Her fekk barna frå vekkinga møte ein levande Jesus
For Rolf Stave og dei andre som vart frelst under vekkinga på Stad, blei det livsviktig å ha ein stad å sende barna på leir. No er det oldebarna som får reise og kjenne at Jesus lever.
Sommaren 1972: Dei er bønder og fiskarar frå bygdene på Stad. I løpet av vinteren er dei blitt frelst, den eine etter den andre.
Dei har kjempa i syndenaud og jubla over frelsa. No kjenner dei eit kall til å gje det vidare. Dei vil at barna skal møte Jesus. Og dei treng ein plass der dei unge kan bli bevarte i trua.
På Bryggja, litt lenger inn i fjorden, har bygginga av ungdomssenteret Fjordly så vidt starta året før. Denne sommaren retter fedrene frå vekkinga all si kraft mot byggeprosjektet.
Dei er unge og sterke og herleg frelst. Fleire dagar i veka fyller dei bilane sine og fer til Fjordly.
Karane gjer den timelange bilturen til ein fest med lovsong og bøn. Dei er fulle av håp, på veg for å byggje Herrens hus. Rikeleg utrusta med nistemat frå konene sine.
Kall til å bli heime
Kvinnene ser det som eit kall å ta ansvar heime, så mennene kan byggje ungdomssenter. Dei tek seg av slåtten, dyra og barna. Men det er dagar då konene kan føle at dei ber vel mykje av byrdene på heimebøen.
– Skal du inn til Fjordly no igjen? spør Anny Hoddevik ein dag.
Heimen hennar blir kalla ein misjonsstasjon i Hoddevika. Ho innlosjerer predikantar, har ungdomsgruppe og hadde ope hus under vekkjinga. Men denne dagen er ho er trøytt og lei.
– Ja, svarer ektemannen Ingolf.
– Har du gløymt at du har hus og gard?
Ingolf har ikkje gløymt. Men han og dei andre karane føler at det hastar å byggje ferdig Fjordly. Difor fyller dei bilen og køyrer avgarde.
Litt oppgitt går Anny inn i stova og set seg ende ned. Ho grip etter Bibelen og slår opp på slump. Orda frå Haggai 1,4 slår i mot henne:
«Er det då tid for dykk sjølve å bu i dykkar bordklædde hus, medan dette huset ligg i øyde?»
For henne blir det som ein direkte tiltale frå himmelen: Gud vil at Ingolf skal byggje leirstad.
Fest og basar
Kvinnene kan ikkje sleppe alt dei har i hendene og reise for å byggje ungdomssenter. Men dei kan gjere noko anna.
Dei kan gå i fotspora til tusenvis av misjonskvinner og starte foreining. Slik blir Fjordlyforeininga til. Kvar 14. dag møtest kvinner frå Ervik og nabobygdene til møte i heimane.
Og kvart år arrangerer foreninga fest og basar for heile bygda med bålbrenning og rømmegraut på jonsokafta.
Jubileum
Våren 2023: Rolf Stave frå Ervik var ein av dei som tok imot Jesus under vekkjinga på Stad. Same våren var den unge bonden med til Fjordly på dugnad.
Over 50 år seinare er Rolf på jubileumsbasar på ungdomssenteret. Han er blitt ein eldre herre med svart cap og kvit bart. Gjennom åra har han vore ein av Fjordlys mange, gode støttespelarar.
Der han sit i munter samtale med kaffikoppen i handa, kjenner han dei fleste rundt seg. Både dei som står i kø for å få kake, dei som sit i møtesalen nær gevinstbordet og dei som måtte ta til takke med sofaen i gangen, fordi lokalet er smekk fullt.
– Det er heilt fantastisk å sjå kor dei trivest her, seier han.
Fjordly vart det dei håpa, då dei bygde og bad i lyse sommarnetter, saman med folk frå andre bygder i Nordfjord: Ein stad der alle generasjonar, men spesielt barn og unge, kunne bli kjende med ein levande Jesus.
