KJELL ARILD POLLESTAD: Den tidlegare katolske pateren blei invitert til Saron Bryne for å fortelje om den nye bibelomsetjinga si.

Kjell Arild Pollestad: – Den nye bibelomsetjinga er berre for den lesande delen av folket. Dei andre har eg gitt opp

Slik gjekk det då eks-pateren delte den nye bibelomsetjinga si med bedehusfolket.

Publisert Sist oppdatert

8. februar slapp Dagen nyheita om at Kjell Arild Pollestad er ute med ny bibelomsetjing.

Same kveld møtte 170 spente bedehusfolk opp på Saron Bryne for å få ein smakebit frå den nye omsetjinga.

FULLT HUS: Arrangørane i Bedehuskirken på Saron Bryne hadde forventa rundt 50 deltakarar. Det kom 170.

Menn og erotikk

Den nye omsetjinga har eit meir poetisk og mindre kjønnspolitisk korrekt språk, ifølgje den tidlegare pateren.

– Det finst lite belegg i Bibelen for likestilling mellom kjønna. Originaltekstane speglar eit patriarkalsk mannssamfunn, seier han i foredraget.

– Det er nok dagens islam som gir eit tydelegast bilde av kjønnsrollene i Bibelen sitt kulturelle miljø, legg Pollestad til.

Frå salen haustar han anerkjennande nikk.

Vidare røpte han også døme på uvanlege ordval i nyomsetjinga. Desse skal vera nærare originalspråket.

«De to skal bli én kropp» er blitt til «mannen skal henge fast ved sin kvinne og de skal være ett kjøtt» i omsetjinga hans.

– Teksten nyttar her eit erotisk prega verb, forklarte den tidlegare pateren forsamlinga.

Pollestad meiner det er direkte misvisande å sei at par som giftar seg blir ein kropp.

– Når to går til alters er det ikkje ein kropp, men to kroppar som går ned midtgangen etter vigslinga, påpeiker han.

Humring i salen.

– Det kan verifiserast i kvart einaste bryllaup, legg Pollestad til.

Meir humring. Den tidlegare pateren har bedehusfolket si fulle og heile merksemd nå.

– Ikkje for kven som helst

Pollestad forklarer tanken bak ein bibel som seier «brør» i staden for «søsken» og eit språk som har fjerna seg frå daglegtalen.

– Det er viktig at omsetjinga speglar den hebraiske teksten, seier han.

– Alt som er tvitydig i originalteksten må vera tvitydig i omsetjinga. Gjer du ein uforståeleg tekst forståeleg, går du inn på eit område som ikkje er ditt – området til dei som har skrive desse tekstane.

Ved å omsetja Bibelen ord for ord blir språket meir opphøgd og poetisk.

– Omsetjinga må vera forståeleg for den delen av folket som les bøker. Dei andre har eg gitt opp for lenge sidan, seier omsetjaren humoristisk til salen.

Spår fleire bibellesarar

Janne Kvitvær (26) var ein av salens yngste deltakarar. Ho kom for å leia lovsongen, men blei nysgjerrig på det ho høyrde.

LOT SEG ENGASJERE: Janne Kvitvær og Eyvind Time.

– Eg fekk litt lyst til å kjøpe den nye omsetjinga, seier ho.

Evyind Time stemmer i.

– Eg òg. Eg fekk i det heile tatt lyst å finne fram bibelleseplanen igjen.

Det er ikkje tilfeldig, trur initiativtakar til Pollestad-foredraget, Svein Are Fasseland, i Bedehuskirken.

– Jo fleire omsetjingar du får, jo fleire blir det som les i Bibelen, så det blir veldig spennande med ei ny omsetjing, seier han.

– Passar i eit kjønnslaust samfunn

Sjølv fekk Fasseland seg ei aha-oppleving då han høyrde om Kjell Arild Pollestad fortelje kor mannsdominert originalspråket i Bibelen er.

INITIATIVTAKAR: Svein Arne Fasseland.

– Eg trur ei slik bibelomsetjing vil vera bra for oss inn i eit kjønnslaust samfunn, seier han.

– Blir det ny offisiell bibel i Bedehuskirken nå?

– Nei, det er inga snikinnføring av ei ny omsetjing, men når vi har ein mann i byen vår som har omsett Bibelen, er det klart vi må høyre om arbeidet, seier Svein Arne Fasseland.

Powered by Labrador CMS