LENGTA: Silje Sandanger snakka med den biologiske mora si for første gong då ho var åtte år.

Silje lengta etter sin ukjende far. 38 år gammal fann ho han

– Det er sjukt einsamt å ikkje kjenne sitt biologiske opphav, meiner Silje Sandanger (39).

Publisert

39-åringen frå Nærbø på Jæren har tre fedrar: Gud, adoptivfaren og den biologiske faren.

– Eg har alltid vore ein pappadalt, fortel Silje Sandanger (39).

Farsdagshistoria hennar handlar om sorg og sakn, men også om det uløyselege bandet mellom ei dottar og den biologiske faren, som ingen visste kven var. Ikkje ein gong han sjølv.

Derfor feirer vi farsdag

Andre søndag i november feirar familiar over heile Noreg farsdagen.

Heilt sidan mellomalderen har katolske land feira far på St. Josefs dag 19. mars.

I USA begynte ikkje-katolikkar først å feire dagen på starten av 1900-talet. Då bad Sonora Smart Dodd, dottera av ein åleinefar til seks, pastoren sin om å arrangere ein festdag for fedrane, lik den mødrer hadde.

Sidan blei dagen gradvis innført i Statane, og i Noreg blei farsdagen innført i 1949.

Kilde: Snl.no

Kontakta lokal Tore på Sporet

Etter fleire år med forgjeves leiting etter den biologiske faren, fekk Silje Sandanger tips om å kontakte Jærens eigen Tore på Sporet, slektsgranskaren Jarluf Lomeland.

1. desember i fjor gav ho han profilen sin i gentestselskapet, FamilyTreeDNA.

«Eg er hundre prosent sikker på at vi finn faren din»; fastslo Lomeland.

Slektsforskaren var den første som hadde sagt noko slikt til Silje.

Det var for godt til å vere sant.

«Anten er han berre full av seg sjølv, eller så har er han seriøse evner», tenkte ho.

Det siste viste seg å stemme.

Starta detektivarbeid

Frå Sandangers DNA-profil kunne slektsgranskaren sjå at ho hadde mange slektningar i Australia. Ho kjende morssida av slekta og visste dei var lokale.

Med andre ord hadde ho truleg ein far frå Australia.

Lomeland overførte DNA-profilen hennar til den store DNA-databasen MyHeritage. Her begynte dei første konturane av eit slektstre å visa seg.

SAKNA SLEKTSTRE: – EG hadde greinene og bladene, men mangla stammen og røtene i slektstreet mitt, fortel Slije Sandanger.

12. desember kom meldinga om at slektsgranskaren hadde funne Sandanger si ukjende halvsøster.

Ho var to år eldre enn henne og vaks opp i nabokommunen.

Sandanger reagerte med ei blanding av sorg og eufori. Eufori for å ha fått ei biologisk søster. Sorg over ikkje å ha kjent ho før.

– Ho var einebarn og kunne hatt ei veslesøster. Eg kunne hatt ei biologisk storesøster. Og ein far.

På profilen til halvsøstera stod namnet på han som er far deira: Ronald Fisher.

Halvsøstera kunne stadfeste at han var australiar.

18. desember sette Sandanger og Lomeland seg inn i bilen og køyrde til dei fann heimen til mannen som hadde gitt henne livet, ein seinsommardag for 38 år sidan.

År 1983: Eit oljebarn blir til

Kimen til historia om Silje Sandanger og faren starta på eit pub i Skottland allereie i 1975. Her snappar den australske skipskokken, Ronald Fisher, opp rykta om Stavanger som hadde arbeid og oljepengar i overflod.

Skipskokken mønstra av båten han var på og freista lukka i den norske oljehovudstaden.

Ein seinsommardag åtte år seinare trefte han ho som skulle komme til å føde dottera hans, Silje.

NØGD: Silje Sandanger, lukkeleg uvitande om kva framtida ville bringe av lengslar.

Det blei ikkje noko familieliv på dei tre.

Fisher visste ingenting om graviditeten, og vesle Silje hadde knapt sett dagens lys før ho blei plassert i fosterheim.

Eitt år seinare var adopsjonspapira signert.

Det skulle gå 38 år før far, mor og dotter fekk møte kvarandre for første gong på likt, alle tre.

Passa ikkje inn

I mellomtida har Sandanger slite med å finne sin plass i adoptivfamilien og lokalsamfunnet på Jæren.

– Eg har alltid kjent meg som ein påfugl blant alle sporvane – ikkje fordi eg var så flott, men fordi eg gjorde så mykje utav meg, tok så mykje plass.

I oppveksten dreiv ho med kor og handball.

AKTIV: Silje Sandanger.

Seinare blei det lovsongsarbeid, konsertar og soloalbum. I 2006 tok ho artistnamnet «Someone´s daughter», som delvis skulle spegle at ho var Guds barn og delvis dottera til han ho ikkje visste kven var.

Frå scenen har ho heile tida vore open om lengselen etter opphavet.

– Musikken er eit middel for å røykje ut den ukjende faren min, har ho tidlegare uttalt, ifølgje Stavanger Aftenblad.

