Religiøse, eldre menn er oftast frivillig. Desse er på leirstaden Holmavatn kvar veke
Jo eldre me blir, jo meir dugnadsvillige blir me – særleg menn.
– Når Gud har gitt oss så god helse kan me godt spandera ein dag i veka på Holmavatn, seier Isak Haddeland.
87-åringen frå Nærbø på Jæren samlar vedkubbar, puttar dei i nett og stablar i sirlege rekker, klare til sal.
Dugnadsgjengen gjer dei alt frå å leggje fiberkablar og male til å renovere internatbygningar og lø ved. Ein slik dugnadsiver er ikkje vanleg for eldre.
Forska for å mobilisere fleire
Forskarar ved OsloMet storbyuniversitetet har nemleg funne ut at berre 60 prosent av norske eldre deltek i frivillige arbeid, og dei fleste gjer det berre sporadisk.
– Vi var overraska over at det ikkje er fleire som engasjerer seg meir. Me synest det var rart, seier Marja Aartsen,
Ho er er ein av forfattarane bak studia «Understanding volunteering intensity in older volunteers» som nyleg blei publisert i det prestisjetunge engelske unviersitetsforlaget Cambridge University Press.
Kva kjenneteiknar eldre som er med i frivillig arbeid, kva motiverer dei og kva hindrar eldre som ikkje er frivillige? Dette har forskarane nå funne ut.
Desse er oftast frivillige
Å vera religiøs aukar sjansen for dugnad med 47 prosent, både i og utanfor religiøse samanhengar.
Dette fant forskarane ut ved å spørje respondentane korleis dei identifiserer seg med dette fråsegna: «Det er viktig å hjelpe og bry seg om andre».
Respondentane kunne velje mellom ulike grader av å vera heile einige eller heilt ueinige.
Artikkelforfattar Marja Aartsen forklarer:
– Frivillig arbeid passar personar som synest det er viktig å gjera noko godt for andre, sjølv om dei ikkje får betalt. Religiøse menneske har gjerne slike ideal, seier OsloMet-forskaren til Dagen.
Også internasjonale studiar frå 2003, 2008 og 2015 har vist at religiøse er oftare frivillige.
Jo eldre du er, jo meir aktiv er du som frivillig, fann forskarane i den ferska studien.
Er du gift og har mange barn går derimot dugnadsiveren ned. Det same gjeld viss du er kvinne. Sannsynet for å delta i frivillig arbeid som eldre nemleg 17, 5 prosent høgare om du er mann – i alle fall dei som var med i undersøkinga.
På leirstaden Holmavatn er det kanskje motsett.
– Damene lager mat og held det reint og ryddig. Dei engasjerer seg i misjonsforeiningar og lagar basarar. Dei er minst like ivrige som oss, er dugnadskarane på Holmavatn einige om.
Derfor er dei frivillige
På Holmavatn er klokka er straks halv tolv og det nærmar seg lunsj.
Arbeidskarane legg frå vernesko og dress igjen utanfor og labbar inn i matsalen på ullsokkar.
På dugnadsmenyen står som regel restar frå helgas arrangement. I dag er det pizza og vaflar med heimelaga syltetøy.
– Den mykje omtalte maten på Holmavatn er viktig for dugnadsviljen, spøker Abraham Aarsland (65).
Dei fleste frivillige i den ferske studien rapporterte at dei gjer det fordi frivillige aktivitetar er interessante, gir moglegheiter for å vera sosiale, bruke kompetansen deira og bidra til noko verdifullt.
32 prosent av drivne av plikt. Det gjeld ikkje dugnadsgjengen på Holmavatn, ifølgje dei sjølv.
– Me arbeider her av takksemd. Heldigvis er det ikkje pensjonsalder i Guds rike, seier dugnadsansvarleg Andreas Løge (73).
Han legg til:
– Nokon må gjera arbeidet for å halde plassen ved like. Her er mange med lang erfaring, som kjem til nytte på ulike vis.
Motivert av misjon
– Fleire i dugnadsgjengen hadde kontorjobb i det yrkesaktive livet. Då er det svært godt å ha noko praktisk som pensjonist, seier Haddeland.
Den viktigaste motivasjonen er likevel misjon, ifølgje pensjonistane.
– Me har syn for saka, poengterer Jørn Sirevåg (67).
Den nypensjonerte banksjefen slutta seg til dugnadsgjengen i haust.
På 80-talet var han med i økonomikomiteen då misjonssenteret blei bygd. Denne måndagen legg han fliser i trappa. I desember skal han vera leiar for juleverkstad-leir.
Forskar Marja Aartsen, har følgjande råd til organisasjonar som ønsker seg fleire frivillige som dugnadsgjengen på Holmavatn:
– Folk må føle seg respekterte og nyttige, viss dei skal involvere seg. Då må det vera samsvar mellom den enkelte sin kompetanse og oppgåvene som skal gjerast.
Usikre på framtida
På Holmavatn har ingen har planar om å gi seg med frivillig arbeid, sjølv om dei har vore med sidan 80-talet.
– Har de nokon til å overta arbeidet når de blir for gamle?
– Ja, nå har me jo fått inn ungdommen med Abraham og Jørn. Dei er våre læregutar, seier Løge lattermildt.
Han viser til dugnadskameratane på 65 og 67 år.
– Vil framtidas eldre vera like ivrige frivillige som de har vore gjennom livet?
– Eg er redd for at unge ikkje er like flinke på dugnad. Eg trur det er tidsanda, seier ein tankefull Sirevåg.
Isak Haddeland er ikkje einig.
– Det du seier nå har dei sagt i mange generasjonar, påpeiker 87-åringen.
Også Andreas Løge tek unge kristne i forsvar.
– Måten foreldre i dag følgjer opp barna på så mange ulike måtar i skule, bedehus og idrett vil føre med seg mykje godt. Eg trur det er håp for den frivillige innsatsen.
Så er lunsjen er over. Ute ventar veden og inne ventar fliser som skal leggjast på ny. Snart er alt klart til nok ein sesong med adventsleirar på Holmavatn ungdoms- og misjonssenter.