit samarbeid om oljeteknologi, og matematikk, fysikk og kjemi.

Politikarar i SV og Raudt var sterkt kritisk mot samarbeidet og kravde det avslutta.

Det meiner Brekke at illustrerer behovet for ei organisert støtte for Israel i Stavanger-politikken.

– Dette viser at det er veldig mange som er skeptiske til alt som har med Israel å gjere, seier ho, og legg til:

– Eg tenkjer at Israel har ekstemt mykje å kome med når det gjeld kunnskap og ny teknologi. Vi som er ei lita kommune i Noreg kan ha enormt stort utbytte av å samarbeide med Israel.

Venskapsbyar

Stavanger har venskapsby i Israel og Vestbreidda. No ynskjer lokallaget til FrP å seie opp Nablus som venskapsby på Vestbreidda, og tilsvarande styrke samarbeidet med Netanya i Israel.

– For nokon år sidan valte Nablus å kalle opp eit torg i byen etter ein terrorist som stod bak ei bussbombing i Tel Aviv. Det gjer at vi ynskjer å seie opp den venskapsbyen, seier Danielsen.

Det er ikkje Brekke samd i. Ho meiner at det er best å halde fram med samarbeidet.

– Eg synst det er fint at vi kan samarbeide begge vegar, og den dialogen ser vi på som utruleg verdifull. Viss ein berre samarbeidar ein veg, trur eg at det er vanskeleg å skape fred på lengre sikt, meiner ho.

Ein valbløff

Raudt sin ordførarkandidat i Stavanger kommune, Mímir Kristjánsson, reagerer med latter når han får høyre forslaget. Han stadfestar at Raudt ynskjer ein boikott av Israel, men nektar for at det har vore eit tema under valkampen.

– Vi meiner det framleis, men det har ikkje vore eit tema på år og dag, seier han.

Kristjánsson meiner at forslaget om israelsforeining er eit resultat av at FrP slit på målingane og at KrF sin ordførarkandidat har opna opp for å bryte det 25 år lange samarbeidet med høgresida.

– Eg må berre le. Dei må berre opprette gruppa, men dette som skjer her, er at Marie Ljones Brekke ikkje vil at KrF skal samarbeide med venstresida i Stavanger, slik ordførarkandidaten hennar har opna for, meiner Kristjánsson, og held fram:

– Eg skjønar at det kan vere freistande med slike symbolmarkeringar for å mobilisere eit visst segment, men ein får ikkje ein meir kristen politikk med Frp enn med Raudt. Dette er ein valbløff på tampen av valkampen, som har som mål å lokke kristne veljarar til Frp, seier Raudt-politikaren.

Stavanger FrP går til val på å seie opp venskapsavtalen med Nablus på Vestbreidda. Kristjánsson og Raudt har ingen mål om å seie opp avtalen med Netanya i Israel.

– Den kommunen som er mest viktig for innbyggjarane i Stavanger, er verken Netanya eller Nablus, men Stavanger. Eg meiner at venskapssamarbeidet vi har med Nablus og Netanya er eit fint arbeid, og ynskjer ikkje å seie opp nokon av dei, seier han.

Stavanger bystyre

Består av 67 representantar.

Høgresida har hatt fleirtal i bystyret sidan 1994.

Høgre har hatt ordføraren i byen dei siste 25 åra.

1. Januar 2020 vert Finnøy og Rennesøy ein del av Stavanger kommune.

Powered by Labrador CMS