ISRAELVEN: Rannveig Maaland (91) fra Randaberg utanfor Stavanger.
Alice Tegle
Israelvenen Rannveig (91) startar aksjon: – Adrenalinet mitt kokar
Medan FN uroar seg for folkemord, vil Rannveig Maaland heidre minnet til falne soldatar frå Israel.
– Er du Israelven? Eg håpar det, spør Rannveig Maaland medan ho danderer dei, ifølgje ho sjølv, «farleg gode havrekjeksa» sine på eit porselensfat.
Det er ingen tid for tørrprat eller å smake på godsakene ho har sett fram. Ho går rett på sak. Israel er i fare.
– Noreg står fram som den mest israelfiendtlege staten i Europa. Det er veldig, veldig trist, seier 91-åringen frå Randaberg utanfor Stavanger.