GENERASJONAR: Rolf Stave var med og bygde Fjordly, så etterkomarane skulle ha ein plass å reise på leir. Framme: Kristian, Rolf, Elisabeth og Randi. Bak: Markus, Rebekka, Inger-Lill, Kim Rune og Arne. Alle bortsett frå Rolf heiter Dalsbø til etternamn.
Kari Fure
Her fekk barna frå vekkinga møte ein levande Jesus
For Rolf Stave og dei andre som vart frelst under vekkinga på Stad, blei det livsviktig å ha ein stad å sende barna på leir. No er det oldebarna som får reise og kjenne at Jesus lever.
Sommaren 1972: Dei er bønder og fiskarar frå bygdene på Stad. I løpet av vinteren er dei blitt frelst, den eine etter den andre.
Dei har kjempa i syndenaud og jubla over frelsa. No kjenner dei eit kall til å gje det vidare. Dei vil at barna skal møte Jesus. Og dei treng ein plass der dei unge kan bli bevarte i trua.
På Bryggja, litt lenger inn i fjorden, har bygginga av ungdomssenteret Fjordly så vidt starta året før. Denne sommaren retter fedrene frå vekkinga all si kraft mot byggeprosjektet.