Dei er far og son – likevel kallar dei kvarandre venner
– Forholdet ein son har til sin far er kanskje den viktigaste relasjonen han har, seier Joar Helgaas (20).
Ein ny rapport frå UngData seier dei fleste tenåringar i dag har eit tillitsfullt og nært forhold til foreldra.
Likevel meiner Joar og Einar Helgaas (48) dei har ein unik relasjon.
Jesus hadde også eit spesielt forhold til sin Far, det kan vi lese om i det som er preiketeksten til Den norske kyrkja kommande søndag.
Vintre og kjærleik
Rett før vårt avsnitt talar Jesus i ei likning og samanliknar seg sjølv med eit vintre, Faderen med ein vinbonde og disiplane med vingreinene.
Difor kan ein lese vår tekst som ei utlegging av denne likninga.
Jesus seier med andre ord at kjærleiksforholdet mellom Faderen, Jesus og oss er som forholdet mellom vinbonden, vintreet og vingreinene.
Far og son
Dagen møter Einar og Joar på Lagshuset i Bergen.
Dei beskriv relasjonen deira som spesiell og meiner dei har brukt uvanleg mykje tid i lag.
Det har også vore nøkkelen til det gode forholdet, seier Einar.
Dei har både stått i kristen teneste saman, men også gjort mykje fysisk arbeid i lag, noko Einar meiner er spesielt viktig når menn skal bli kjent med kvarandre.
Joar har også engasjert seg på arbeidsplassen til faren, Laget NKSS, der Einar jobbar som leiar for Reigon Vest.
Rett etter Dagen møtte dei, gjekk turen til Danielsen vidaregåande skule der dei skulle bidra saman på eit lagsmøte.
– At vi har stått så tett i teneste saman gjer at eg opplever liva våre som vovne inn i kvarandre, seier Einar.
Det har han særleg reflektert over etter sonen flytta ut.
– Både trua vår og det at vi har gjort av fysisk arbeid saman har vore viktig.
Arbeidsgjevar
Den nære relasjonen har likevel ikkje vore knirkefri, seier Joar.
Under koronapandemien sette dei til dømes i gong med eit prosjekt.
Dei skulle bytte ut golvet på Lagshuset.
– Det var eit punkt der Einar blei for mykje arbeidsgjevar og for lite pappa, seier Joar og legg til:
– Det smitta over på relasjonen min til Gud som far – Gud blei også arbeidsgjevar. Men når eg innsåg det gjekk eg til pappa og fekk snakka ut.
Mexico
Joar, som nyleg fullførte Disipeltreningsskolen til Ungdom i Oppdrag på Hawaii, skal no til Mexico med same organisasjon.
Planen er å bli i nokre år.
Først skal han gjennom eit leiarkurs, før han skal tenestegjere for organisasjonen i landet.
Faren vil sakna han, men støttar det likevel.
– Det vi er mest redde for er at han ikkje skal vere i Guds kall, men det kan jo likevel bli mykje tårer når han skal vere vekke så lenge.
– Eg trur også det er på tide at han får ein annan arbeidsgjevar enn meg, eg trur det er sunt, seier Einar.
Venner
Einar og Joar kallar kvarandre venner, likevel trur dei aldri det vil bli som andre vennskap.
– Det vil alltid vere ein viss asymmetri, seier Einar.
Begge er einige om at ein god far-son-relasjon er viktig for eit godt liv.
– Forholdet ein son har til sin far er kanskje den viktigaste relasjonen han har. Vist den er dårleg vil den automatisk forme sjølvbilete og karakteren din, seier Joar.
Det tenker han kjem til uttrykk i søndagens tekst, der Jesus seier at han elskar disiplane, slik Faderen har elska Han.
– Vist eg ikkje kjem frå ein stad eg er elska, korleis skal eg då kunne elska nokon, spør Joar.