Unge vener samla inn 105.000 til misjonen på to kveldar
– Unge kristne i dag er opptatt av at trua skal få konsekvensar for korleis dei lever, meiner forskar.
Det rykker diskret i danseføtene nedi benkeradene. Oppi taket dinglar juletrestjerna i takt med rytmane frå 16 instrument og seks musikarar på Kleppe bedehus.
Den andre av venegjengens totalt to julekonsertar i Oslo og Klepp er i gang.
Bak står ein venegjeng på åtte gutar og jenter tidleg i 20-åra.
Billettinntektene er deira julegåve til misjonen.
– Å gjere noko saman for å skape ei forvandling, utan å tene noko på det sjølv, – det er trusstyrkande, seier Peter Tveita (22) i bandet.
Fokuserer på bodskapen
Den raude tråden i konserten er juleevangeliet som blir lest opp mellom songane.
Omgitt av røykmaskinar, blafrande ledlys og ei krybbe fylt med lyslenker set vokalist, Sunniva Muren (22), dagens julefeiring i perspektiv.
– Jula er meir enn den stemninga me leitar etter, minner ho publikum om.
Det er ikkje mykje deltakarane får vita om misjonskonseptet som billettpengane deira går til, men laptopen ved billettsalet illustrerer kva hjarta er fylt av: fotball og Norsk luthersk misjonssamband.
Vil bety noko for andre
Venegjengen frå Vestland, Rogaland og Agder har sett seg eit hårete mål.
I løpet av to konsertkveldar skal dei samle inn 100.000 kroner til Misjonssambandet ung sitt arbeid for barn og unge, kalla ungGlobal.
På første konsertkvelden i Misjonssalen i Oslo fekk dei inn 45.000 kroner. I kveld, i Kleppe bedehus er målet ytterlege 45.000.
– Kva vil de utretta med dei pengane?
– Å bety noko for andre, seier Odd Einar Reilstad.
Han er med i bandet og ein lojal misjonsven trass den unge alderen.
– Me har sett sjølv at pengane som går til ungGlobal får ein verknad for barn og unge, seier han.
Slik blei misjonselden tend
Fleire i bandet har gått ungGlobal-linja på Bibelskolen Fjellhaug. Her budde dei i land der Misjonssambandet driv arbeid. I dag er heile gjengen på åtte aktivt engasjerte i musikkarbeidet til Misjonssalen Oslo.
Dei har hjarte for misjonen og kvarandre.
I venegjengen er det blitt to ektepar, fleire rause julegåver til misjonen og eit potensielt misjonærektepar.
– Me vil kanskje reisa ut, men det får Gud visa oss i så fall, seier Odd Martin og kona Sigrid Helene S. Reilstad.
Forskar: – Skaper fellesskap
Fjellhaug-gjengen sin historie er ikkje utypisk for unge kristne i dag, ifølgje høgskulelektor Roald Zeiffert.
Han peiker på auke i søkning til bibelskular, kristne internatskular som rapporterer om fornya andeleg engasjement og ungdomsmiljø i vekst.
– Det gjeld ikkje alle, men at ein stor andel unge har eit sterkt engasjement knytt til trua er heilt tydeleg, seier han til Dagen.
Zeiffert har forska på evangelikale kjenneteikn blant unge kristne og finn at det er viktig at trua får konsekvensar for korleis ein lever liva sine.
– Misjon er ein viktig del av dette, poengterer han.
– Er unge meir eller mindre opptekne av misjon i dag enn tidlegare generasjonar?
– Blant evangelikale kristne har det til alle tider vore viktig at trua skal få konsekvenser, som til dømes misjon.
Han er ikkje overraska over at misjonsiveren har ført konserthaldarane saman på tvers av forskjellar.
– Me ser frå andre større misjonsinnsamlingar som har pågått ein del år, som , misjonsløp og liknande at det er eit tydeleg fellesskap rundt engasjementet. Ein samlast om noko som er større enn ein sjølv.
Publikum: – førebiletleg
Det er mange unge i benkeradene på Kleppe bedehus denne kvelden. Martin Dåvøy har reist heilt frå Bergen for å få med seg julekonserten. Ole Andreas Austbø (22) var på førre julekonsert i Misjonssalen i desember. Nå er han her igjen, på Klepp.
– Det er eit sjeldan godt orkester med bibelsentrert fokus gjennom heile konserten, seier Austbø, også han tidlegare Fjellhaug-student.
– Kva tenkjer de om at unge kristne har teke initiativ til dette?
– Det er førebiletleg, held Austbø fram.
– Når ein har så mykje talent som dei har, forsvinn ofte frimotet. Men her er bodskapen tydeleg, og dei gir alle pengane til misjonsarbeid.
– Samlast om nauda
To av dei fire har vore i eittåringar i misjonen. Sjølv skal Austbø med team til med Midtausten i starten januar. Dei fortel det er mange unge som er med i misjonsarbeidet til Misjonssalen.
– Me kjem frå ulike tradisjonar og har ulike meiningar, men me har lyst å fortelja andre i Norge og heile verda om Jesus. Å vera samla om denne nauda gjer veldig mykje for fellesskapet, seier Austbø.
Veninna, Ruth Helgøy (21), er einig.
Ho har høyrt frå foreldre og besteforeldre at dei merkar fornya misjonsengasjement i hennar generasjon.
– Dei ser at fleire er engasjert i kyrkjelydsarbeid, og at det er mange unge som har lyst å reisa ut. Folk på vår alder er gira på å sjå kva pengane går til, seier Helgøy.
Kan bli fleire misjonsstunt
På Kleppe bedehus går konserten mot slutten. Vokalist Sunniva Muren takkar alle som kom og delte julemusikken med dei.
– Me avsluttar med den hendinga som endra alt og som framleis er livsforvandlande. For meg og deg. I dag, seier ho.
Når dei to konsertkveldane er over er rundt 700 billettar selde og ungGlobal 105 000 kroner rikare.
Gjengen på åtte kan ta juleferie med godt samvit, enn så lenge.
– Om det er etterspurnad gjer me det gjerne igjen, seier eldsjelene.
Dei utelukkar ikkje at det kan komme fleire misjonsstunt framover.
– Om Gud vil, understrekar Peter Tveita.