IMPULS: Rut Lervik (14) og Miriam Vindenes (15) er tilbake på Impuls for andre gong.
Alice Tegle
Rut (14) reiste åtte timar aleine for å treffe 3.000 andre kristne på Impuls
– Det er så sterkt å vere her, seier 14-åringen frå Sunnfjord.
Lyden av gjensynsglede, trillande koffertar og ulike dialektar fyller vestibylen på Imi Forum denne januarkvelden. Her innlosjerast deltakarane til Impuls som går av stabelen for 25. gong.
Forventningane er store.
– Eg gler meg til fellesskapet, lovsongen, gudsnærværet, alt, seier Miriam Vindnes (15) frå Sotra, ein av dei 2500 heldige som fekk sikra seg ein plass på Impuls, som i år blei utselt på rekordtid. Ytterlegare 500 er med som frivillige medarbeidarar.