Leita forgjeves

Tapet av dei biologiske foreldra hennar kallar Silje «det første såret»:

– Mange trur at viss ein stappar nok omsorg ned i det første såret, så finst det ikkje lenger. Det er løgn, seier ho.

Saknet og den forgjeves leitinga blei ei stor psykisk påkjenning.

For tre år sidan opplevde ho at Gud sette ein stoppar for søket.

– Det var som han sa «nå har du leita nok. La meg ta meg av resten».

Utmatta og tom for håp gav ho opp å finne far og fokuserte i staden fullt og heilt på mennene ho allereie hadde i familien: Adoptivfaren som var ein god morfar for ungane hennar og «verdas beste» ektemann som alltid var der for henne og barna.

FAMILIELIV: Idar og Silje Sandanger med to av barna: Even (2) og Robin (10 mnd.).

Sandanger fann lindring i å stifte eigen familie, men lækja blei ho ikkje. Ikkje før ho snakka med den bortkomne faren sin for første gong, 19. desember 2022.

Det første samtalen med far

På telefon fekk ho høyre heile sin biologiske familie på juleselskap i Australia: tanter, onklar og seks kusiner, alle nysgjerrige på den ukjende slektningen i Noreg.

– Det var uverkeleg, seier Sandanger med ettertrykk.

– Samtidig var det så sjølvsagt.

Far, Ronald Fisher, reagerte med spontan glede:

«Eg er overvelda. Heilt satt ut», sa han.

«Korleis fann du meg? Er du sikker på dette? Vi må treffast med ein gong eg kjem tilbake til Noreg», heldt han fram.

14. april henta Sandanger far sin på flyplassen, to dagar før barnevelsigninga til hennar yngstefødde, som har fått namnet Robin, etter morfar Ronald.

Møttest på barnevelsigning

I kjellaren på bedehuset like før Robin fekk si velsigning, fekk Silje Sandanger tatt sitt livs første familiebilde med ho i midten, berande på Robin, flankert av begge sine biologiske foreldre.

– Eg visste det kanskje ville bli den einaste sjansen til å få eit bilde av oss saman. Kjernefamilien min, seier Silje og smiler.

Mora hadde ho snakka med for første gong då ho var åtte. Faren 30 år seinare.

I ettertid har ho fått god tid til å bli kjent med faren, ein australsk hippie, som lever ungkarslivet og står langt frå henne både politisk og religiøst, ifølgje Silje.

DADDYO: Silje Sandangers biologiske far, går under namnet «daddyo»

Men dei har dei same tynne leggane, entertainer-genet og den kjappe replikken.

– Det er «kjempemorosamt», for me har den same skarpe humoren, som eg ikkje har hatt med nokon andre. Han kom seglande inn i livet med skikkeleg australsk humor.

Sandanger smiler for seg sjølv.

– Heile mannen er ein stor fest.

– Har du funne fred nå som du har landa i eige jordsmonn?

– Ja, ja, ja. Tusen hakk, fastslår fembarnsmora.

– Adoptivmora sa det same til meg: du er så mykje rolegare. Eg har landa liksom. Landa i jordsmonnet eg høyrer til i, seier Silje.

Likevel kjenner fembarnsmora på vonbrot over at dei ikkje kan bli den kjernefamilien ho drøymde om. Og lette over at røynda ikkje var verre enn ho faktisk var.

– Eg har empati og omsorg for dei biologiske foreldra mine som eg kallar mamsen og daddyo. Sjølv om me ikkje er ein vanleg familie, vil dei alltid vere mor og far, seier ho.

– Eit sakn for veldig mange

Slektsgranskar, Jarluf Lomeland kan stadfeste at Silje Sandanger ikkje er åleine om å lengte etter å finne sitt biologiske opphav.

– Veldig mange ønskjer å vite kven far eller mor deira er. Det er eit stort sakn å ikkje vite, seier han.

Før Lomeland fann Sandanger sin far, har han funne faren til to andre og farfaren til ei. I skrivande stund er han i gang med å grave fram faren til ei fjerde.

– Det er ei spenning og glede over å finne svara andre har lengta etter å få. Det er sant som det er sagt at største gleda ein kan ha, er å gjera andre glad, seier han.

Avsnitt frå konserten

10. november 2023: Silje Sandanger skal ha konsert på den lokale baren, Bekkis, på bryne. I publikum sit ektemannen, Idar, slektsgranskar Jarluf Lomeland og sjølvaste Daddyo.

SAMAN PÅ KONSERT: Silje Sandanger med tre viktige menn i livet hennar: f.v.: ektemannen Idar Sandanger, slektsgranskar Jarluf Lomeland og den biologiske faren, Ronald Fisher.

Medan Silje Sandanger syng og deler frå livet sitt, er det knapt eit tørt auge i salen.

Daddyo sit stødig som ei klippe og filmar dottera syngje heile kvelden.

DOKUMENTERER ALT: Ronald Fisher.

Når konserten er ferdig, gir Sandanger han ein lang klem. Ho lukkar auga og smiler trygt i daddyo sin famn. Sjølv om farsdagshistoria hennar handlar om sorg og sakn, kan ho endå få ein lukkeleg slutt.

FAR OG DOTTER: Ronald Fisher og Silje Sandanger.
Powered by Labrador CMS