ETTERTANKE: Sokneprest Benjamin Bjørnsen Anda synest det er trygt å tenkje på at så mange har forkynt før han i dette kyrkjerommet.

Sokneprest (28) i ei av landets eldste kyrkjer opplever at Gud grip inn i dag

Gjennom skiftande tider har menneske i Giske kyrkje høyrt om Jesus som gjorde folk friske. Korleis påverkar det ein sokneprest på 28 år?

Publisert Sist oppdatert

«Eg er alltid glad for å få vist fram smykket vårt!» skriv sokneprest Benjamin Bjørnsen Anda (28) i ein sms. Avtalen vert å gjennomføre intervjuet i Giske kyrkje.

Det er historisk sus over den vesle, flate øya som ligg rett over fjorden for Ålesund. Ikkje minst gjeld det den kvite steinkyrkja frå rundt år 1130, som dermed er den eldste i Møre bispedømme.

Ho var over 200 år gammal då svartedauden råka, over 400 år på reformasjonstida og nesten 700 år då Grunnlova vart skriven på Eidsvoll.

KYRKJELEG: Benjamin Bjørnsen Anda har sans for liturgi og legg stor vekt på sakramenta, men han trivst også med å gå på bedehusmøte.

Utan lys og varme

Denne dagen er det også ein annan sus: Ein hissig vind frå sørvest luggar i dei raude taksteinane og plystrar i vindauga og ventilane.

– Eg har fått sett på litt varme, fortel Anda idet han opnar den massive tredøra og skrur på lyset i det intime kyrkjerommet.

I det meste av historia har det verken vore elektrisk lys eller varme her inne.

På veggen mot aust heng tre trefigurar som eigentleg var frå 1200-1300-talet. Gjennom hundreåra hadde dei mist nokre deler. Dei vart erstatta av nøyaktige kopiar på 1980-talet.

Dei førestiller Jesus på krossen med Maria mor hans på eine sida og apostelen Johannes på den andre.

[object Object]

Ein vernande, brunaktig duk ligg over alteret og den kvite altarduken, men presten tek han bort og tenner levande lys.

– Korleis er det for deg å forkynne i eit rom der det har vore gjort i snart 900 år?

– Det er nesten ei ærefrykt i det, seier soknepresten som eigentleg kjem frå Jæren og er van med blest.

Bruset i greinene rundt kyrkja er såleis ein gjenkjenneleg lyd.

– Eg får stå i ein kontinuitet. Det er det same evangeliet som skal forkynnast. Det gir ein slags tryggleik. Eg står ikkje åleine. Evangeliet går sin gang gjennom historia, seier presten som har teke plass på ein stol framme ved altarringen.

Ikkje kyrkjeleg bakgrunn

TETT PÅ FOLK: Benjamin Bjørnsen Anda ønskjer å vere ein prest som lever tett på folket som tilhøyrer kyrkja i Giske kommune.

Hit har menneske funne vegen for å la borna sine døype, ta imot nattverden og høyre bibeltekstane bli lesne og utlagde gjennom generasjonar.

Det er berre plass til 130 personar i kyrkja, men no for tida er det berre ved store høve som konfirmasjon at ho er for lita.

– Eg skulle gjerne sett at endå fleire kom hit, seier soknepresten.

Men han understrekar at han set stor pris på både mindretalet som kjem ofte til gudsteneste og elles på den svært gode oppslutnaden om dåp og konfirmasjon i Giske kommune.

Sjølv vaks han ikkje opp i ein kyrkjeaktiv familie, men er blitt glad i både høgkyrkjeleg og lågkyrkjeleg kristenliv. Han ber tidebøn, men går også gjerne på bedehusmøte når det passar.

Pakkar opp julegåva

Komande søndag skal soknepresten gå på preikestolen for å leggje ut teksten om Jesus som på sabbaten lækjer ei kvinne som har vore sjuk i 18 år.

– Eg vil halde fast på at vi skal be for sjuke og trur at Gud lækjer også i dag, men eg ser ikkje nødvendigvis dette som hovudpoenget med teksten, seier han.

Kyrkjeåret er no kome til openberringstida. Då er merksemda særleg vend mot kven Jesus er og korleis han viser dette.

Søndagens tekst

En sabbat underviste han i en av synagogene. Der var det en kvinne som hadde vært plaget av en sykdomsånd i atten år. Hun var helt krumbøyd og kunne ikke rette seg opp. Da Jesus fikk se henne, kalte han henne til seg og sa: «Kvinne, du er løst fra sykdommen din.» Han la hendene på henne, og straks rettet hun seg opp og lovpriste Gud.

