MISJONSHOTELL: Anna Marie Skogli Vatnamo er leiar på Misjonsheimen i Innvik, eit av dei siste misjonshotella som framleis er i full drift.
Kari Fure
Dei samla inn til bedehus, men kjøpte eit hotell
Ho hadde aldri drøymt om å jobbe på hotell, men vart kalla til å leie Misjonsheimen i Innvik. No leitar dei etter nokon med kall til å overta.
Innvik var ei bygd utan bedehus. I mange år samla misjonsfolket inn pengar, så dei kunne få reist sitt eige bygg.
To driftige misjonsdamer ville det annleis. Med vestnorsk gründerånd i ryggmargen kasta dei auga sine på eit pensjonat som hadde gått konkurs.
Prestekona Gunvor Skaaheim og sambygdingen Oddny Skarstein såg potensialet. Pensjonatet kunne både bli samlingsplass for kristenfolket og gi kjærkomne inntekter. Innvik mangla nemleg ikkje berre bedehus. Dei hadde heller ikkje hotell til turistar og forretningsfolk som vitja fabrikkane i bygda.