Ville verva spionar i tyrkiske kyrkjer
Tyrkia forsterkar presset mot protestantiske kyrkjelydar. Svartelistinga av utanlandske kristne held fram. No kjem historier om forsøk på fiendtleg infiltrering.
Folk som identifiserte seg som representantar for tyrkiske etterretningstenester, prøvde i minst fem tilfelle i fjor å verva kristne tyrkarar og kristne flyktningar som informantar – spionar.
Dei tilbaud pengar eller brukte trugsmål. Flyktningar fekk tilbod om flyktningstatus. Agentane var ute etter informasjon om kyrkjene, om pastorar og om aktivitetar i protestantiske kyrkjer i fleire byar i aust og søraust. Det fortel Den protestantiske alliansen (TEK) som Stefanusalliansen støttar.
Protestantiske kyrkjer er opne, dei følgjer lovene og er transparente og ansvarlege. Slik mistenkjeleg og tildekt framferd skaper uro, skriv TEK i 2020-rapporten sin om menneskerettar i Tyrkia.
Mine Yildirim, tyrkisk akademikar og tidlegare vinnar av Stefanusprisen, seier til Arab News at rapportar om verveforsøk frå folk som introduserer seg som sivilt politi eller etterretning, er alarmerande, men ikkje nødvendigvis nytt.
Dersom det faktisk var offentlege tenestemenn som ville rekruttera spionar, er det alarmerande at styresmaktene møter heilt opne gudshus med ei slik mistenksam haldning. Dersom det ikkje var offentlege tenestemenn, er situasjonen også alarmerande, seier Yildirim. Det viser nemleg at det finst folk som vil «gje seg ut for å vera staten» for å overvaka og skremma det protestantiske samfunnet.
Dette vesle samfunnet er under aukande press. Det tel 6-7000 menneske og består i stor grad av folk som har konvertert til kristen tru, dei fleste frå islam.
Politikken med å kasta ut, nekta innreiseløyve etter utanlandsopphald eller nekta å fornya opphaldsløyve for utanlandske kristne som er aktive i protestantiske kyrkjer, skaut fart i 2019. Frå då og til no er nær 70 utlendingar svartelista. I tillegg kjem kring 100 ektefeller og barn.
Ein medarbeidar i Stefanusalliansen vart i mars i fjor svartelista. Ho vart nekta innreise i Tyrkia og sendt tilbake – stempla som trussel mot nasjonal tryggleik. Ho er ikkje busett i Tyrkia. Men nokre veker tidlegare hadde ho delteke på ein nasjonal konferanse for leiarar i protestantiske kyrkjer i Tyrkia, på eit hotell. Fleire andre utlendingar som deltok, vart også svartelista.
På toppen av dette kjem endå eit urovekkjande trekk: I minst seks tilfelle er no utlendingar som er gift med tyrkarar, ramma. Dei tyrkiske ektefellene av dei svartelista, har sentrale leiaroppgåver i kyrkjer.
Dette skaper eit sterkt inntrykk av at det protestantiske samfunnet målretta er under åtak. Ingen kyrkjer får utdanna pastorar og prestar i Tyrkia. Fleire protestantiske kyrkjer treng difor hjelp av utanlandske kristne som bur i Tyrkia.
Mine Yildirim seier til Arab News at ingen er etterforska for eller tiltalt for påstått ulovleg religiøs aktivitet. Tyrkia altså kastar ut utanlandske kristne basert på hemmelege rapportar og ikkje på opne rettargangar. Og dersom det er sant at Tyrkia prøver å infiltrere protestantiske samfunn, viser det at dei ikkje kan ta opp det dei finn mistenkjeleg innanfor rammene av lova.
Mange enkeltmenneske får trusfridomen angripen og liva snudde opp ned og står rettslause. Ingen som har gått til sak, har så langt vunne fram.
Tyrkias handlemåte er heilt uakseptabel. Politikken fortel også korleis styresmaktene i Tyrkia ser på dei protestantiske kristne, når utanlandske kristne som er aktive i kyrkjene eller hjelper dei får utlandet, vert stempla som trugsmål mot Tyrkias nasjonale tryggleik.
Rapporten frå TEK fortel også om kor vanskeleg det er at protestantiske kyrkjelydar ikkje får registrera seg som trussamfunn og kyrkjene som gudshus. Difor er det mange som registrerer seg som foreiningar eller stiftingar. Heile situasjonen for protestantiske kristne blei kritisert i eit FN-brev til Tyrkia i 2020. Tyrkia avviste kritikken.
Men dei protestantiske kyrkjene har dårlegare vern enn andre trussamfunn, også under pandemien. I eit distrikt i Istanbul blei tre protestantiske kyrkjer stengde – mellom anna inntil «den legale statusen» til bygg «tilhøyrande utlendingar er endeleg avklart», heiter det i TEK-rapporten.
Under pandemien har Tyrkia i lengre periodar hatt full stenging av samfunnet laurdagar og søndagar og hatt delvis opning på dagtid i vekedagane, som no sidan november. Både moskear og kyrkjer er ramma. Men kyrkjene som har søndag som gudstenestedag, er blitt ramma hardare enn moskeane som – innanfor reglane for smittevernet – har kunna avvikla fredagsbøna. Dette ser TEK på som diskriminering.
Det er god grunn til å uroa seg for situasjonen for den kristne minoriteten i eit meir og meir autoritært, ultranasjonalistisk og islamisert Tyrkia. Utanriksminister Ine Eriksen Søreide bør tala tydeleg i møte med kollegaen i Ankara.