BLIKK: Å ha auga opne er ein kjend metafor, som har eit bibelsk opphav.
Adobe Stock
Å få augo opna
Som barn sat eg mykje på bedehusbenken. Møta kunne bli i lengste laget, så det var tidsvis behov for nokå å aktivisere meg med. Eg har teikna mang ein talar medan eg saug på halsdrops.
I ettertid er det likevel lettare å hugse det som vart sunge enn det som vart sagt. Delvis handlar nok det om særtrekk ved lyrikken. Det er fyndige formuleringar, gjerne på rim, som vert repeterte mange gonger over år. Musikken vert ei ekstra hjelp til å hugse orda. Tonane talar til kjenslene og festar seg i minnet.
Skulle eg nemne éin song eg hugsar best frå barndommens bedehusmøte, må det vere «O Jesus, åpne du mitt øye». Det er ein typisk opningssong. Han set tonen, også i overført tyding, for det som har samla dei lågkyrkjelege vekkingsrørslene. Det personlege møtet med Jesus Kristus står i sentrum.