Generasjonar
Rolf Stave er omgitt av barn, barnebarn og oldebarn denne dagen. Dottera Randi Dalsbø er her saman med ektemannen Arne. Dei to er døypte i same vatnet og vaks opp i same bygda, men det var på Fjordly dei vart kjærastar.
Då dei gifte seg og stifta familie, sende dei sine eigne barn til Fjordly på leir.
Sonen, Kim Rune Dalsbø, går rundt med forkle. Han sel årar. Raskt og rutinert puttar han pengar i forklelommen og tel opp rett åretal.
Også han fann kjærasten sin på Fjordly. Dei møttest på leir i 2002 og vart kjærastar fem år seinare, då dei var 19 og 21 år gamle.
I 2009 feira dei bryllaup på ungdomssenteret.
Også slik set Fjordly spor i slekter og generasjonar.
– Det viktigaste på Fjordly er folka. Eg fekk eit nettverk av gode vener med felles tru. No kan vi sende våre eigne barn inn i det same miljøet, seier Kim Rune, som er far til fire.
Fristad
– Kom og sjå, seier kona hans, Inger Lill Dalsbø.
Ho har eit album under armen. Ei bok full av minner frå ein oppvekst på leir.
Inger Lill smiler over gjensynet med seg sjølv og venninnene som fnisande småjenter i soveposar. Ho blar vidare og finn bilete av ungdommar som har sjøslag på fjorden. Bilete av møter og peiskos. Utkledning, grilling og god stemning.
Ho fortel om unge leirleiarar som baud på seg sjølve. Som vart viktige førebilete, såg den enkelte og delte tru på måtar det gjekk an å forstå.
– Å reise på leir var livet. Fjordly var fristaden min. Her fann eg fellesskap og her fann eg trua og mannen min.
Ein sal full av historier
– Kan du peike på fleire som har ei historie å fortelje?
Styraren på Fjordly, Hildegunn Vederhus, har eigentleg ikkje tid til å svare på spørsmål. Ho er høgt og lavt på basaren. Serverer mat, leiar møte, held andakt, spelar piano og sjekkar trekningslistene.
– Alle her har ei historie, svarer Hildegunn.
– Ja, men nokon som har ei litt spesiell historie?
– Alle har spesielle historier frå Fjordly.
– Alle?
– Alle.
Fjordlyvenene
Slik kjem Dagen i prat med Anne-Marit Isene Hals, som vart blank i augene då døtrene kom heim frå leir og fortalde om peiskosen, som ho sjølv likte så godt då ho var lita.
Og gevinst-generalen Inge Byrkjeland, som har skaffa eit berg med gevinstar til jubileumsbasaren. Mykje har han fått og noko er kjøpt på sal.
Og Solbjørg Almenning Lid, som flytte heim til Nordfjord då ho vart pensjonist og fekk nye vener då ho melde seg som frivilleg på Fjordly.
Og mange andre som er så umåteleg takksame og begeistra for dette ungdomssenteret i sjøkanten i Ytre Nordfjord.
Livsglede
– Kva er forklaringa på begeistringa? Kva er det dei har funne her?
– Livsglede, svarer Jorunn Glomnes.
Ho var med frå starten.
Fjordly fekk ord på seg for å vere ein stad med rom for både latter og alvor.
– Målet vårt var at barn og unge skulle bli grunnfesta i trua. At Jesus skulle bli verkeleg for dei, fortel Jorunn.
Pølsemirakelet
Dei som reiste på leir på Fjordly, lærte å be med forventning om at Gud ville svare. Han var jo Gud, ikkje sant? Det var slikt han gjorde. Svarte, altså. For Gud har all makt, lærte dei på bibeltimane.
Difor var det mange som vart takksame, men ikkje forskrekka, då dei opplevde at Gud gjorde eit pølsemirakel på ein konfirmantleir på 1980-talet.
Kokka som hadde planlagt kjøtpølser med potetmos til 90 påmelde konfirmantar, vart litt stressa då heile 120 konfirmantar møtte opp.
Og endå meir stressa då ho såg at det mangla ein heil pølsekasse. Leverandøren hadde gitt henne for lite.