Men synagogeforstanderen ble forarget fordi Jesus helbredet på sabbaten, og han sa til forsamlingen: «Det er seks dager til å arbeide på. Da kan dere komme og la dere helbrede, men ikke på sabbaten.» «Hyklere», svarte Herren, «løser ikke hver eneste en av dere oksen eller eselet fra båsen også på sabbaten og leier dem ut så de får drikke? Men her er en Abrahams datter som Satan har holdt bundet i hele atten år. Skulle ikke hun bli løst fra denne lenken på en sabbat?» Da han sa dette, måtte de skamme seg, alle motstanderne hans. Men alle som var samlet, gledet seg over alt det underfulle han gjorde.

Luk 13,10-17

– Eg tenkjer vi i denne tida «pakkar opp julegåva», seier Anda.

Han meiner teksten denne søndagen viser Guds omsorg.

– Den stikk djupare enn reglane. Hovudbodskapen er at Guds omsorg stikk så djupt at han, så å seie, bryt sitt eige bod: Jesus lækjer på sabbaten. Samstundes viser han at sabbaten er gitt oss som ein fridom. Mennesket er ikkje til for kviledagen, men omvendt, påpeikar han.

Lengt etter det fullkomne

– Korleis forstår du det når Jesus seier at kvinna har vore bunden av Satan?

– Ofte har vi vore opptekne av å ikkje knytte sjukdom til Satan. Samstundes er ikkje sjukdom av det gode, seier soknepresten.

Han ser det Jesus gjer, som eit frampeik mot korleis himmelrike skal bli når det kjem for fullt.

– Der skal Satan og det vonde ikkje finnast. Skrik, pine og sjukdom - alt dette skal vere borte. Noko nytt er kome til som berre er godt.

Eit større problem

HISTORISK: Giske kyrkje er den eldste kyrkja i Møre bispedømme og ligg på ei lita øy med mykje historie.

Han meiner sjukdom likevel ikkje er det djupaste problemet i teksten.

– Det Jesus gjer, peikar på ein djupare lækjedom frå synd. Han set oss fri og vil ikkje la oss vere bundne av synda som bind oss. Synda er den store fienden - sjølv om det ikkje er populært å seie, seier Anda.

Han meiner det er avgjerande å erkjenne at synda er ein sjukdom som alle menneske er smitta av, men ikkje er i stand til å verte friske frå på eiga hand.

– Det er Jesus som lækjer oss. Vi er krokrygga og nedbøygde, men han kan rette oss opp.

Presten understrekar at det er erfaringa av dette som gir næring til lovsongen og tilbedinga i gudstenesta.

Sterke gudserfaringar

Sjølv om han berre har vore prest i litt over to år, har Anda fått oppleve at menneske har møtt Jesus på ein personleg måte.

– Folk kan ta kontakt for samtalar og bøn og ha ganske sterke møte med Gud. Somme er blitt løyste frå noko sjølv om det ikkje er sjukdom. Gud verkar i dag. Han kan også bruke ein udugeleg sokneprest i Giske, seier han med eit smil.

Vaktar seg for forenkling

– Synest du som predikant det er vanskeleg å gå inn i bibeltekstar som folk kan slite med å forstå eller akseptere?

– Då er eg glad for at vi har tekstrekkene i kyrkja. Det gjer at eg ikkje kjem meg unna. Vi skal forkynne heile Guds råd. Bibelen er Guds ord, og då må eg ta det på alvor som forkynnar.

Presten poengterer samstundes at han vaktar seg for å gi for enkle svar på vanskelege erfaringar og spørsmål. Han prøver å tenkje at det i kyrkjebenkene kan sitje menneske som har det vanskeleg, til dømes med sjukdom.

– Eg tenkjer det er viktig å vere jordnær. Livet er ei berg og dalbane, og slik er det i truslivet også. Men kvar går vi med tvilen og uvissa? Jau, vi går til Jesus, seier han.

Nærvær i opplevd fråvær

Guds rike er ikkje kome for fullt ennå, men eg trur fullt og fast at alt ein dag skal bli nytt.

Benjamin Bjørnsen Anda Sokneprest i Giske og Vigra

For eigen del har han i vanskelege fasar erfart at Gud kan verke fråverande, men i ettertid forstår han at Gud nettopp då var spesielt nær.

– Guds rike er ikkje kome for fullt ennå, men eg trur fullt og fast at alt ein dag skal bli nytt. Det er viktig å leve med den lengten og det håpet, seier han.

Det perspektivet trur han også er noko som er ein fellesnemnar for dei som har kome til gudsteneste på Giske gjennom snart 900 år.

Powered by Labrador CMS