DUGNAD: Torfinn Harboe (82), Per Haugland (80), Isak Haddeland (87), Andreas Løge (73) og Abraham Aarsland (65) deltek på dugnad for leirstaden Holmavatn kvar måndag.
Alice Tegle
Religiøse, eldre menn er oftast frivillig. Desse er på leirstaden Holmavatn kvar veke
Jo eldre me blir, jo meir dugnadsvillige blir me – særleg menn.
– Når Gud har gitt oss så god helse kan me godt spandera ein dag i veka på Holmavatn, seier Isak Haddeland.
87-åringen frå Nærbø på Jæren samlar vedkubbar, puttar dei i nett og stablar i sirlege rekker, klare til sal.
Dugnadsgjengen gjer dei alt frå å leggje fiberkablar og male til å renovere internatbygningar og lø ved. Ein slik dugnadsiver er ikkje vanleg for eldre.