Då samla kokka, Olga Hjelle, dei unge kjøkkenhjelpene rundt pølsegryta, tok dei i hendene og bad:
«Du far, vi har eit problem. No må du velsigne pølsegryta, så det blir nok til alle.»
Så vart pølsene kutta opp og tolv bugnande fat sette inn i matsalen.
– Konfirmantane åt seg stappande mette, og det vart tre fat til overs. Nok til betasuppe til 40 pensjonistar som kom dagen etter, minnest Anny Vetrhus, som var ei av kjøkenhjelpene og blir så rørt at ho må tørke ei tåre når ho fortel.
Forhistoria
Heilt sidan krigen hadde leiarar og lekfolk i Nordfjord Indremisjonsselskap (seinare Normisjon) drøymt om ein leirstad. Leirar på skulehus rundt i bygdene samla mange deltakarar, men det var tungvint. Ein skulle hatt eit eige hus. Eit ungdomssenter.
Tiåra går. Aktuelle tomter blir vurderte og forkasta. Først i 1970 blir det bestemt at senteret skal byggjast på ein holme på Bryggja.
Men før noko kan gjerast, krev styret i indremisjonsselskapet at det må samlast inn 200.000 kroner til startkapital.
På krinskontoret på Sandane blir det trykt brosjyrar med informasjon om prosjektet. Staben legg hendene på brosjyrebunkane og ber Gud opne hjarta til folk, så dei får lyst til å gje.
Og folket gir.
– Det var ufatteleg å vere vitne til kva folk gav, seier Jorunn Glomnes, som sykla rundt i grendene i Vågsøy og delte ut brosjyrar, saman med kollegaen Joveig Tørring.
Opningsfesten
Ein regnvérsdag i juni i 1973 blir Fjordly ungdomssenter innvigd. Ute er det vått og sørpete. Men inne er det fest. Misjonsfolket sit tett som sild i tønne ved borda. Nokre står langs veggane.
Likevel blir det ikkje plass til alle. Dei siste snur i døra. Dermed går dei glipp av rømmegrauten, festtalen til Even Fougner, rektor ved indremisjonsselskapets bibelskule i Staffeldsgate i Oslo, og vitnesbyrdet til ein ung gut.
«Som den fyrste pinsedagen fekk vi røyne at Guds ånd var nær. Ein ung gut kom med ein bodskap i tunger om å gje seg til Gud med sitt liv», heiter det i omtalen av festen i boka «Nordfjord indremisjon 100 år».
Vekking i fjorden
I løpet av 1900-talet er det vekking i fleire bygder i Nordfjord. Kanskje er dette noko av forklaringa på at det sterke engasjementet for Fjordly held fram. Folk gir arbeidstimar, pengar og naturaliar.
Kvinnene leverer bakverk og syltetøy. Bønder donerer frukt, poteter, kjøt og tømmer til naust. Ein fiskebåtreiar gir eit berg med madrassar, så leirungane skal liggje godt.
Heller ikkje karane og kvinnene frå vekkjinga på Stad gløymer leirstaden dei var med å byggje. Som så mange andre går dei inn i verv og frivilleg arbeid.
Mannsmøta blir ein fest, når mannfolka frå Stad kjem med blodfersk fisk, rett frå havet.
Leiartrening på kjøkkenet
Jorunn Glomnes var utdanna førskulelærar og var ungdomsarbeidar i Nordfjord då vekkinga braut ut på Stad i 1972.
I 1974 blir ho kalla til Fjordly og stillinga som styrar.
Jorunn driv leiartrening frå første stund. Ho utfordrar dei unge til først å vere kjøkkenhjelper, seinare hjelpeleiarar og til slutt leiarar på leir.
Det blir også oppretta eit nettverk av bønegrupper som ber for alle leirane, frå barna kjem til dei reiser heim att. Når leirane er slutt, får forbedarane oppdatering om korleis det har gått.
– Fjordly-historia er eit under. Eit vitnemål om Guds kraft og korleis han arbeider gjennom ulike menneske. Vi var mange som drog lasset saman, seier Jorunn.
– Felles for oss alle, var at vi kjende oss små i oss sjølve, men vi gav det vesle vi hadde til Gud, og han brukte det.
