Attgifte i den kristne forsamlinga
Det er i denne situasjonen avgjerande viktig at ein held fast på det Guds ord seier om ekteskap, skilsmisse og attgifte, og ikkje let seg styra av haldningar i samfunnet og kjensler i møte med par som ønskjer nytt ekteskap, skriver Johannes Kleppa.
Skilsmisse og attgifte har vorte svært omfattande i det norske samfunnet. Det pregar også mange kristne forsamlingar. Skilsmisse og attgifte fører med seg mange utfordringar for samfunnet generelt, for den kristne forsamlinga og for familielivet. Dette dreier seg om problemstillingar som det er krevjande å gå inn i på eit teoretisk og læremessig plan, og på eit personleg og sjelesørgerisk plan.
Kristent sett har spørsmålet om skilsmisse og attgifte lenge vore eit spørsmål som det har vore usemje om. I Bedehus-Noreg har ein stort sett stått for det restriktive synet som seier nei til nytt ekteskap etter skilsmisse. I teologiske miljø har mange stått for det såkalla gamallutherske synet som opnar for attgifte for den uskyldige parten.
Dette føreset altså at skilsmissen har sin grunn i utruskap frå den eine si side, og det er den som ikkje har vore utru som då kan gifta seg oppatt. Det har vore vanleg at ein på tvers av desse to syna på attgifte, har vore samde at den som er attgift eller gift med ein fråskild, ikkje skal ha åndelege leiarposisjonar eller forkynnartenester - dette har med førebileteposisjonen i slike funksjonar å gjera.
Det har vorte sagt at vi i dei kristne forsamlingane burde hatt fleire som er attgifte. Det er korrekt, som vi burde hatt fleire som ikkje var det, fleire einslege, fleire direktørar, fleire arbeidslause, fleire med alkoholproblem og fleire av alle grupper folk. I den kristne forsamlinga skal det vera rom for alle, og alle skal få respekt og omsorg, og dei skal få tillit og oppgåver som svarar til truslivet og nådegåveutrustninga.
Det er mange grunnar til at folk skil seg, og mange gjer det i ung alder. Mange finn det - forståeleg nok - nesten umogleg å leva einsleg resten av livet, og det har vorte vanleg å akseptera attgifte omtrent uansett grunn for skilsmålet. Det skaper nye utfordringar for den kristne forsamlinga, og for bedehusforsamlingar som no også har vigselsrett.
Det er i denne situasjonen avgjerande viktig at ein held fast på det Guds ord seier om ekteskap, skilsmisse og attgifte, og ikkje let seg styra av haldningar i samfunnet og kjensler i møte med par som ønskjer nytt ekteskap. Alle skal møtast med forståing og omtanke, men det vil ikkje seia at alle skal få viljen sin. Bedehuset bør halda fast på det restriktive synet på attgifte, og fylgja det i sin vigselspraksis.
Det som problematiserer dette spørsmålet ytterlegare, er at mange innrettar seg i sambuarskap før dei gifter seg, anten det er for første gong eller ved attgifte. Også sambuande er velkomne i den kristne forsamlinga, fordi dei - som alle andre - treng høyra Guds ord til omvending og nytt liv. Alt er likevel ikkje ordna kristent sett ved at dei giftar seg. Skal dei få tillit og oppgåver i forsamlinga, krevjast det at synd er vedkjent og oppgjort, det gjeld for alle typar synd.