TOLMODETS LEKSE: Ragnhild og Nils Ove Støbakk har venta lenge på å få barn.
Alice Tegle
«Det er ikkje noko å vente på. Tida går», sa folk til Ragnhild og Nils Ove fordi dei ikkje hadde barn
Advent markerer førebuing til det vesle barnet. Nils Ove og Ragnhild førebudde seg i fem år før barnet deira kom.
Tida har komme når vi gjer oss klar til å ta imot han som kjem til oss i jula.
Adventstida markerer også starten på det nye kyrkjeåret og ber med seg håpet om at Jesus ein gong skal vende tilbake.
Allereie på 400-talet byrja kyrkja å oppfordra medlemmane sine til å faste og gjere bot frå midten av november og fram til jul. Mot slutten av 500-talet hadde skikken spreidd seg over heile Europa, ifølgje historie.net.