UROLEG: Elevrådsleiar Tiril Amelie Blychert Hansen ved Tryggheim vidaregåande skule.

Tiril sin friskule er rekordpopulær. Likevel fryktar elevane nedlegging

Tryggheim skule er under eit «veldig press», ifølgje økonomisjef.

Publisert Sist oppdatert

Som kristen synest Tiril Amalie Blychert Hansen det var utfordrande å finne nokon med felles interesser i heimbyen, Stavanger. Medelevar festa ofte i helgene. Det freista ikkje henne.

– Eg ville ikkje vere den rare personen som ikkje drakk, fortel ho.

Ei venninne anbefalte den kristne skulen Tryggheim, og Hansen lytta. Ho pakka sakene sine og flytta 46 kilometer lenger sør, inn på internatet på Tryggheim.

Ho er ikkje åleine.

Rekordstor pågang

Tryggheim har rekordhøgt elevtal på vidaregåande, ungdomsskole og venteliste på internat.

– Det er heilt fantastisk å vere her, seier Hansen, som er elevrådsleiar ved skulen.

Men den siste tida har ho, og fleire elevar med henne, vore uroleg for om internatlivet og skulekvardagen på Tryggheim kanskje snart er over. For godt.

– Me er redde, seier ho.

– Redde for at skulen vår kjem til å bli lagt ned.

Prisane aukar, tilskota minkar

Først kom pandemien som kravde kostbare omleggingar for Tryggheim. Rundt neste sving venta regjeringsskifte og endringar i friskulelova.

I regjeringa sitt forlag til statsbudsjett foreslo dei å kutte støtta til privateigde kombinerte barne- og ungdomsskular med 51,5 millionar kroner.

På tre dagar skreiv 32.000 under på eit opprop for privatskulane. Store demonstrasjonar blei arrangert over heile landet.

I november kom meldinga om at regjeringa snudde.

Kuttet for hausten 2024 blir vurdert på nytt i revidert nasjonalbudsjett til våren. Justeringa vil føre til mindre nedgang i tilskot enn tidlegare anslag på 515 millionar kroner, ifølgje VG.

Elevar og foreldre pusta letta ut, men Rogaland KrF sin gruppeleiar på fylkestinget, Anne Kristin Bruns, meiner snuoperasjonen er ein bløff.

LEIAR OPPLÆRINGSUTVALET: Anne Kristin Bruns (KrF) i Rogaland.

– Vi ser ei tydeleg ideologisk dreiing i privatskulepolitikken, seier Bruns, som også er leiar for opplæringsutvalet i i fylket.

Saman med tidlegare Tryggheim-elev, Kristin Lode, som nå er er fylkestingspolitikar for Frp, har ho invitert seg sjølv til Tryggheim.

Dei er her for å snakke ut om det «alle» lurer på nå:

Er dei vidaregåande privatskulane like hardt ramma av den nye privatskulelova som grunnskulane? Vil dei overleve dyrtida? Og i så fall korleis?

Må seie opp folk og auke skulepengane

Pandemi, dyrtid og politiske endringar har forårsaka blodraude tal på kristne privatskular.

Offentlege tilskot skal kompensere for prisveksten, men pengane får ikkje Tryggheim på konto før om to år, fordi storleiken på tilskotet er basert på driftskostnad av offentlege skuleplassar to år tilbake i tid, ifølgje økonomisjef Eivind Svensen.

– Det skapar eit veldig press på oss, seier han.

SNAKKAR UT: Elevrådsleiar Tiril Amalie Blychert Hansen, assisterande rektor Geir Karlsen, økonomileiar Eivind Svensen og fylkestingpolitikar og tidlegare tryggheimpolitikar, Kristin Lode.

Han strammar inn Tryggheims pengebruk på fire område:

  • Vedlikehald: Utset vedlikehald. Derfor aukar etterslepet.
  • Årsverk: Kuttar 1,5 årsverk i administrasjonen på Tryggheim ungdomsskule. Det blir færre vikarar, færre valfagtilbod å velje mellom.
  • Investeringar: Utset nye investeringar. Derfor aukar etterslepet.
  • Elevbetaling: Det er blitt dyrare å vera Tryggheim-elev.

Framtida er usikker.

– Det har vore ein skikkeleg kamp å få budsjettet for 2024 å gå i balanse, seier økonomisjefen.

Det finst likevel lyspunkt.

Noko har blitt betre

Regjeringa har også gjort endringar som kjem internatskular til gode. Bortebuarstipendet har auka med over 800 kroner i månaden, samanlikna med førre skuleår. Derfor kunne Tryggheim sette opp husleiga dette året med 600 kroner, utan at elevane måtte betale meir.

– Det gjer det lettare for oss å dekke kostnadane for internatdrifta, seier Svensen.

Samarbeidet med fylkeskommunale styresmakter har også vore godt over fleire år, ifølgje assisterande rektor, Geir Karlsen.

Han er likevel skeptisk til den nye privatskulelova, som flyttar makta bort frå staten og ned til kommunale og fylkeskommunale politikarar.

– Det blir veldig ustabile vilkår frå valperiode til valperiode, og privatskulane risikerer å bli ei brikke i det maktpolitiske spelet, seier Karlsen.

– Men dersom kommunen og fylkeskommunen er meir positive til privatskulane enn statlege styresmakter, vil ikkje det vippa avgjersler i privatskulane sitt favør?

– Det vil visa seg. Men me har hatt god kontakt med opplæringsutvalet, fordi me vil sikre oss den positive uttalen. Då er det mykje større sjanse for at me får ønska våre igjennom, held Karlsen fram.

– Det blir dramatisk

På det vesle møterommet sit fylkespolitikarane og nikkar ar alvorleg til det Tryggheim-leiaren seier.

Som medlemmar i oppvekstutvalet fryktar dei for kva som skjer dersom privatskulane ikkje lenger har økonomi til å drive.

– På offentleg side veks elevtalet enormt. Korleis skal det gå om dei må overta alle privatskule-elevane også? spør Lode.

Bruns svarer:

– Det blir dramatisk.

Letta, men usikker

For å komme over kneika ønskjer Tryggheim-leiarane seg ekstratilskot, til dømes ved auke i husleigetilskot eller ei statleg lånefinansiering medan dei ventar på auke i driftstilskotet. Skulebesøk frå politikarar som i utgangspunktet er meir kritiske til privatskular, hadde og vore nyttig, synes dei.

– Vil Tryggheim og andre privatskular merke noko forskjell etter dette politikarbesøket, Bruns og Lode?

– Vi kan jobbe for betre dialog på tvers av fylkeskommunen og skulane, seier Bruns.

Lode utdjupar:

– Me i fylkeskommunen er i posisjon der me kan jobbe oss opp mot statleg hald. Me tar med oss innspela vidare.

Elevrådsleiar Tiril Amalie Blychert Hansen er letta.

– Dei verkar som at dei kjempar elevane sin kamp, så eg er ganske positiv til at det kjem til å gå greitt med skulen vår, men det er litt skummelt likevel. Framtida er usikker.

Powered by Labrador CMS