Argument for Gud

Målet med boka er «å få den troende til å tenke, og den tenkende til å tro»

Publisert Sist oppdatert

Anmeldt bok:

5 argumenter for Guds eksistens

femargumenter@hotmail.com

Hft. 62 sider

---------

Ein del av apologetikken går ut på å føra argument for Guds eksistens. Det kan føra til gudstru, men den frelsande trua kviler i evangeliet om Jesu frelsesverk.

Det er lange tradisjonar for filosofiske eller logiske gudsargument, men det er ulike oppfatningar av kva plass og funksjon slike argument skal ha i evangeliseringsarbeidet. Det synest for tida å vera ei ny interesse for denne typen apologetikk, kanskje særleg blant ein del unge.

To prosent ateistar

I vårt sekulære samfunn kan vi få inntrykk av at folk flest ikkje trur på Gud, at dei er ateistar. Global statistikk viser at to prosent er ateistar, 10 prosent er agnostikarar og 88 prosent er gudstruande på ein eller annan måte. Folk flest har til alle tider og i alle kulturar hatt ei gudstru.

Thor Haavik går gjennom fem argument, som han omtalar som avhengighets-, Big Bang-, design-, moral- og oppstandelses-argumentet. Til tider er det nokså tankekrevjande å fylgja dei kortfatta argumentasjonsrekkene og slutningane, så dette er nok ikkje ein apologetikk for alle.

Dessutan synest eg ikkje alltid argument og slutningar er så innlysande som talsmenn for denne typen apologetikk meiner. Det er nok design-argumentet, som viser det fininnstilte skaparverket, og moral-argument, som viser til oppfatninga av objektiv moral, som er enklast og kanskje sterkast logisk og filosofisk sett.

Overkommeleg

Argumentasjonen for at Jesus har stått lekamleg opp, er av ein annan karakter enn dei andre, fordi dette fører direkte inn i kristentrua, altså trua på Jesus og hans verk. Argumentasjonen her er svært sterk, og den kunne faktisk vore utvida i høve til det som her vert framført – særleg ut frå at alt med Jesus var allment kjent i samtida, inkludert av kongen.

Ei lita bok av denne typen har absolutt noko føre seg, og ho er overkommeleg, men denne argumentasjonsmåten har samstundes sine grenser. Det er ein apologetikk som må kombinerast med forkynning av Guds ord, slik at synda og frelsa vert openberra – og av det personlege vitnemålet om livet med Jesus.

Powered by Labrador CMS