På denne tida overtok Reidar Dalsbø frå Ervik som krinssekretær. Jorunn gir han mykje av æra for at menneske fekk blomstre på Fjordly.
– Han var ein makelaus leiar som fekk fram det beste i kvar enkelt arbeidar, fortel ho, som seinare sjølv var med og bygde opp retreatsenteret Holmely like ved.
Heilag misunning
Til det aller første ungdomstreffet i august 1973 kjem 15 år gamle Arild Berstad frå Kjølsdalen. Han er oppvaksen i ein kristen heim. Faren er krinssekretær i Den Indre Sjømannsmisjon, men vil Arild heller tøffe seg og vere som alle andre.
Det er tanken på det sosiale og dei fine jentene som dreg han på leir, ikkje bibeltimane. Men ungdomstreffet overraskar.
Musikk er Arilds store lidenskap i livet. Han har alt slite det gamle trøorgelet heime i filler. På leiren møter han dyktige musikarar og unge som lovprisar Jesus slik han aldri har opplevd før.
Han ser at dei har noko han sjølv manglar. I ettertid omtalar han det som ei heilag misunning som gneg i han heile det neste året. På veg til ungdomstreffet i 1974 har han bestemt seg. Han vil bli kristen.
– Utan Fjordly hadde livshistoria mi vore heilt annleis, seier han og forklarer:
– Her vedkjende eg trua for første gong som ungdom. Og her møtte eg leiarar som var modne, men moderne og hadde omsorg for den enkelte. Dei såg gåvene eg hadde fått og gav meg fritt spelerom til å utvikle meg som musikar, seier Arild, som til dagleg arbeider ved Hjelpemiddelsentralen i Møre og Romsdal og er musikar og korleiar på fritida.
Dagen då Fjordly fekk eit flunkande nytt elektronisk orgel levert frå Måløy musikk, står i minnet med eit gyllent skjær. Arild som då var blitt 16 år fekk spele så mykje han ville til allsang på weekendar og leirar.
– På Fjordly fekk eg også mange vener som eg gjekk på Nordfjord folkehøgskule med – og der møtte eg kona mi Solrun, fortel Arild Berstad, som miste kona i fjor haust.
Ei ekstra mor
Ein av dei som også var mykje på Fjordly, var Steinar Heggen, som i dag driv bensinstasjon og mc-verkstad på Sotra.
– Eg hadde ikkje vore kristen i dag, om det ikkje var for Fjordly og Jorunn, seier Steinar.
Han kjem frå Heggjabygda, ei lita bygd ved Hornindalsvatnet i Nordfjord.
– Det var få kristne på min alder, då eg vaks opp. Det var einsamt. Fjordly vart min andre heim.
– Og Jorunn Glomnes vart som ei ekstra mor for mange av oss. Ho var hyrden vår, seier Steinar, som også minnest ei eldre kvinne i heimbygda med takk. Han kallar henne Inga i Teigane.
Ho sponsa Steinar Heggen og søskena, så dei kunne reise på leir så ofte dei ville.
Det same gjorde Magda Årsheim, oldemor til styrar Hildegunn Vederhus, og mange andre eldre misjonsvener i fjorden, som brann for at dei unge skulle møte Jesus.
– Det eg sår no, det vil kome igjen, sa Magda, då ho betalte leirkontingenten for barnebarn og oldebarn.
Styrar
Dei gode minna sto nesten i vegen for Hildegunn Vederhus, då ho fekk tilbod om å bli styrar for to år sidan.
– Tenk å kunne få jobbe på Fjordly. Dét hadde vore fint, det, tenkte ho, då stillinga vart utlyst.
Men då Hildegunn, som er utdanna innan musikk, prosjekt og leiing, fekk tilbod om jobben, kom tvilen. Etter ein oppvekst på leir, hadde ho skyhøge forventningar til korleis styraren og Fjordly skulle vere.
– Kan eg klare dette, då? spurde ho seg sjølv.
