TESTAMENTERT: Gardbrukar August Hauge døydde tidlegare i haust.
Endre Vorren
August (92) hadde ikkje arvingar. Han etterlet seg 12 millionar til kristent ungdomssenter
Kjeldsund Ungdomssenter skal ta igjen etterslep på vedlikehald og satse på utvikling.
Lukt av pinnekjøt fyller gangen på hovudbygningen på Kjeldsund ungdomssenter i Herøy på Sunnmøre. Rim og lauv dekker graset rundt bygningane som ligg idyllisk ved sjøen. Haustsola speglar seg i den blanke vassflata.
– Vi har det første julebordet vårt i dag, seier dagleg leiar Trygve Danbolt Øygard.
Han set stikkontakta i slik at juletreet lyser.