ALT PÅ DUGNAD: Påskemusikalen "For en mann" trekk 800 jærbuar.
Alice Tegle
30 amatørar trekk 800 publikummarar til sjølvlaga påskemusikal
12 songar, manus og koreografi. Alt saman har dei laga sjølv. Målet er å dela påskeevangeliet med flest muleg.
– Det hender eg må konsentrera meg for ikkje å grine undervegs. Tekstane og songane er så sterke, seier Åslaug Lindland til Dagen, før premieren.
Ho er primus motor og tekstlesar i påskemusikalen «For en mann», som går av stabelen i kulturhuset på Jæren, Storstova, palmehelga.
Dagen møter Lindland og resten av gjengen i øvingslokalet på den avsidesliggjande Stokkelandsmarka i Hå kommune.