Ho hugsar leirliv med sprø påfunn og latterkramper, kø i kiosken og brende pølser. Hugsar dramatisering av bibelhistorier og samtaler i bønehytta. Hugsar alle gongane ho sovna under peiskosen, som var fast punkt på programmet for å roe ned leirungane før leggetid.
Og ho hugsar korleis det var å ikkje tru.
Stemma
Ved inngangen til tenåra byrjar Hildegunn å stille spørsmål. Trass i alle åra på søndagsskule og leir, klarer ho ikkje å tru at Jesus faktisk lever i dag.
Ho kan heller ikkje tru at ho er snill nok til å vere kristen, når ho samanliknar seg med leirleiarane som er så ubegripeleg milde og snille.
Hildegunn er 13 år gammal då ho sit på eit møte og høyrer ei tydeleg stemme.
«Skal det bli meg og deg?» spør stemma.
– Det var rart. Automatisk visste eg inni meg at stemma var Jesus si. Jesus lever og snakka til meg, seier ho.
Snill nok?
Hildegunn kjenner at ho må vere åleine og går ut. Dessutan har ho eit par spørsmål ho vil stille Jesus, før ho bestemmer seg.
Det første spørsmålet gjeld kle. Ho synest enkelte kristne kler seg så traust.
– Må eg gå i faldeskjørt og bluse no? spør ho, og blir letta då ho opplever at Jesus seier at han ikkje har slike krav.
Det neste spørsmålet er verre. Ho kjenner seg ikkje snill nok til å bli kristen, og det gjer henne så trist.
– Må eg bli like snill som Kari Rygg? spør ho.
Kari, som er ungdomssekretær i Indremisjonsselskapet, er den snillaste av alle og den leiaren Hildegunn set høgast.
I staden for svar, får ho ein tanke om at det kan vere lurt å ta ein prat med nettopp Kari Rygg.
Saman går dei opp i bønehytta, der Kari med enkle ord forklarer alt dette vanskelege om synda, nåden og korset. Og om å kunne få starte med blanke ark kvar dag. Hildegunn tek imot Jesus der i bønehytta.
På vitnemøtet etterpå fortel ho at ho vil fylgje Jesus, i alle fall prøve. Ho syns ein bør lese noko frå Bibelen i ei så viktig stund og les eit tilfeldig valt bibelvers. Det er salme 91.11 «For Han skal gje sine englar befaling om å vare deg på alle dine vegar».
På bålfesten same kveld står 13-åringen på ein stein ilag med ei Fjordly-venninne og syng av full hals: «Livet er herlig, livet er bra!»
– Eg kjende meg så høg på livet og lett i kroppen. Som om eg hadde letta mange kilo. Bibelverset eg berre slo opp, har dukka opp igjen når eg har trengt det som mest. Eg trur det var Jesu sitt løfte til meg den dagen, seier ho.
Himmelsk
– Kva ønskjer du for Fjordly?
– Fjordly er bygd av menneske som er glade i Jesus, svarer styrar Hildegunn og held fram:
– Målet har alltid vore at det skal vere ein himmelsk leirplass. At dei som kjem hit skal få eit levande møte med Jesus, seier ho og meiner det er med Jesus som med folk flest:
– Ein kan ha høyrt om ein person og lese om han. Men ein kjenner han ikkje før ein har møtt han.
– Sjølv er eg uendeleg takksam for at foreldra mine let meg fare til ein leirstad der eg fekk møte rause kristne og ein levande Jesus, seier Hildegunn Vederhus.
Kraftstasjonen
Eg skal til å køyre heim frå Fjordly då eg møter gevinsgeneralen Inge Byrkjeland på parkeringsplassen. Han deler ut trøystegevinstar til barn som ikkje har vunne noko på basaren.
– Det er knallviktig at slike plassar eksisterer, så barn og unge kan ha det kjekt og meiningsfylt på leir, seier førskulelæraren Byrkjeland, som var mykje på Fjordly i sin eigen ungdom.
Han viste meg kor eg skulle setje bilen då eg kom. No vinkar han meg ut frå plassen, der bilane står tett parkert.
– I dag har du vore på den åndelege kraftstasjonen i Nordfjord, seier han og ønskjer god reise heim.