MØTEPUNKT B: Vegard Tennebø er pastor i Møtepunkt B på Sandane og leiar for Normisjons arbeid i Noreg.
Kari Fure
– Eit fellesskap må vere felles skapt
Han hadde draumejobben som prest i Oslo. Så flytte han heim for å bygge eit nytt fellesskap. Undervegs har Vegard Tennebø lært eitt og anna som er nyttig når han skal leie Normisjons arbeid i Noreg.
– Eg har lært at ting tek tid, seier Vegard Tennebø.
Han opnar døra til menigheitslokalet. Inne er det høgt under taket, kakkelovn i hjørnet og altertavle med motiv frå Gloppefjorden.
Møtepunkt B er namnet på menigheita. «B» står blant anna for bedehus. Dei har skapt nytt liv i Normisjons gamle, vakre bedehus på Sandane i Nordfjord. Annan kvar søndag kjem eit hundretals personar på gudsteneste. Mange av dei er småbarnsforeldre.