Raimel (27) tenestegjorde i det israelske forsvaret: – Utfordrande å snakke om Jesus
Under tida i militæret opplevde han at fleire av dei jødisk-messianske vennene hans forlét trua.
Kvart år blir tusenvis av unge israelarar innlema i landets militære styrkar, der de unge vernepliktige risikerer å hamne i krig.
Ein av dei er jødisk-messianske Ramiel Mazin (27) som avla tre år i forsvarsstyrkane i slutten av tenåra.
Der opplevde han at trua vart sett på prøve.
Utfordrande for Jesus-truande
Den siste tida har forholda for messianske jødar tilspissa seg i Israel.
I juni blei lovsongsarrangementet «One Voice» som the Messianic Jewish Alliance of Israel stod bak, avbrote av protestar frå ortodokse jødar. Det er berre eit av fleire døme, melde avisa All Israel i byrjinga av juni.
Mazin seier dei fleste messianske jødar opplever at trua blir sett på prøve under tida deira i militæret. No er han med å leie eit prosjekt som tar tak i problemstillinga. Eit av måla er nemleg å gi dei unge vernepliktige eit godt nok grunnlag til å halde fast på trua gjennom den krevjande tida i forsvaret.
Prosjektet har fått namnet «The Eagle Project», som spelar på eit sitat frå profeten Jesaja som seier at «dei som ventar på Herren, får ny kraft, dei lyfter vengene som ørna».
Den messianske forsamlinga som står bak initiativet, Return To Zion, har no tatt med seg rundt ti messianske tenåringar til Bergen. Der har dei besøkt ulike forsamlingar, fått undervisning frå Bibelen, deltatt på lovsongskveldar og gått tur i dei norske fjella.
Ein jødisk minoritet
Dagen møter Mazin som er med å leie turen like utanfor Bergen sentrum.
Han forklarar kvifor fleire mister trua gjennom verneplikta i det israelske forsvaret.
Av dei rundt ti millionar innbyggjarane i landet, er det knappe 20.000 messianske jødar. Dei blir ofte sett ned på av den tonegivande jødiske retninga i landet, dei ortodokse jødane, som ønskjer å hindre at den messianske jødedommen breier om seg.
– Dei ortodokse jødane meiner at vi forfører folk til å tru på Jesus, hevdar han.
Trass i at dei messianske jødane ser seg sjølv som ei retning innafor jødedommen, blir dei nemleg sett på som kristne av dei fleste andre jødiske retningar.
Når ein går frå eit liv i den jødisk-messianske forsamlinga til å vere heile tre år i eit miljø der knapt nokon trur på Jesus, må ein ha eit godt grunnlag for å ikkje miste trua, meiner 27-åringen.
– Eg hadde fleire venner som forlét trua i forsvaret, seier han.
Lite rom for å snakke om Jesus
Sjølv opplevde den unge israelaren at det var krevjande å vere messiansk i militæret.
Kommandøren hans var nemleg ortodoks jøde.
– Det gjorde at det var veldig utfordrande å snakke om Jesus, seier han.
Difor snakka han berre ope med den næraste venen han fekk der inne.
– Då det kom fram at eg var Jesus-truande, sa han først at «det kan du ikkje vere». Men etter kvart blei vi veldig gode venner og snakka ope med kvarandre om tru, seier han.
Starta prosjektet
Evgeni Stankevich (38) leier prosjektet som no har tatt turen til Norge.
Han har over ti års erfaring som offiser i det israelske forsvaret. Han seier verneplikta er ein viktig del av den jødisk-messianske identiteten, trass i at det er fleire som har mista trua gjennom førstegongstenesta.
– Det set oss i kontakt med røtene våre. Heilt frå bibelsk tid har Israel måtte forsvare seg mot fiendar, seier han.
Då Stankevich var med å starte The Eagle Project tilbake i 2014, var noko av bakgrunnen at dei fleste vennene hans hadde slutta å gå i den jødisk-messianske forsamlinga etter dei var ferdige i forsvaret.
– Tre år er ei lang tid å vere vekke frå fellesskapet, og gjer at trua blir lagt under eit stort press, seier han.
Klar for verneplikt
Nyleg starta også ei rekke jødisk-messianske forsamlingar i landet eit eittårig program som skal førebu messianske tenåringar på veg inn i militæret
Ein av dei som har vore gjennom programmet, og som snart skal inn i militæret, er Liel Lutarevich.
– Eg er spent på korleis det blir i militæret, men eg håpar å kunne få nokre gode samtaler om tru, seier nittenåringen som no er i Bergen saman med The Eagle Project.
Ho forklarar at gjennom det nye programmet har ho det siste året veksla mellom å vere to veker på ein leirstad og to veker heime. Der har ho fått undervisning frå Bibelen og lært meir om identiteten sin som messiansk jøde.
– No føler eg at eg er trygg i trua og er klar for å gå inn i militæret, seier ho.